Hopp til innhold

– Når eg slepp ut går eg til Nav, der får eg tilbod om hospits, så hamnar eg utpå igjen

Kvar gong Andreas Wetteland (26) har kome ut av fengsel tek det ikkje lang tid før han ryk inn att.

Andreas Wetteland på Åna fengsel

INSTITUSJONSLIV: Av sitt 26 år lange liv har Andreas Wetteland sona i om lag åtte år. Før det budde han på barneheim.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Heilt frå Andreas Wetteland var 13 år har han kjent godt til livet i institusjon, først i barneheim, deretter fengsel.

– Då eg var 17 år rauk eg inn første gong. Eg feira 18-årsdagen min i Arendal fengsel, fortel han.

Inn og ut

Nå sonar Wetteland ein dom for tjuveri, narkotika og trugslar på Åna fengsel på Nærbø. Han seier at han er motivert for å koma ut og leggja den kriminelle livsstilen bak seg, men erkjenner at det er vanskeleg. Han har god erfaring med å falle tilbake.

– Når eg kjem ut har eg ingen plass å bu. Eg går på Nav og får tilbod om hospits. Der bur eg saman med rusmisbrukarar, men det blir forventa at eg skal halda meg rusfri og følgja lova. Det veit eg ikkje om nokon som har klart på den måten. Eg kjem til å hamna utpå igjen, seier 26 åringen som har sitte om lag åtte år av livet sitt i fengsel.

Dette er noko av det regjeringa ønsker å ta tak i når dei nå har lansert strategien «Redusert tilbakefall til ny kriminalitet». Regjeringa vil mellom anna at det skal vera enklare å få tilgang på bustad når ein kjem ut.

– Nå set me krav til at kriminalomsorga seier ifrå i god tid om den enkelte innsette som skal ut til kommunane, seier statssekretær Anette Carnarius Elseth (Frp) i Justisdepartementet.

Åna fengsel

Dei siste åra har Åna fengsel fått mindre budsjett, og derfor gjort kutt i tilbodet til dei innsette. Kutta kjem som følgje av reduksjon i talet på innsette ved overgang til enkeltrom, i tillegg til regjeringa sin avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kraftig kutt i program

Wetteland synst det er bra at regjeringa set fokus på dette, men synst likevel ikkje at det er nok. Han ser langt større utfordringar.

Fengselet han sit i har dei siste åra kutta program innan rusmeistring, sinnemeistring og tilbakeføring til samfunnet. Desse programma er ifølgje Wetteland noko av det viktigaste om ein skal redusera tilbakefall til ny kriminalitet.

– Eg har ikkje hatt den same oppveksten som andre. Eg treng hjelp til å læra meg korleis eg kan leva eit A4-liv, og skulle eigentleg ønska at eg kunne delteke i alle desse programma.

Fengselsleiar på Åna, Leif Magne Viste, stadfestar programkutta.

– På grunn av økonomiske kutt som er gjort har me måtta omprioritera, seier Viste.

Blir ikkje fleire program

Den stramme økonomien kjem mellom anna på grunn av regjeringa si reform om avbyråkratisering. Viste hadde håpa regjeringa si satsing kom med pengar.

Her må Elseth skuffa han.

– Det hadde vore fint med mange fleire program. Men akkurat nå er det dei programma som er, og dei prioriteringane som er gjort, seier ho.