NRK Meny
Normal

Dramatisk slutt då Oilers slo Storhamar

Stavanger Oilers tok ein ekstremt viktig siger i den femte finalekampen mot Storhamar etter sudden death. No leiar dei 3–2 i kampar, og kan bli noregsmeistrar på torsdag.

Mathias Trettenes jublar etter å ha avgjort kampen

AVGJORDE: Mathias Trettenes avgjorde kampen fem minutt ut i første sudden death-periode.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Det såg ut til å gå mot Stavanger Oilers-siger etter full tid, men med to minutt att på klokka utlikna Storhamar til 2–2. Kampen gjekk til sudden death, og avsluttinga på kampen vart dramatisk på fleire vis.

Om lag fem minutt ut i første sudden death-periode, plukka Dan Kissel opp pucken bak Storhamar-målet. Han fekk krangla den ut til Mathias Trettenes, som sette den forbi Storhamar-målvakt Andrew Engelage frå kort hald. Men i det Oilers jubla som galne, braut det ut masseslagsmål på bana.

Målvakt Engelage var på veg mot benken, og motsett veg kom ein Oilers-spelar for å jubla med lagkameratane. Dei støytte i kvarandre, og då starta kranglinga. På få sekund var halve Oilers-laget samla rundt Engelage, og rett etter fossa dommarar og resten av spelarane til for å skilja kamphanane.

Oilers starta best

Med fire minutt att av første periode scora Henrik Solberg for Oilers. Andre periode vart mållaus, men i tredje periode var det Oilers som på nytt fekk pucken i mål.

Christian Hanson putta for heimelaget med tolv minutt att av perioden. Dermed stod det 2–0.

Henrik Solberg jublar etter scoring

SCORA DET FØRSTE: Henrik Solberg jublar etter å ha scora Oilers' første mål tysdag kveld.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Berre tre minutt seinare reduserte Lars Løkken Østli for bortelaget til 2-1, og skapte ny spenning i kampen.

Og med to og eit halv minutt att av kampen utlikna bortelaget. Lars Løkken Østli utlikna, og sende kampen til sudden death.

Dramatikk etter kampen

Etter dryge fem minutt i sudden death scora Mathias Trettenes det avgjerande målet for Oilers, og leiar no finalen 3-2! Men det var ikkje utan dramatikk, for rett etter at pucken gjekk over mål, var omtrent alle spelarane blanda inn i tumultar rundt Storhamar-keeper Andrew Engelage.

Det var vanskeleg å sjå kva som gjorde at det vart amper stemning, men etter kvart roa det seg.

– Dette var ekstremt viktig. Det var herleg å setja den siste pucken i mål. Eg spelte dårleg i dag, så det var utruleg herleg å scora, sa Mathias Trettenes til TV2 rett etter kampen.

Dermed kan finalen snart vera avgjort. På torsdag er det klart for den 6. kampen, med siger tek Oilers «byttå» heim til Stavanger.

Dan Kissel og Mathias Trettenes jublar

AVGJORT: Dan Kissel og Mathias Trettenes jublar etter at dei nett har avgjort kampen.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix