Hopp til innhold

Kan ta fleire år før rasfarleg veg blir sikra

Kommunestyret i Suldal vedtok tysdag kveld reguleringsplanen for den svært rasfarlege vegstrekninga riksveg 13 mellom Lovraeidet og Rødsliane. Men det kan ta fleire år før vegen blir sikra.

Ras på RV13

Det har gått mange ras på riskveg 13 ved Lovraeidet. Dette raset skjedde i november 2013.

Foto: Suldalsposten

Planane omfattar blant anna ein fire kilometer lang rassikringstunnel på vegstrekninga Lovraeidet – Rødsliane. Ein veg lokalsamfunnet i Suldal i lang tid har jobba for å sikra.

– Det er flaks som har gjort at det ikkje har gått liv tapt på denne strekninga, sa dåverande ordførar i Suldal, Torkel Myklebust, til NRK i januar 2013.

Den gong stod kampen om å få omtalt rasvegen i Nasjonal Transportplan (NTP).

I dag er prosjektet med i NTP. Problemet er berre at strekninga ikkje er med før i siste periode. Den strekkjer seg frå 2024 til 2029.

Gerd Helen Bø

Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Med desse planane går det altså fleire år før den rasfarlege vegen får pengar til rassikring.

– Me må arbeida intenst

– Nå må me alle arbeida intenst for å få dette fram i første perioden, altså den som strekkjer seg frå 2018–2021, seier suldalsordførar Gerd Helen Bø (Sp).

Ordføraren er også styreleiar i interesseselskapet Fjordvegen, og i neste veke skal ho besøka vestlandspolitikarar på Stortinget. Der blir den rasfarlege strekninga i Suldal tema.

– Men me er avhengige av at alle jobbar inn mot sine politiske parti, slik at det blir eit massivt trykk på å framskunda saka.

Riksveg 13 mellom Lovraeidet og Rødsliane er både arbeids- og skuleveg for mange i Suldal.

– Alle veit kor nervepirrande det kan vera å køyra på ein veg der du ikkje veit om det vil komma ras, seier Bø.

Flere ras på riksveg 13 i Suldal i vinter. Lokalsamfunnet krever de rasfarligste strekningen inn på nasjonal transportplan.

ARKIV (10.01.2013): Suldalssamfunnet har kjempa ein lang kamp for å sikra riksveg 13 ved Lovraeidet.