Hopp til innhold

Må stengje halve fengselet kvar dag

Celledørene i Eidsberg fengsel er låst i langt fleire timar enn det som er vanleg. Slik har det vore sidan november.

Eidsberg fengsel

Dei daglege rutinane i Eidsberg fengsel er umogeleg å følgje grunna mangel på tilsette.

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

– Det er krise.

Det seier Anders Badendyck Elseth, leiar for Kriminalomsorgens Yrkesforbund (KY) i Indre Østfold fengsel.

Sidan november har halvparten av celledørene i Eidsberg fengsel vore stengde kvar dag, og dei innsette er berre ute i fem og ein halv time i døgnet.

Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) seier målet er minst åtte timar utetid kvar dag.

Men i Eidsberg er dei så få på jobb at det ikkje er trygt å ha alle dei som sonar ute på same tid.

Nærbilde av Anders Badendyck Elseth. Han har på seg hvit genser og ser rett i kameraet.

Anders Badendyck Elseth seier det er krise i Eidsberg fengsel

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

– Vi har 16 ledige jobbar per no. Då vert det veldig mykje meir å gjere på dei som er att.

Dei daglege rutinane er umogeleg å følgje, seier Elseth. Han meiner det heller ikkje vert tid til å gje dei innsette det aktivitetstilbodet dei har krav på.

– Uansett kor mykje vi køyrer med overtid, så går det ikkje.

Noko som skapar frustrerte og slitne tilsette, og gjer kvardagen til dei som sonar dårlegare.

Mykje isolasjon

Hos KDI seier direktøren for region øst, Stig Storvik, at Eidsberg er det einaste fengselet i regionen som har måtte isolere dei innsette så lenge av gongen og over så lang tid.

Fengselsleder Stig Storvik, Oslo fengsel

Stig Storvik, direktør for KDI i region øst

Foto: Christine Svendsen / NRK

– Det er veldig uheldig. Vi vil at dei innsette skal ha variasjon i kvardagen, at de skal skule, arbeid og vere saman med andre innsette, fortel Storvik.

Han seier isolasjon kan skade dei som sonar og at dei prøvar å gjere tilhøva beter.

Men Eidsberg fengsel er ikkje den einaste plassen som slit. Tor Erik Larsen, leiar i KY fortel at presset er stort i heile region øst.

Dårlegare psykisk helse

– Det er heilt forferdeleg at fengsel må halde celledørene stengde. Meir isolasjon gjer at dei innsette strevar meir.

Det fortel Camilla Mikkelborg, leiar for fengselspsykiatrisk poliklinikk ved Romerike fengsel.

Ho seier at det å ikkje kunne snakke med andre, kan gjera at innsette som allereie slit psykisk, får det endå verre.

Nærbilde av Camilla Mikkelborg. Hun har svart, kort hår, og har på seg svart bluse. Hun ser rett i kameraet.

Camilla Mikkelborg, psykolog i Romerike fengsel

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

Og når fengselsbetjentane ikkje har tid til å ha samtaler med dei som sonar og hjelpe dei med rehabilitering, fryktar Mikkelborg at vi for alvor er på veg i feil retning.

– Med mindre ressursar får ikkje dei tilsette i kriminalomsorga gjort det dei skal. Å hjelpe innsette til å verte gode samfunnsborgarar.

Mikkelborg er òg bekymra for den mentale helsa til fengselsbetjentane. Ho viser til rapporten Rambøll har utarbeidd om psykiske belastningar blant tilsette i kriminalomsorga. Den stadfestar det ho opplever i sin eigen jobb, at mange fengselsbetjentar slit med psyken.

Mellom anna viser rapporten at 9 prosent av dei som jobbar i fengsel har symptom som tyder på posttraumatisk stressliding (PTSD).

Mikkelborg seier at denne situasjonen krev at myndigheitene no tek tak.

Les også Grovere trusler og grupperinger bak murene: – Situasjonen er bekymringsfull

Ronny Nilsen

Sinne og utagering

I Eidsberg fengsel merkar dei òg at isolasjonen tærer på dei innsette, fortel Anders Badendyck Elseth.

Frustrasjonen aukar. Det vert mykje sinne, utagering og trugslar om vald.

Noko som gjer kvardagen til betjentane vanskelegare.

– Kjensler som ubehag, utryggleik og frykt aukar blant dei tilsette, seier Elseth.

Dette kan gje fengselsbetjentane psykiske problem. I Eidsberg fengsel har mange slutta. Sjukefråveret er skyhøgt.

Elseth meiner mental sjukdom kan vere ein stor del av årsaka.

Han seier òg at fengselsbetjentane mistar trua på yrket når dei ikkje kan gjere det dei er utdanna til.

– Vi skal rettleie og hjelpe dei som sonar til eit liv utanfor murane. Det har vi ikkje tid til.

Les også Her har over 80 ansatte sluttet på to år

Halden fengsel

Ryggpissing

I juni kan situasjonen endre seg i Eidsberg fengsel. Då kjem 14 pliktårsstudentar frå fengselsskulen. Det fortel Stig Storvik, direktør for kriminalomsorga i region øst.

Han seier òg at det er to faste betjentar og vikarar på veg inn, slik at celledørene vil vere ope i over ni timar kvar dag frå 22. april.

Elseth meiner dei framleis vil vere for lite folk på jobb til å få den daglege drifta fullt opp og stå. Presset på dei tilsette vil heller ikkje bli mindre.

Samstundes seier fengselsbetjenten at det er mange år sidan kriminalomsorga blei tatt på alvor.

– Eg vil påstå at sidan Knut Storberget gav seg som justisminister har vi vorte pissa oppetter ryggen. No er det heilt opp i hårrota!

Også i Halden fengsel slit dei med mykje av det same som i Eidsberg. Lite folk, slitne tilsette og kjensla av at styresmaktene ikkje har sett alvoret. Det seier leiar for KY der, Rikard Karlsen.

– Eg er redd det kan vere for seint å redde situasjonen slik han er no, men håpar det kan bli betring på sikt, seier Karlsen.

Rikard Karlsen, leder i Kriminalomsorgens Yrkesforbund i Halden fengsel. Skallet mann med skjegg. Har på seg hvit hettegenser. Står ikke og ser rett i kameraet.

Rikard Karlsen, leiar for KY i Halden fengsel

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

Han meiner det ser ut til Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) tek Rambøll-rapporten på alvor. At det no er større forståing for kor belastande det er å jobbe i fengsel.

Og politikarane lovar betring.

Les også Nå får innsatte i hele Norge tilbud om å leve som munker

Retreat i Halden fengsel

Styrka budsjett

I 2024 blir kriminalomsorga styrka med 85 millionar kroner for å få balanse i budsjetta og halde tenestetilbodet ved lag.

Det seier statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, John-Erik Vika (Sp) i ein e-post til NRK.

John-Erik Vika, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet. Ser rett i kamera. Har på seg grå dressjakke og lyseblå skjorte.

John-Arne Vika, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet

Foto: Rune Kongsro / Justis- og beredskapsdepartementet

Det er òg løyvd 40 millionar kroner for å auke bemanninga i fengsla.

No skal KDI fordele midlane. Det er dei som har ansvaret, både for kva slags tilbod dei innsette har og korleis arbeidstilhøva er for dei tilsette.

Seniorrådgjevar i direktoratet, Susanne Nor, fortel at dei no skal kartleggje kva for fengsel som får meir ressursar. Om Eidsberg er blant dei, er uvisst.

Og sjølv om det skulle komme store summar no, har Elseth lita tru på at endringar vil skje raskt.

– Vi vil ikkje sjå resultat før om fem til åtte år, seier han.

Hei!

Ta gjerne kontakt om du har tankar om saka. Eller kanskje har du tips til andre saker eg bør sjå på? 

Les også Forvaringsdømte «Thomas» (27): – Uten behandling, kan jeg ikke bli løslatt

En mann med rutete skjorte ser ut av vinduet på besøksrommet i Halden fengsel.