Godt nytt år.
Då har eg gleden av og ønske dere alle velkommen til denne tradisjonsrike samlinga som ordføreren inviterer til her på Jærmuseet.
Spesielt velkommen til dei som er invitert her for å motta utmerkelse av forskjellig slag.
Velkommen til rådmannen , etatsjefer og andre kommunalt tilsette.
Velkommen til politikarer og kommunens innbyggarer og andre gjester som har møt fram her i dag.
Spesielt velkommen til Nærbø musikkorps og skulekorps som har ansvaret for musikk-innslaget til denne samlinga.
Det er nå tredje gang eg står her som ordfører i Hå og skal holde Nyttårstalen, og å dele ut forskjellige priser/utmerkelser til personer som har som har utmerka seg i året som har gått. Eller til personer som har utmerka seg med sin innsats på forskjellige arena over mange år, ja mest eit heilt liv.
Det er en glede og invitera til Nyttårssamkome, ei enkel, høgtideleg samling. Eg må innrømma at i år som i tidligere år, kjenner eg at prestasjonsangsten sliter litt i meg, men det er ei æra og få lov og invitera til denne samlinga.
Eit spennende år er tilbakelagt, det er stor aktivitet i kommunen og eg trives i ordførerjobben. Der ein krevende, men samtidig ein utruleg interresant og spennende jobb å få lov å ha .
Målet er at eg som ordfører skal væra synleg og lett tilgjengeleg for alle innbygarene i kommunen, samtidig som det er viktig at ordføreren engasjerer seg og deltar aktivt i samfunnsdebatter som går langt utover eigen kommune. Det kan væra å utvikla samarbeid med andre kommuner , interkommunale selskaper , regionsutvikling innen transport, vegutbygging/ jernbaneutbygging , «Prosjekt dobbelspor» og samarbeid om mange andre ting.
Jærrådet som er ein viktig arena/møteplass for kommunene Hå ,Time, Klepp og Gjesdal for å diskutere felles utfordringa, felles mulegheter, samarbeid og fronta saker i fellesskap, osv. Ein ny spennende epoke i Jærrådet er i startfasen. Sandnes har nå blitt med i Jærrådet, etter eit sterkt ønske fra Sandnes om å få profilera seg som ein del av Jæren. Målsettinga med utvidelsen må væra at Jærrådet skal få ei større kraft og setja Jæren meir på kartet i mange forskjellige samenhenger.
Ja eg trur det er særs viktig at me politikere og administrasjonen i kommunene samtidig som me jobber for eigen kommune, også løfter blikket og stiller spørsmålet kva kan me gjæra i lag med andre kommuner, kva kan me samarbeida om for å få den mest optimale løysninga for Jærregionen. Eg trur me skal i større grad tenke på kva er best for regionen totalt sett.
Landet har fått ny statsminister, Erna Solberg, med ny regjering høsten 2013, den såkalla BLÅ BLÅ som avløyste den såkalla RØD GRØNNA. Ein viss spenning er alltid knytt til eit regjeringsskifte for kommunene. Vil me beholda rammevilkåra til kommunen, kva vil verte positivt, ja kva vil bli utfordringene for nettopp Hå kommune. Det skal settes i gang arbeid med ein ny kommunereform som setter søkelyset på kommunestrukturen, kva vil dette bringa for Hå kommune og Jærkommunene? Framtida får gje svar på dette.
Eit slagord for Høyre og for Erna Solberg er: «Nye ideer, bedre løsninger» .
Ja eg trur det er viktig og ta med dette slagordet inn i kommunen, «Nye ideer, bedre løsninger». Politikere og administrasjon må tenke på dette daglig. Kan me gjera ting smartere og enklere? Som igjen kan gje eit betre tilbud til innbyggerne og kan me få meir ut av kvar krone?
Me er ein del av ein vekstregion, og Rogaland er vel ein av landets fremste vekstfylker. Oljeindustrien har i 2013 gått på høggir, som betyr enormt for levrandør-industrien til oljevirksomheten og store deler av maskinerings/mekaniske industrien i Hå, på Jæren. Rogaland er heilt avhengig av at det er god aktivitet i oljesektoren, ja for å få eit velfungerende samfunn, er me alle avhengige at det er ein rimeleg god aktivitet i alle næringer.
Med stor aktivitet både innen oljebasert industri, mekanisk industri og bygg og anlegg , er det ein enorm konkurranse om arbeidskrafta , så som ingeniører og andre godt fagutdanna personer.
Det er ei utfordring for Hå kommune i dette pressa arbeidsmarkedet og få tak i den rett kvalifiserte arbeidskrafta. Det er og viktig for kommunen å fremstå som ein nytenkende interresant og trygg arbeidsplass, med gode, stabile lønnsbetingelser og velferdstiltak for dei tilsette.
Dei tilsette er Hå kommune sin viktigaste ressurs. For å ha ein velfungerende kommune er det her viktig at det er eit godt forhold med dei ansatte, dei ansatte sine organisasjoner og den administrative ledelse . Ja eit tillitsfullt samarbeid for å byggja ein god, stabil stab med ansatte som er stolte av å arbeida i Hå Kommune.
For Hå kommune har 2013 vært eit godt og spennende år, der utfordringane har stått i kø, men med utfordringar er det og muligheter .
Veksten i regionen, veksten i Jærkommunene og veksten i Hå kommune forsetter, ein milepel passerte me på tredje kvartaltelling , den 30/10 var folketallet i Hå 18000 innbyggere.
Alt tilsier at veksten skal forsette både i regionen totalt og i Hå kommune .Noen beskriver ein sterk vekst i kommunen som eit problem, men i den grad det er eit problem er det i såfall eit luksusproblem.
Men det gjer noen spennende utfordringar på tilrettelegging for boligareal/ infrastruktur, skole/barnehager og innen helsesektoren. Det gjer og ein fantastisk mulighet for politikere og ansatte i kommunen til å delta aktivt for å være med og forma utviklinga av ein kommune i vekst og utvikling.
Veksten i Rogaland vil fortsette. Næringslivet går på høggir, store utbyggingar innen bygg og anlegg, store bolig /nærings /industri utbyggingar trengs i denne regionen for å sikre ei langsiktig og god utvikling
Og det aller viktigste for å sikra ei fornuftig, bærekraftig utvikling og å ta heile regionen i bruk, er nettopp at kommune og fylkespolitikere blir enige og klarar og driva fram dei gode og viktige samferdselprosjekta, både nå det gjeld utbygging av veg og jernbane.
Det er mange gode og viktige samferdselprosjekt, men når det gjeld om å videreutvikla Jærbanen ,satsa kollektivt, effektivt persontransport ,miljøvennlegt, jordvern, så er min påstand fortsatt at med og byggja ut Jærbanen med dobbeltspor, Sandnes-Egersund, vil dette i enda større grad bidra til at det blir eit felles arbeids og bumarked og det vil bidra til å ta heile regionen i bruk.
Det besta samferdselprosjektet i Rogaland er dobbeltspor på Jærbanen med under ein halv time i frekvens. Her er alle kommunene langs Jærbanen med i det såkalla «Prosjekt dobbeltspor», Stavanger næringsforening deltar aktivt og målet er at fylkes-kommunen skal væra ein aktiv medspeler.
Rapporten fra Asplan-Wiak som skulle synleggjera effekten av utbygginga av Jærbanen er nå ferdig og viste eit potensiale i utbygginga som var langt over det som var forventa då me starta opp «Prosjekt dobbeltspor».
Trykket mot storting/regjering, samferdselsminister, jernbanedirektør og andre som kan bidra til at det kommer penger til prosjektet må intensiverast framover. Jærbanen er faktisk hovedpulsåra for store deler av kollektiv satsinga i regionen, så skal regionen lukkast med at flere skal reise kollektivt må faktisk Jærbanen vera både effektiv og attraktiv.
Kommuneplan arbeide har pågått i 2013. Målsettinga i fjor når eg sto her, var at planen skulle være endelegt godkjent til årsskifte. Det viste seg ganske fort utover våren at tidsrammen ikkje kom til og holda, uten at det ligg noe dramatikk i det. Kommuneplanarbeidet er eit omfattende arbeid . Ein viktig diskusjon her har vært langsiktig grense mot LNF-område i aust .
Kommuneplan er så langt mykje meir. Det er samfunnsdelen som er utarbeid på bakgrunn av planstrategi og planprogram for 2013 til 2028 .Utkastet til plan tar utgangspunkt i muligheter og utfordringer som følge av befolkningsutviklinga og korleis ein skal møte desse for at samfunnet/kommunen skal utvikle seg slik ein ønsker . Følgende tema blir vektlagde . Gode bu og nærmiljø, sysselsetting og næringsliv, klima og energi og kommunale tenester.
Kommuneplan er eit stort og viktig dokument for kommunen, eit styringsredskap for politikere og den adminisrative ledelse av kommunen. Heile dokumentet inneheld, samfunnsdelen-arealdelen med føresegner, Grøntplan, konsekvensutgreiinger, risiko og sårbarhetsanalyser.
Eit stort viktig dokument for kommunepolitikerene og ikkje minst er det eit viktig dokument for kommunens innbyggere. Derfor er det satt av eit eget kommunestyremøte nå i januar som er viet bare kommuneplan. Etter dette legges planen ut til offentlig ettersyn. Då kan kommunens innbyggere, berørte grunneigarer og andre som måtte ønske det komme med innspill , overordna myndigheter som Fylkesmann, Fylkeskommune eller andre som har synspunkt.
Målsettinga nå er at kommunestyret skal kunne behandla og godkjenne eit ferdig kommuneplan-dokument til sommeren 2014.
Kommuneplan er viktig når det gjeld ein langsiktig utvikling av alle tettstedene i kommunen, korleis skal stasjonsbyene utvikla seg, kor skal det byggast tett og høgt, kor skal det framover vera eneboliger, sikre det gode bomiljø for alle aldersgrupper, legge forholda til rette for eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Ja ha ein plan som eit overordna styringsdokument som sikrer at ein får ei god gjennomtenkt, langsiktig utvikling av kommunen.
Kampen om areal til boligbygging/industri er stor også for Hå kommune, som den store landbruks /husdyrkommunen, med næringsmiddelbedrifter basert på landbruket, er det viktig at kommunestyret har eit bevisst forhold til arealforvaltning og langsiktige grenser mot LNF.
Hå kommune er i ein unik situasjon når det gjeld utbygging på uproduktiv jord med store områder i søre del av kommunen som det kan bygges på uten at det kommer i konflikt med landbruksområda.
Stokkelandsmarka, Hå kommune sitt utbyggingsområde på uproduktivjord har opplevd ein svært positiv trend dei siste 2 åra, tomtene har blitt solgt fortløpende etter kvart som opparbeidelsen har blitt ferdigstilt og tomtene lagt ut for salg. Den såkalt første delen er nå så godt som utsolgt . Reguleringsarbeidet med neste felt pågår for fullt og planen vart nå lagt ut på høring og då kan me rekna med å ha ein godkjent plan til sommeren. Målsettinga er at her må det jobbast effektivt på fleire fronter for å ha byggeklare tomter til hausten 2014. Kommunestyret sin målsetting om alltid byggeklare tomter i Stokkeland ligg fast.
Stokkelandsmarka er inne i ein spennende fase nå, viktige langsiktige- strategiske planer for oppkjøp av arealer er gjort og må gjøres i nær framtid for å sikra areal til infrastruktur, sikra framtidig tomteareal og sikra at kommunen har hand om arealet for å kunne tilby kommunale tomter til ein fornuftig kostpris. Og ikkje minst få styra utvikling av utbygginga i den retning politikerene i Hå ønsker.
Utbygginga av Stokkeland kan i ein periode verte krevende økonomisk, som nemt både av store areal til grunnkjøp og til opparbeiding av infrastruktur, dette skal jo tomtesalget dekka opp, men det er ein viss treghet her som gjør at det tar ei tid.
Samtidig gjer dette både politikere og administrasjon noen spennende arbeidsoppgaver med å få væra med å styra utviklinga av ein heilt ny tettstad i Hå med alt det som det bringer med seg. Her skal settes av areal til skuler , barnehager og andre offentlege formål for framtida, så som framtidig tomt for kyrkja, areal for servicefunksjoner, ja alt som følger me i ei utvikling av ein heilt ny stasjonsby.
Framtidig vil Stokkelandmarka væra eit utbyggings-område for innbyggere langt utover kommunegrensene i Hå. Det vil væra eit avlastingsområde for heile Jærregionen og det vil framstå som eit svært attraktivt utbyggingsområde. Her er store mulegheter på uproduktivt areal, forholdsvis sentralt på Jæren, med Jærbanen som nærmeste nabo, det handler bare om å få gjæra dei rette grepa når det gjeld planlegging/ utbygging, flytting av jernbanestajonen på Brusand for å få ein felles stasjon for Stokkeland /Brusand.
Å få på plass veg forbindelsen frå riksveg 44 til Stokkeland har vist seg meir krevande enn me forutsåg. Her har kommunen støtt på store arkeologiske funn og på ny måtte flytta traseen nærmere Brusand. Med denne flyttinga håper eg at kommunen har funnet ein trase som det er mulig og fullføre og her må det arbeidast for at det skal væra byggestart hausten 2014 .
Det er eit stort og krevande arbeid med å få vegen over Jernbanen og å til rettelegga den endelege traseen inn i Stokkelandsmarka og opp mot Fuglestadvegen. Hå kommune har nå invitert Fylkessamferdselsjefen som representant fra fylkeskommunen og representanter fra jernbaneverket og fått ja fra desse til å delta i ei prosjektgruppa i lag med kommunen sine fagfolk, som skal ha faste møter for å arbeida fram ein realiseringsplan både når det gjeld tid og ikkje minst korleis løyser me dette økonomisk.
For meiner storsamfunnet noko med at det skal bygges på uproduktivjord og at det skal legges til rette for god kollektiv dekning til nye utbyggingsområder, så må der finnast økonomiske modeller, der storsamfunnet bidrar slik at det let seg gjennomføre, når forholda ligger så i dagen klar for det som i Stokkelandsmarka.
Viktige saker på Helse og Sosial
Rehabilitering av sjukeheimen er ferdigstilt og beboerne har flytta tilbake og resultatet vart bra og den fremstår i dag langt på veg som ny. Eit vellukka renoverings prosjekt både økonomisk og utførelsesmessig er gjennomført . Nærlandstunet er avvikla og bebuarne har fått plass i 4. etasje på sjukeheimen . Bofellesskapet Gjegnet 30 for psykisk utviklingshemma ble nedlagt som ein del av nedtrappingsplanen og dei fleste av desse beboerane har flytta inn i 4. etasje på sjukeheimen.
Heimtun har fått status som sjukeheim med 21 plasser, Sansehagen på Klokkerhagen sjukeheim er nå ferdigstilt og dette framstår nå som eit komplett anlegg der trivsel for beboerne og ansatte står i høgsete . Det såkalla Vinkelbygget på Klokkertunet som skal avløysa dei gamle husa, får nå ein bygning som er betre tilpassa dagens beboere, som skal gje betre forhold for beboere og betjening og er nå under bygging og ferdigstilling her er venta til sommeren 2014.
Helse og sosial er ein stor og omfattende etat med mange oppgåver for alle aldersgrupper . Eldre omsorgen er inne i ein spennende diskusjon, det snakkes om velferdsteknologisatsingen, bo lenger hjemme, her går utviklinga fort og mange spennende løysninger prøves og diskuteres. Det er viktig at Hå kommune er nytenkende her og deltar aktivt for å finne dei mest optimale løysningene for både brukere av tenestene og den beste og mest optimale løysninga totalt sett.
Viktige saker i etat for Opplæring og Kultur.
Innen etat for opplæring og kultur har det vært stor aktivitet også i 2013. Barnetallet stiger og det blir arbeid kontinuerlig , for å tilby barnehage og skoleplasser, med god kvalitet i tilbudene.
Jærskolen er etablert, eit samarbeidsprosjekt mellom kommunene Hå, Time, Klepp, Gjesdal. Nettverks grupper og prosjekt på tvers av kommunegrensene er iverksatt. Vi venter oss mye av dette tiltaket, både på det skolefaglige og det administrative nivå . Dette må være eit eksempel på eit godt samarbeid på tvers av kommunegrensene. Der me brukar felles ressurser for å gjera kverandre gode .
Det jobbas på høggir for å holde framdriftsplanen for nye Bø skule, dette er eit stort krevande byggeprosjekt, som det er mange ting som skal være avklart før ein kan sette gravemaskinskuffen i bakken for oppstart av grunnarbeidet, forhåpentlegvis i første halvår av 2014. Arkitekt er valgt og detaljeplanlegging pågår og det forventes oppstart av byggearbeidet hausten2014. Går alt som planlagt skal nye Bø skule stå klar til åpning i august 2016.
Kommunestyret vedtok nå i desembermøtet at det skal bygges ny skule for 250 elever på Ogna. Her starter arbeidet med planlegging umiddelbart. Her ligger det i vedtaket at det skal vurderast ulike utbyggingsmodeller, med sikte på om det er mulig og oppnå ein meir kostnadseffektiv og rask plan og byggeprosess .Det er viktig at kommunen er nytenkende og vurderer nye måter å løyse ting på. Eit lenge etterlengta skuleprosjekt på Ogna er nå i startfasen.
Tallet på barn i barnehager stiger og i august 2013 åpnet Måken barnehage i Sirevåg sitt nybygg, ein moderne barnehage i Sirevåg er nå på plass og det var gledeleg og sjå at innbyggerene i Sirevåg verkeleg markerte at dei sette pris på den nye barnehagen då det var stor folkefest under opninga.
Det er gjort vedtak om ny barnehage i Bratlandsmarka på Varhaug . Byggestart 2014-15.
Andelen fremmedspråklige barn i barnehager og skule stiger raskt. Eit viktig tiltak for ei vellukka integrering er ei intensiv språkopplæring . Denne er styrka i 2013.
Dei to første bindene av Hå kulturhistorie ble lansert i oktober. Mottakelsen har vært god og pressen har skrevet rosende om bokverket . Om bokverket vart den store gaven under juletreet har ikkje ordføreren heilt oversikten på, men eg trur dette må væra interresant lesing for folk flest.
Hå kulturskole sine arrangement har vist godt igjen, både regionalt og nasjonalt. Blant annet har skolen for andre år på rad blitt invitert til å delta i den nasjonale operafestivalen i Oslo.
Og Hå Gamle prestegard har hatt eit variert og godt program med godt besøkte utstillinger. Besøkstallene er gode.
Viktige saker for Teknisk og Næring.
2013 har og våre eit år med svært høg aktivitet også på denne etaten, det er ferdigstilt flere store reguleringsplaner så som:
- Omkjøringsveg nord for Nærbø.
- Tjemslandsmarka aust, industri område m gang og sykkelveg.
- Grødaland næringsområde.
- Område Bøtunet, der gamle Bø skule ligg.
- Vigre skule og barnehage.
- Skinnanfjellet vindkraft.
Og så er utkast til reguleringsplan for ca 200 nye bustader i Stokkelandsmarka utarbeid og lagt ut til offentleg ettersyn, pluss at det pågår eit stort krevende planarbeid for videreutvikling av Stokkelandsmarka .
Det er stor aktivitet og på kommunaltekniske anlegg. To store kloakksaneringsanlegg er gjennomført. Sanering av første etappe av Opstadvegen, Nærbø. Sanering av Langgata på Vigrestad .
Store og omfattende planarbeid er gjennomført for kommende prosjekt.
Omkjøringsveg Nærbø, Bjorlandsvegen – Bernervegen.
Ny veg til Stokkelandsmarka, omkjøringsveg på Vigrestad.
Overvatn problematikken for nye Bø skule.
Kloakkering Brusand-Brusali, plan for forbikjøringslomme Næsheim.
Sentrumstiltaket som vart sett i gang på Brusand er nå fullført og dette må kommunen kunne konkludere med vart svært vellukka både for innbyggera og for næringslivet på Brusand.
Hå kommune skal ha fokus på alle tiltak som kan bedre trafikksikkerheten, utbygging av gang og sykkelveger skal forsetta, første prioritet må væra og sikre farleg skuleveg, sikring av trafikkfarlege vegkryss/avkjøringa. Alt som kan gjerast for å betre trafikksikkerheten skal ha høg prioritet.
Hå kommune er landets største husdyrkommune og Rogalands største landbrukskommune. Denne posisjon skal me ha som mål at me skal beholde . Regjeringen har som mål at matproduksjonen skal økes i landet fremover og landbrukskommunen Hå skal ta sin del av denne veksten, både nå det gjeld primærleddet og på foredlingsindustrien.
For Hå kommune som den store landbrukskommunen, er det viktig at vi har ei faglig sterk Næring/landbruksavdeling som kan væra ein sterk fagleg veileder og pådriver for den moderne og fremadstormende, engasjerte og produksjonsvillige HÅ bonden.
Mat produksjon og foredling med forskning og utvikling er vel rangert som den nest viktigste næringa i Rogaland etter oljevirksomheten.
Men igjen for at samfunnet skal fungere er me alle avhengige av alle.
Målsettinga må væra og er, at Hå kommune skal væra blant dei beste når det gjeld og yta gode tenester på alle sektorar til ein fornuftig pris til innbyggarane .
Det er stor aktivitet både på sentraladministrasjon og dei forskjellige etatene, og dagene kan nok føles travle mange gonger, og sånn vil det nok væra og må væra. Det stilles store krav frå innbyggerne/næringslivet, offentlege instanser og frå folkevalgte, om ein effektiv bruk av begrensa ressurser.
Kommunen skal være ein effektiv leverandør av offentlege tenester.
Til slutt vil eg takke rådmann og kommunalsjefer og alle ansatte i Hå kommune for arbeidet som er utført i 2013. Takka kommunestyret, formannskap og utvalgsrepresentanter for samarbeide og det politiske arbeidet som er utført i 2013.
Takk til alle dere som gjør ein innsats for kommunen og lokalsamfunnet.
Takk til alle som bor og har sin arbeidsplass i kommunen.
Eg ønsker dere alle eit godt nytt år.
Tusen takk for oppmerksomheten.