Hopp til innhold

Opphevar lokale smitteverntiltak trass eksplosivt smitteutbrot blant russen

79 russ er koronasmitta. Likevel har ordførarane på Nord-Jæren bestemt seg for å gå bort frå dei strenge, lokale smitteverntiltaka.

Russefeiring på Mekjarvik

Det store smitteutbrotet blant russ i Rogaland gjekk ikkje utover gjenopninga av Nord-Jæren.

Foto: Per Thime / Randaberg24

– Me føler det er ein kontroll over smitteutbrotet. Det var ein heilskapleg vurdering, seier ordførar i Stavanger, Kari Nessa Nordtun til NRK rett etter møtet var ferdig torsdag kveld.

Fleire russ er i nærkontaktkarantene, og så langt er det ikkje registrert at smitten har spreidd seg til andre grupper. Og nettopp derfor går dei over til dei nasjonale tiltaka, som mellom anna gjer at kultur- og serveringsbransjen kan opne opp igjen.

– Var det lett å bli einige?

– Ja, men det var ein krevjande diskusjon fordi det er mange omsyn å ta. Men smittesituasjonen er betre i regionen, og utbrotet er isolert. Me må sjå bak tala. Utanom utbrotet har det berre vore ti smitta i regionen dei siste dagane, som er lite, seier Nordtun.

Men det er likevel ei avgjerd som ber preg av usikkerheit, seier ho.

– Viss det kjem ein høg del ukjent smitte framover så må me heller gjere ei ny vurdering.

79 russ smitta

Sidan 16. april har det vore ekstra strenge smitteverntiltak på Nord-Jæren og kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg.

Tysdag denne veka skulle ordførarane bestemme seg for om dei skulle lette på tiltaka, fordi det til då hadde vore ein kraftig nedgang i smittetilfelle.

Men så kom sjokkbeskjeden måndag kveld. Etter ei festhelg med dåp og «rulling» så testa seks russ positivt for korona. Så begynte fleire positive svar å renne inn. Siste tal torsdag melder om 79 smittetilfelle.

Kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik, trur òg det kjem til å kome fleire positive prøvesvar dei neste dagane, fordi inkubasjonstida ligg på mellom tre og fem dagar.

Likevel vel dei å gå over til dei nasjonale tiltaka, som vil gjelde frå fredag 7. mai kl. 00.00.

Ein deilig beskjed å få

Og for mange var det ei svært god nyheit å få på torsdagskvelden.

Restauranteigar Karl Erik Pallesen, som tidlegare denne veka var provosert på grunn av russen, fortel om full jubel etter nyheita i dag.

– Eg er så glad! Det var ein veldig deilig beskjed å få. Eg set pris på at politikarane høyrer på oss, og forstår at me er flinke på alt rundt smittevern.

Fargegata

Her har det vore stille i fleire veker. No kan folk endeleg trekkje tilbake til den kjente «Fargegata» i Stavanger.

Foto: Marie Håland / NRK

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, ser lyst på tida framover. Sjølv om det er Sandnes som har dei fleste nye smittetilfella så er det eit godt teikn at det meste er knytt til russemiljøet.

– Det er bra at det ikkje er villsmitte, og at det ikkje ser ut som det har gått ut over andre miljø. Så om denne positive tendensen held seg så ser det lyst ut, seier Wirak.

Som eit strakstiltak etter smitteutbrotet gjekk alle vidaregåande skular på Nord-Jæren over på raudt nivå. I tillegg har russen frivillig avlyst russefeiringa og «rullinga» fram til neste torsdag, og dei er i karantene og testar seg.