NRK Meny
Normal

Har bestilt fly i tilfelle gullfest

Ingen som er villige til å bla opp nokre tusenlappar, skal bli snytt for ein eventuell gullfest i Stavanger torsdag kveld. Klubbeigar Tore Christiansen har booka eit fly, som skal få både spelarane og supporterane heim til fest etter finalekampen.

Tore Christiansen

Jubelscenar frå i fjor då Stavanger Oilers sikra seg kongepokalen heime i DNB Arena. I år står Stavanger-laget «i fare» for å sikra seg gullet på bortebane.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Torsdag er det klart for finaleoppgjer nummer seks mellom Stavanger Oilers og Storhamar Dragons. Oilers leier 3–2 i finalekampar, og dersom Oilers vinn på Hamar i morgon er dei noregsmeistrar for fjerde år på rad.

Vil ha fest i Stavanger

Men å feira gullet på Hamar kan bli eit lite antiklimaks, og kampen er ferdig så seint at det ikkje finst andre måtar å koma seg tilbake til Stavanger innan kort tid. Dette har Oilers-sjefen gjort noko med.

– Me har chartra eit fly som både skal ta med seg spelarane og dei supporterane som er villige til å betala for dette. Det er dyrt å chartra eit fly, men me må berre koma oss heim, fortel Christiansen.

Oilers ordnar også med buss til og frå ishallen. Kor den eventuelle festen blir har dei framleis ikkje avgjort.

Taper Stavanger vil det bli finalekamp på DNB Arena på laurdag, etter denne kampen sit ein uansett att med ein noregsmeister.