Hopp til innhold

Fugleinfluensa og newcastlesjuke påvist i Rogaland: – Aldri skjedd før

Det er påvist fugleinfluensa i ei rugeeggbesetning, altså høner som verp egg som skal bli slaktekyllingar, i Klepp. Mattilsynet har sett krisestab.

Mannskap gjør seg klar ved en gård på Jæren for å avlive og ta ut en fjørfebesetning hvor det har vært mistanke er smittet av fugleinfluensa.

Torsdag gjorde mannskap seg klare til å avlive ei fjørfebesetning kor det var mistanke om smitte av fugleinfluensa. Fredag blei det stadfesta at det var fugleinfluensa.

Foto: Mattilsynet

Det melder Mattilsynet. Tidlegare i haust blei det oppdaga newcastlesjuke på Jæren.

– Vi er bekymra, for dette er kjempealvorleg. Det er særleg to dyresjukdommar ein fryktar: Fugleinfluensa og newcastlesjuke. Nå er begge påvist på dette vesle området. Det har aldri skjedd før, seier regiondirektør Lise Petterson til NRK laurdag.

Lise Petterson, regiondirektør i Mattilsynet - region sør og vest.

Lise Petterson er regiondirektør i Mattilsynet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Mattilsynet fekk prøveresultata som viste fugleinfluensa fredag kveld. Besetninga var då allereie avliva etter mistanke på grunn av døde og svake fuglar.

Dei veit ikkje korleis smitten kom inn i fjørfehaldet. Mattilsynet har sett krisestab og skal ha møte om situasjonen kvar dag.

Petterson viser til at det sidan 1. oktober har vore meir enn 50 utbrot av fugleinfluensa i Storbritannia.

– Det fortel meg at dette er til stades i verda, og det får store konsekvensar. No fryktar vi fleire utbrot her, og at vi ikkje får kontroll på smitten, seier ho.

Mattilsynet ventar framleis på prøvesvar om mogleg newcastlesjuke på Finnøy i Stavanger. Svara er venta i dag.

Vernesone og overvakingssone

Det er innført ei vernesone på 3 kilometer og ei overvakingssone på 10 kilometer rundt anlegget kor smitten er påvist. Innanfor er all transport av fuglar, egg, fjørfekjøt og andre produkt som kan spreie smitte, forbode.

Sona overlappar dels med sona knytt til utbrotet av newcastlesjuke tidlegare i haust.

Mattilsynet presiserer at risikoen for smitte til menneske blir vurdert som svært låg, og at det er trygt å ete egg og fjørfekjøt.

Det er også innført jaktforbod og pålegg om å halde alle tamme fuglar innandørs.

Klar for sanering av fjørfebesetning på Jæren etter mistanke om fugleinfluensa

I Klepp var det torsdag mistanke om fugleinfluensa etter fleire døde og svake høner på ein gard. Derfor blei 7000 høner avliva, sjølv om prøvesvara ikkje var klare.

Foto: Mattilsynet

Glad Mattilsynet var tidleg ute

– For det første tenker eg at det er veldig bra at besetninga allereie er avliva. Vi er glade for at Mattilsynet tok den avgjersla tidleg, seier Elin Hobberstad, leiar for kylling-delen av Rogaland Fjørfelag.

Ho er sjølv produsent, men utanfor sona. Likevel har selskapet som tar imot det ho produserer, kalla inn til Teams-møte søndag. Næringa er på vakt.

– Vi må heile tida halde oppe smitteverntiltaka vi har, og sørge for at dette er stoppa. Vi må berre forsøke å jobbe for at dette ikkje spreier seg vidare, seier ho.

Før prøveresultata var klare snakka NRK med fjørfebonden Kjell Hodne. Hønsehuset hans med 40.000 kyllingar ligg berre eit par kilometer frå garden der 7000 høner blei avliva torsdag kveld og natt.

– Vi grenser til eit naturreservat, og gildt er det. Mykje fuglar, men også mykje smittefare med trekkfuglane som landar her, seier Hodne.

Kjell Hodne

Kjell Hodne framfor hønsehuset, kor han har 40.000 kyllingar.

Foto: Arild EskelaNd / NRK

For eit snautt år sidan blei 7500 verpehøns destruert på ein annan gard i Klepp, då fugleinfluensa blei påvist for første gong i kommersielt fjørfehald i Noreg.

Både fjørfehald og trekkfuglar

Viruset blir spreidd med villfugl. Rogaland er eit utsett fylke på fleire måtar. Om lag 30 prosent av all kyllingkjøt- og eggproduksjon i Noreg skjer her, ifølgje landbruksdirektøren hos Statsforvaltaren.

Landbruksdirektør Geir Skadberg

Geir Skadberg, landbruksdirektør.

Foto: privat

– Det er også eit fylke fullt av fugl som både kjem, reiser og er her, seier landbruksdirektør Geir Skadberg.

Fjørfebøndene må jobbe som om det var smitte på garden deira. Også Kjell Hodne, som ikkje tar sjansar nå.

– Det har vore nok nå, med Newcastle disease og fugleinfluensa. Vi vil ikkje ha smitte, seier han, som slapp unna utbrotet av fugleinfluensa i fjor.

Fjørfebonde Kjell Hodne desinfiserer bildekk på NRKs bil etter opptak

Fjørfebonde Kjell Hodne desinfiserer bildekk på NRK-bilen etter opptak på garden. Dette for at smitte som eventuelt finst på garden hans, ikkje blir spreidd vidare.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Flere nyheter fra Rogaland