Hopp til innhold

Oilers lada opp til finalen med bordtennis

I morgon kan Stavanger Oilers ta sin fjerde NM-tittel på rad, dersom dei slår Storhamar i Hamar OL-amfi. I dag lada dei opp med bordtennis og restitusjon.

Torsdag kan Stavanger Oilers ta byttå heim. I dag lada dei opp med bordtennis og restitusjon.

SJÅ REPORTASJEN: Nokre av oilersspelarane bytta ut hockeykølle med bordtennisracket i dag.

Tommy Kristiansen

Tommy Kristiansen.

Foto: Ommund Sola

– Kroppen byrjar å verka. Me må ta vare på kroppen, rett og slett, for det byrjar å ta på, seier Tommy Kristiansen.

I dag har spelarane fått dagen til å kopla av etter fleire intense kampdagar.

– Dei har spelt kamp annankvar dag og reist mykje, så i dag skal dei stella kroppen sin på den måten dei vil sjølv. Dei kjenner sin eigen kropp best sjølv, og så tek me ei lita økt i morgon før me dreg til Hamar, seier trenar Petter Thoresen.

«Han slår – me må stilla opp»

I går vann dei ein høgdramatisk kamp mot Storhamar i Stavanger, og leiar 3–2 i kampar før den sjette finalekampen. Ikkje berre gjekk kampen til sudden death, men rett etter den avgjerande pucken vart sett i mål, braut det ut masseslagsmål på isen.

Storhamar-målvakt Andrew Engelage var på veg mot benken, og motsett veg kom ein Oilers-spelar for å jubla med lagkameratane. Dei støytte i kvarandre, og då starta kranglinga. På få sekund var halve Oilers-laget samla rundt Engelage, og rett etter kom resten av spelarane.

– Me feirar at me har vunne. Enkelte går kanskje litt langt framfor keeperen, men det må han tola. Han byrjar å slå, og då må me stilla opp, seier Kristiansen.

– Skal stilna «Fjøset»

Petter Thoresen

TRENAR: Petter Thoresen.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

I morgon sklir dei utpå isen i «Fjøset», som Tommy Kristiansen kallar Hamar OL-amfi.

– Det hadde vore herleg å få dei til å vera stille oppe i Fjøset, seier Tommy Kristiansen.

Men skal dei stilna den gamle OL-arenaen, har trenar Thoresen fleire ting som han seier må gjerast betre enn i kampen i går.

– Me må spela meir som ei eining. Eg tykkjer me flyr mykje ein og ein ulike situasjonar. Det er småting me må retta på for å klara å slå Storhamar i morgon, seier trenaren.

Og sånn i tilfelle det skulle gå vegen for Oilers, så har klubbeigar Tore Christiansen bestilt eit eige fly for spelarane og supporterar, som skal frakta dei raskt heim til gullfest i Stavanger ...

Flere nyheter fra Rogaland