Hopp til innhold

Denne formasjonen fekk mange til å klø seg i hovudet

Kraftige straumar, vêr og vind har grave fram restar frå krigen langs Jærkysten.

Formasjon Hellestø

Mange har teke turen til Hellestøstranda i Sola kommune etter at det plutseleg dukka opp ein ukjend formasjon. Her fotograferer Arve Jaatun formasjonen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Onsdag melde Aftenbladet at ein mystisk formasjon med trepålar hadde dukka opp av sanda på Hellestøstranda i Rogaland.

Jæren Friluftsråd konkluderte raskt med at det er snakk om restar av eit tysk forsvarsverk for miner og piggtråd. Det er altså gjerdepålar som stikker opp frå sanden.

– Dette blei nok rydda for mange år sidan, men sanden har nok dekt til akkurat desse, seier Arve Jaatun, prosjektleiar i Jæren Friluftsråd.

  • Rosa plastklips frå ein tunnel forsøplar havet og strandsona i Rogaland. Korleis har det skjedd? Svaret finn du her.

Det største forsvarsverket i landet

Det har seg nemleg slik at det lengste samanhengande tyske forsvarsanlegget i landet blei lagt langs Jærkysten i Rogaland. Frå Brusand til Tungenes.

Det skriv fylkeskommunen på sine sider.

Nazistane frykta ein alliert invasjon på Jæren og pålane er eitt av mange spor av det den tyske okkupasjonsmakta kalla «Festung Norwegen». Jærstrendene blei også minelagde.

Formasjon Hellestø

Formasjonane som dukka opp på Hellestøstranda stamma frå krigen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Nå er det derimot ingen fare for verken folk eller fe, så lenge ein ikkje snublar i pålane som stikk opp frå sanden.

Og dei vil bli ståande.

– Pålane er kulturminne, og dermed freda, seier Jaatun.

Mykje regn, mindre sand

Jaatun forklarer at pålane har dukka opp som følge av sterke strøymer i havet og mykje vêr.

Kåre Idland bur på Ålgård, om lag 2,5 mil frå stranda, men han var ein av mange som torsdag føremiddag hadde tatt turen til Hellestø for å sjå formasjonen med eigne auge.

– At stranda stadig forandrar seg er jo vanleg, men då eg leste om dette i avisa blei eg nysgjerrig, seier Idland.

Formasjon Hellestø

Kåre Idland var ein av dei mange som tok turen til Hellestøstranda for å sjå på formasjonane.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Han går stadig tur langs strendene på Jæren, men turen til pålane var ikkje like lett. Store delar av stranda har nemleg «forsvunne» og bølgene slår langt inn på stranda.

– At sand kjem og forsvinn er vanleg, spesielt om vinteren, men det er mange år sidan det har vore ei så stor utgraving her, seier Jaatun, og ser opp mot sandkanten som er høgare enn han sjølv.

Formasjon Hellestø

Hellestøstranda er eit ynda turmål i Rogaland.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Der pålane har kome til syne har rundt to meter med sand forsvunne.

– Akkurat dette området er spesielt. Straumane frå havet gjer at bølgene slår hardt til akkurat her.

  • Dykkarar i verdas sterkaste tidvass-straum finn lidande fisk med bobler i auga. Kva er årsaka?