Hopp til innhold

Vil ikkje avskrive ny dødeleg sommar for villfuglen

Til no har det vore færre påviste tilfelle av fugleinfluensa enn tidlegare år, men fagfolk vil ikkje senke skuldrene heilt med det første.

Sivilforsvaret fjerner døde krykkjer under fugleinfluensaepidemien i Vadsø

HOPETAL: Sivilforsvaret deltok i oppryddingsarbeidet under det store utbrotet av Fugleinfluensa sommaren 2023.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

  • Nettsaka vart oppdatert 23. april klokka 13.50 med korrekt tal for daude fuglar. I den opphavelege saka stod det 137.000 daude fuglar.

Trekkfuglane har nett kome attende til Noreg, og kan ha drege med seg virus frå Europa.

I tillegg går hekkesesongen i gang utover våren.

– Då er vi spesielt opptekne av hekkande sjøfuglkoloniar, seier Ragnhild Tønnesen.

Ho er seniorforskar i virologi ved Veterinærinstituttet, og har fjorårets store utbrot av fugleinfluensa friskt i minnet. Smitta gjekk spesielt på måsearten krykkje. Til saman vart det melt inn 24.000 daude fuglar.

– Må vere årvakne

Høgpatogen fugleinfluensa vart første gang påvist i Noreg i 2020. Sidan har sjukdomen teke livet av villfugl over store delar av landet.

Ein fersk statusrapport frå Veterinærinstituttet viser positive tal til no i 2024. Det er færre tilfelle av fugleinfluensa enn tidlegare år, og det har ikkje vore påvist smitte i Noreg sidan februar.

Men vi er no inne i ein del av året som kan snu på det heile.

Difor ber ekspertane folk om å vere årvakne.

Det var i hekkande sjøfuglkoloniar at ein i fjor sommar fann store utbrot i Finnmark. Ein smittevariant, som var svært tilpassa sjøfugl, klarte å halde seg gjennom sommaren.

– Slik var det ikkje tidlegare, så det er eit nytt mønster. Vi kan ikkje avskrive at det vert slik i år også. Vi må vere årvakne, seier Tønnesen.

Optimisme

Bente Fjermestad-Eie

Bente Fjermestad-Eie seier Mattilsynet vil følgje nøye med etter meldingar om fugleinfluensa.

Foto: Mattilsynet

Framover held Mattilsynet eit godt auge på innmelding av daude fuglar, både gjennom eiga innmeldingsside, frå Veterinærinstituttet og Miljødirektoratet. For dei veit at smitten er der.

– Det er veldig viktig at vi følgjer med om situasjonen skulle eskalere, seier Bente Fjermestad-Eie, veterinær og seniorrådgjevar ved seksjon dyrehelse ved hovudkontoret.

Ho oppmodar publikum, som er på tur, om å oppføre seg normalt, og varsle Mattilsynet om sjuke eller daude fuglar.

– Og så må dei som driv med fuglehald ikkje senke skuldrene sine med tanke på smittevern. Fugleinfluensa sirkulerer blant ville fuglar heile året.

Flinke på smittevern

Landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren i Vestland, Christian Rekkedal, held seg foreløpig roleg.

– Eg er ikkje meir uroa enn ein skal vere om våren før fuglane kjem nordover.

Fugleinfluensaen kan også råke tamfugl. Sjølv om det vart påvist fjøssmitte i Rogaland i februar, meiner han kommersielle aktørar er flinke til å verne om fjøsane sine.

Men også dei med ein liten flokk frittgåande høns er utsette.

– Trekkfuglane kan finne det lagleg å stoppe der, for mat eller anna. Då er ein meir utsett.