Hopp til innhold

Også Lyse og minister åtvarar mot trolleybuss

Både konsernsjefen i Lyse og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har tro på at bussar med batteri på sikt er best for Stavanger-området.

Trolleybuss i Hillevåg

Bussvegen mellom Stavanger, Sola og Sandnes skal stå klar i 2021. Rogaland fylkeskommune har leita etter kva som er den beste løysinga, og har enda opp med trolleybuss – førebels.

Foto: Rogaland fylkeskommune/Illustrasjon

– Teknologiutviklinga, spesielt innanfor batterisektoren, vil gå så hurtig, at eg trur trolleybuss vil bli ei feil investering, seier konsernsjef i Lyse, Eimund Nygaard.

I fjor kom trolleybussen, altså ein buss som drivast med straum frå leidning i lufta, inn i debatten om framtidig kollektivløysing på Nord-Jæren. Mot stemmene til Frp og SV vedtok politikarane i fylkestinget dette i oktober 2015.

Men på eit møte om framtidig samferdselsutbygging i Rogaland tysdag kom Lyse-sjefen med ei åtvaring. Nygaard meiner at batteriteknologien er i ei rivande utvikling, og at batteribussar difor vil bli eit betre og billegare alternativ.

Kan bruke biogass medan vi ventar

– Eg seier ikkje dette som ein fagmann som kan seia dette sikkert, men som ein som trur på at den teknologien er den som utviklast raskast nå, seier han.

Eg håpar politikarane i Rogaland snakkar med fagbransjen før dei drar for mykje skøyteleidning opp i lufta.

Ketil Solvik-Olsen (Frp)
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Eimund Nygaard

Eimund Nygaard.

Foto: Jan Inge Haga

Medan ein ventar på den batteriteknologiske utviklinga, kan bussane køyra på biogass, meiner han.

– Biogass er CO₂-nøytralt, og det kan verke heilt til vi føler oss trygge på at batteriteknologien er god nok. Mykje betre enn å byggja leidningar nå, seier han.

Langt på veg fekk Nygaard også støtte av samferdselsministeren. Trolleybussteknologien kostar 700 millionar kroner ekstra, men det fører til nullutslepp av CO₂.

Solvik-Olsen: – Trolleybuss er dyrare

Samferdselsdepartementet og Ketil Solvik-Olsen (Frp) har tidlegare nekta å betala halvparten av millionane, og nå gjentar ministeren sin skepsis:

– Vi skal vera med og finansiera, men vi har vore tydelege på at vi ikkje vil betala for ekstra infrastruktur som eigentleg ikkje er naudsynt. Det er ingen tvil om at trolleybuss er dyrare, seier Solvik-Olsen.

Nå håpar han politikarane lyttar til Lyse, departementet og andre som har åtvara mot trolleybussen.

– Mange på møtet i dag sa at batteribussane er ei betre og billegare løysing. Eg håpar politikarane i Rogaland snakkar med fagbransjen før de drar for mykje skøyteleidning opp i lufta.