Hopp til innhold

Misnøgd med sju års ventetid for tunnel

Regjeringa har sett av 800 millionar kroner til å bygge tunnel i det rasutsette området Rødsliane i Suldal. Men pengane er ikkje klare før etter 2024, og det reagerer ordføraren i Suldal på.

Ras på RV13

Det går ennå minst sju år før denne vegen i Rødsliane i Suldal blir rassikra.

Foto: Suldalsposten

Kartskisse av den nye tunnelen i Rødsliane ved Lovrafjorden i Suldal

Rødslitunnelen skal gå i fjellet eit stykke over Lovrafjorden i Suldal. I dag går vegen delvis i tunnel og delvis i dagen.

Foto: Statens Vegvesen

– Det går stadig ras der, og som ordførar så er det første eg tenkjer på, spesielt etter regn og uvêr: Korleis gjekk det med skulebussen denne gongen? seier Gerd Helen Bø (Sp), ordførar i Suldal.

Portrettbilde med uryddig bakgrunn

Suldalsordførar, Gerd Helen Bø, Sp, er kritisk til at tunnelen gjennom det rasutsette området ikkje kjem i første NTP-periode.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

I dag var sentrale politikarar og organisasjonsfolk frå Ryfylke samla på Forus, for å diskutera framtida til Riksveg 13.

Der var også stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp) som kom med ein lekkasje frå Norsk Transportplan (NTP).

Roy Steffensen

Roy Steffensen meinte han kom med gode nyheiter til Ryfylke og riksveg 13.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Tunnelen langs Rødsliane kjem. Den står på NTP-lista etter 2024, i den andre planperioden, seier Steffensen.

Ein god dag

Roy Steffensen meinte at han kom med ei god nyheit til riksveg 13-forsamlinga i dag. Tunnelen kjem på lista over rasutsette strekningar som skal utbetrast, men den nådde ikkje høgt nok opp til å koma med i den første perioden fram til 2024.

– Dette handlar om taudraging mellom politikarar frå fleire parti og frå alle delar av landet, og då blei det andre periode før Rødsliane-tunnelen er på plass på riksveg 13, seier Steffensen.

Ras på Rv13

Spesielt ved store nedbørsmengder kjem det steinar rullande ned fjellsida ved Rødsliane på riksveg 13.

Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet

Misnøgd med lekkasjen

– Eg hadde jo håpt at dei kunne ha framskunda denne tunnelen og fått den inn i første periode. For me sender skuleungane våre i buss på denne vegen kvar vekedag, seier ordførar Bø.

Steffensen held fram at regjeringa har sett av 24 milliardar kroner dei neste 12 åra, til rassikring på vegar i Norge. Det er han godt nøgd med, men altså ikkje forsamlinga han talte til i dag.

– Då han sa Rødsliane, så tenkte eg at nå skjer det noko fort, seier Bø.

– Men så datt eg litt i hop då eg høyrde at det ikkje kom til å skje før i den siste perioden, seier ordføraren.

Ras på RV13 Suldal

Riksveg 13 er ein rasutsett veg. Her frå Suldalsvatnet, der vegen blei heilt stengt i lang tid, etter eit større ras.

Foto: Rune Stumo/Statens vegvesen