Hopp til innhold

– Menneskeleg svikt er truleg årsaka

Politiet trur ikkje teknikken svikta då skipet «Nordstjernen» gjekk på grunn i Karmsundet måndag kveld.

Nordstjernen på grunn

22-tida måndag kveld gjekk det tidlegare hurtigruteskipet «Nordstjernen» på grunn i Karmsundet. Det var 21 personar om bord, men ingen blei skadde.

Foto: Tor Andre Johannenssen

– Me konkluderer ikkje på nåverande tidspunkt, men me har ei god meining om at det kan skuldast menneskeleg svikt, seier Øyvind Tveit, politiførstebetjent ved Haugesund politistasjon.

Det var i 22-tida måndag kveld det tidlegare hurtigruteskipet «Nordstjernen», på veg til Bergen frå Polen, gjekk på grunn i Karmsundet. Det var 21 personar om bord, men ingen blei skadde.

Ikkje mistanke om promille

Etter ulukka blei «Nordstjernen» slept til kai i Haugesund.

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet er det hol i fleire ballasttankar, vassinntrenging i eit lasterom og strukturelle skadar på skrog og dekk.

Politiet tok i går beslag i fartsskrivaren og tok promillekontroll av mannskapet.

– Det er ingen mistanke om promille, seier Tveit.

Ventar på rapportar

– Kva skjer vidare nå?

– Me ventar mellom anna på rapportane frå Sjøfartsdirektoratet sine undersøkingar, avsluttar Tveit.

Det tidlegare hurtigruteskipet hadde sin første tur i 1956 og var det eldste skipet i ordinær hurtigrutetrafikk då det hadde sitt siste anløp i Bergen i 2012. Måndag var skipet eigentleg på veg til Bergen etter oppgraderingar i Polen.

Skal til Ølen

Planen var at skipet skulle gå til dokk i Ølen tysdag kveld, men onsdag ettermiddag låg det framleis til kai i Haugesund, ifølgje Håkon Roska i Indre Nordhordland Dampbåtlag. Dampbåtlaget står for drifta av «Nordstjernen».

– Me måtte gjera nokre stabiliseringsutrekningar, og bølgehøgda var slik at me ventar med avgangen til i dag. Det siste eg høyrde var at losen nett har kome om bord, og at skipet forlèt Haugesund i dette augneblink, seier han til NRK.no klokka 13.30.

Tysdag opplyste Sjøfartsdirektoratet at skipet skulle slepast til dokk, men det kan gå for eigen maskin, ifølgje Roska.

– Slik eg har forstått avtalen med Sjøfartsdirektoratet, skal ein slepebåt følgja skipet, seier han.

Det var dramatisk for mannskapet på «Nordstjernen» da skipet gikk på grunn utenfor Haugesund sent mandag kveld. Det er store skader i skroget, og båten taues til verksted tirsdag kveld.

VIDEO: Måndag gjekk «Nordstjernen» på grunn i Karmsundet utanfor Haugesund.