NRK Meny
Normal

Tar betalt for SMS utan å opplysa om det

Forbrukarrådet reagerer på tvilsam praksis i drosjenæringa. Nå vil dei få ei oversikt over kor omfattande problemet er.

Taxi-SMS

Kvar gong ein bestiller Taxi hos Rogaland taxi får ein SMS-stadfesting, som kostar ei krone.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Edith Nøkling

Edith Nøkling er regionsdirektør for Forbrukarrådet i Rogaland. Ho reagerer på SMS-praksisen til Rogaland taxi.

Foto: Eirin Margrethe Fidje/NRK

Det var Haugesunds avis som gjorde Forbrukarrådet merksame Rogaland taxi sin SMS-praksis. Etter du har bestilt taxi via telefonen tikkar ei tekstmelding inn frå drosjeselskapet, denne SMSen er det du som må betala for.

– Det er berre snakk om ei krone, men juridisk sett er ikkje dette greitt. I dagens samfunn er det så mange som tilbyr SMS-tenester at me ikkje kan ha det slik at alle belastar kunden, utan å opplysa om det, seier Edith Nøkling, som er regionsdirektør for Forbrukarrådet i Rogaland.

Sidan saka er fersk i Forbrukarrådet har dei ikkje fått ei oversikt over kor vanleg praksisen er rundt om i landet, men i Rogaland er sjansen stor for at du betalte ei krone på mobilrekninga di sist gong du tinga ein drosje.

Her må du betala ei krone for SMS-stadfesting:

  • Rogaland taxi
  • Haugesund taxi
  • Karmøy taxi
  • Stavanger taxi
  • Sola taxi
  • Tananger taxi
  • Randaberg taxi
  • Ålgård taxi
  • Gjesdal taxi
  • Bryne taxi
  • Egersund taxi

Skal ta ei vurdering

Edith Nøkling si melding til Rogaland taxi er klar.

Svein Svimbil

Administrerande direktør i Rogaland taxi, Svein Svimbil, seier at dei trudde praksisen deira var grei då den blei innført for eit par år sidene.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Anten må dei ta rekninga sjølv, slik som til dømes Haugaland taxi, eller må dei spørja kvar kunde om dei ønsker SMS eller ikkje, seier ho.

Svein Svimbil er administrerande direktør i Rogaland Taxi. Han stadfestar praksisen.

– Me har heldt på med dette i eit par år, og trudde det var heilt greitt å belasta kunden inntil ei krone. Me opplyser også om det på nettsidene våre, og der står det mellom anna korleis folk kan reservera seg, seier Svimbil.

Men å opplysa om det på nettsidene er ifølgje Forbrukarrådet ikkje godt nok.

– Kva tenker de om meldinga frå Forbrukarrådet?

– Me må setja oss inn i problemstillinga, og ta ei vurdering på kva me skal gjera, seier Svimbil, og legg til at Forbrukarrådet burde gått direkte til dei med saka, framføre å ta det gjennom media.

Kan klaga

Nøkling seier at SMS-varsling er ein god service, men at det likevel er viktig å vera ryddig på kven som betalar for tenesta.

For folk som har betalt pengar for innkomande SMS, utan dei har samtykka til det finst det klagemoglegheiter.

– Du klaga til Brukarklagenemnda for elektronisk kommunikasjon, seier Nøkling.

Verken Haugaland taxi eller Norgestaxi tar betalt for tilsvarande teneste.