Hopp til innhold

Trur Ryfylkevegen blir hovudåra til Oslo

Ryfylke IKS meiner det er på tide med ei skikkeleg opprusting av riksveg 13 nå som regjeringa truleg går for E134 over Haukeli som ein av to hovudvegar mellom aust og vest.

Bergen-Oslo kart

E134 Haukelifjell blir truleg ein av to hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet. Dette krev satsing på riksveg 13, ifølge Ryfylke IKS.

Foto: Stiftelsen Aksjon Bedre Vei

– For det første må me få på plass rassikringane som er planlagde, både i Rødsliane og mellom Sand og Røldal. I tillegg er det viktig med skikkelege ferjeruter i sambandet Hjelmeland-Nesvik, seier Nils Moldøen, dagleg leiar i Ryfylke IKS.

I eit intervju med NRK måndag gjekk samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen langt i å antyda at E134 over Haukelifjell blir ein av hovudvegane som blir prioriterte mellom Aust- og Vestlandet.

Nils Moldøen, daglig leder i Ryfylke IKS

Nils Moldøen, dagleg leiar Ryfylke IKS.

Moldøen meiner dette må få konsekvensar for Ryfylkevegen mellom Tau og Røldal. Sjølv om det er mest vanleg å køyra til Oslo via Sørlandet for folk på Nord-Jæren i dag, kan dette fort endrast med å rusta opp både riksveg 13 og E134.

– Blir riksveg 13 rusta opp til ein fullverdig riksveg trur eg det blir den mest brukte vegen mellom hovudstaden og Nord-Jæren, seier Moldøen, og påpeikar at denne ruta i dag er kortast målt i avstand (sjå faktaboks).

Folk i Suldal har lenge kjempa for å rassikra riksveg 13, og vegen mellom Erfjord og Sand har fått omtale i Nasjonal Transportplan (NTP). Men Moldøen poengterer at det ennå ikkje er løyvd pengar, og at ein derfor må «halda oppe trøkket».

Når det gjeld ferjesambandet Hjelmeland – Nesvik blir det om kort tid avgjort kven som vinn anbodet for drifta av sambandet frå 1. januar 2016–2019.

Håpet til Ryfylke IKS er gjennomslag for forslaget om avgangar kvar halvtime.

– Dersom det blir gul stripe på riksveg 13 langt inn i Hordaland vil kravet om ferjefritt samband pressa seg på. Då vil det nok vera grunnlag for å legga det inn i areal- og transportplanen for Ryfylke som nå blir revidert, seier Moldøen.