Petter Thoresen kom til Stavanger Oilers som trenar føre 2009/10-sesongen. Han er imponert over innsatsen til spelarane gjennom dei sju åra som har gått.
Sju sesongar som har ført til tre seriemeisterskap og fem cupsigrar. Eitt år tapte dei cupfinalespelet og i år står ennå dei siste kampane igjen.
– Laget viser stor karakter, seier Thoresen: Det går opp og ned i idretten vår, men til sjuande og sist er det Oilers som når finalen sju år på rad, seier suksesstrenaren, som nå skal bli landslagstrenar.
- Les også:
Trudde det skulle gå godt
Det er ein letta trenar NRK møter like etter at den sjuande og siste semifinalekampen er vunnen på heimebane i går kveld, laurdag.
Hadde Oilers tapt, så hadde det vore siste kampen i Stavanger for Thoresen.
- Les også:
– Eg var ikkje førebudd på at det skulle vera slutt i dag. Eg hadde byrja å pakke litt og slikt, men eg var ikkje klar for å flytta frå byen og laget nå, seier han.
Lørenskog ventar på tysdag
Thoresen har ofte snakka om fordelen det er å ha heimekamp først i sluttspelkampane. Som seriemeister får dei denne fordelen også i finalespelet.
– Me tok vare på heimefordelen nok ein gong i semifinalen i går, og det har me tenkt å gjera mot Lørenskog også, seier trenaren.
I går såg han laget sitt på det høgaste nivået hittil i sluttspelet. Spesielt var han godt nøgd med at laget hindra Storhamar å skåra mål i undertal.
- Les også:
Møter det beste laget til slutt
Thoresen er klar på at Lørenskog blir den vanskelegaste oppgåva på veg mot ein mogeleg finalesiger.
– Dei har gode ferdigheiter og ein breiare stall enn Storhamar. Det kan raskt gå til seks eller sju kampar. Begge laga har vunne over det andre i serien i år, seier han.