Hopp til innhold

7000 høns blir avliva etter mistanke om fugleinfluensa

I Klepp er det mistanke om fugleinfluensa etter fleire døde og svake høner på ein gard. Derfor blir 7000 høner avliva, sjølv om prøvesvara ikkje kjem før fredag.

Klar for sanering av fjørfebesetning på Jæren etter mistanke om fugleinfluensa

I natt ble fjørfebesetningen på Jæren sanert. Det trengs fullt verneutstyr for å gjøre jobben.

Foto: Mattilsynet

Det melder Mattilsynet torsdag kveld.

– Vi avlivar besetninga på mistanke nå i kveld. Dette gjør vi for å hindre smitte og av omsyn til dyrevelferda, seier Hege Robberstad, kommunikasjonsrådgivar i Mattilsynet.

Mistanken har kome på grunn av fleire døde og svake dyr. Hønene er av typen rugeegg-besetning, altså høner som verp egg som skal bli slaktekyllingar når dei veks opp.

– Besetninga er bandlagt, prøvar er tatt og sendt til analyse. Prøvesvar kjem i morgon, seier regiondirektør Lise Petterson ifølgje ei pressemelding frå Mattilsynet.

Kart over vernesone og observasjonssone i forbindelse med utbrudd av virussykdommen Newcastle disease

Besetninga med mistenkt fugleinfluensa er i Klepp og innanfor overvakingssona for ein annan fuglesjukdom, newcastlesjuke.

Foto: Mattilsynet

Både i 2020 og 2021 var det fugleinfluensa i Rogaland.

I 2020 blei viltlevande fuglar avliva. På seinhausten 2021 blei det for første gong påvist fugleinfluensa i eit kommersielt fjørfehald. Restriksjonane varte til 2022 var vel i gong.

Mattilsynet presiserer at det er sjeldan at menneske og andre dyr blir smitta med fugleinfluensavirus (AI). Risikoen for smitte til menneske blir vurdert som låg.

Lise Petterson, regiondirektør i Mattilsynet Sør-Vest

Lise Petterson, regiondirektør i Mattilsynet Sør-Vest

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Symptoma hos besetninga som blir avliva torsdag, kan vere både newcastlesjuke og fugleinfluensa. Derfor er dyra testa for begge.

– Besetninga har ein nedsett allmenntilstand. Han har berre auka gjennom dagen, så her har me mistanke om svært smittsam fugleinfluensa, forklarer Petterson.

Hovudmistanken er fugleinfluensa, for besetninga testa negativt for newcastlesjuke (Newcastle disease) tidlegare i oktober.

Mattilsynet veit ikkje korleis hønene kan ha blitt smitta. Dyra held til i lukka rom bak smittesluser.

Les også Alvorlig virussykdom oppdaget blant verpehøns på Jæren

Høne

Newcastlesjuke blei oppdaga på Jæren i september. Som regel fører den til alvorleg sjukdom og død, og både tamme og ville fuglar kan bli ramma.

Risikoen for smitte til menneske er likevel svært låg, og det skal vere trygt å ete egg og fjørfekjøt.

Det er også mistanke om newcastlesjuke på Finnøy i Stavanger kommune. Dette er ei slaktekyllingbesetning på om lag 13.000 dyr. Det er tatt prøvar, og også desse ventar Mattilsynet svar på fredag.

Desse blir ikkje avliva før prøvesvara kjem. Årsaka er at dei har litt andre symptom enn besetninga på Klepp, ifølgje Mattilsynet.

Les også Eggbonde frykter nytt utbrudd av fugleinfluensa

Kenneth Hole er eggbonde og frykter et nytt utbrudd av fugleinfluensa