Til helga flyttar 91 studentar inn i splitter nye studentbustader i Sørhauggata – midt i Haugesund sentrum.
– Her har dei nærleik til Høgskulen og alle aktivitetar i byen, og veldig gode kollektivtilbod rett utanfor. Her har dei alt. Dei får leva og bu midt i byen og det er berre 400 meter til HSH. Det er heilt genialt, seier Heidi Aarøe Moe, direktør Studentsamskipnaden Stord/Haugesund.
- LES OGSÅ:
Parkeringshuset skal vekk
Ordførar Petter Steen gler seg over det som skjer i Sørhauggata. I tillegg til nye studentbustader, skal Helsehuset like ved stå ferdig i oktober med blant anna privat sjukehus og omsorgsbustader. Neste skritt i dette kvartalet er å selga parkingshuset til eigedomsutviklarar.
– Me får dei unge, me får dei eldre og me får kompetansearbeidsplassar. Parkeringshuset på den andre sida av gata var riktig byutvikling på 80-talet, men det er det ikkje i dag. Eg ser fram til at når det nye parkeringshuset under Gryta står ferdig, at vårt parkeringsselskap kan selja dette og få bygd noko der som støttar opp under sentrum.
- LES OGSÅ:
– Dette er rett byutvikling
Steen meiner dei tre ulike prosjekta samla sett er eit døme på det han kallar potent byutvikling.
– Det blir ein trivelegare by og det blir ein meir attraktiv by. Me tek menneska tilbake inn i byen, både for å handla, jobba og, oppover i etasjane, for å bu. Det er slik me må tenkja urban byutvikling i ein mellomstor norsk by som Haugesund, seier ordføraren.
- LES OGSÅ: