Hopp til innhold

– Det høyrest ut som eit fly som går inn for landing, men aldri landar

Vindkraftselskap vil betale erstatning til naboane som må leve med høg støy. Fleire hevdar det kan vere i strid med loven.

Måkaknuten vindkraftverk

BRÅK: Her er eigedomen til Magnus Søyland, den ligg nærmast mellom to forskjellige vindkraftverk; Måkaknuten og Stigafjellet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det går ut over livskvaliteten. Det høyrest ut som eit fly som går inn for landing, men aldri landar. Det er ein konstant during.

Magnus Søyland bur på eit gardsbruk under ein kilometer frå Måkaknuten vindkraftverk på Søyland i Gjesdal kommune.

Sommaren 2020 kom 22 turbinar opp i området. Han seier det har gitt ein kraftig støy på eigedommen hans.

– Før sat me mykje ute i hagen om kveldane, men nå må me berre trekke inn i huset.

Magnus Søyland, Måkaknuten vindkraftverk

FORTVILA: Magnus Søyland fekk eit vindkraftverk tett på bustaden. Men lyden er ikkje høg nok til at han fekk tilbod om pengar. – Det er ein konstant during, seier han.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Ikkje etter norsk lov

Det er fleire naboar til vindkraftverket som klagar på plagsam støy etter å ha fått eit heilt nytt vindkraftverk i «bakgarden».

Dei har først og fremst ønskt seg støydempande tiltak som å setje opp ein støyvegg eller andre fysiske hjelpemiddel.

I staden har Norsk Vind, som driv Måkaknuten vindkraftverk i kommunane Bjerkreim og Gjesdal, fått grønt lys frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å betale ut ein sum i kompensasjon for støyen.

Fem bustader og fem fritidsbustader ligg i ei sone kor dei kan oppleva støy over den anbefalte grenseverdien på 45 desibel.

Som Aftenbladet tidlegare har omtalt, har grunneigarar signert avtale om ulempeerstatning på 90.000 kroner mot å godta eit støynivå på 48 desibel.

Marit Brevik i Motvind

Marit Brevik i Motvind.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Det er ikkje etter norsk lov. Det er urimeleg at dei skal få lov til det, og at NVE skal godkjenne det, seier Marit Brevik i Motvind Noreg, som er ein organisasjon som kjempar mot vindkraftutbygging.

Ho hevdar at vedtaket er eit brot på blant anna folkehelseloven og forskrifta om miljøretta helsevern, samt forvaltningslova sitt krav om forsvarleg saksbehandling.

NRK har vore i kontakt med fleire andre naboar av vindkraftverket, men dei ønskjer ikkje å stilla til intervju.

  • Les NVE og Norsk Vind sine svar lenger nede i saka.

Hadde ikkje tatt imot pengane

Magnus Søyland sin eigedom er ikkje ein av dei som er rekna til å oppleva støy over 45 desibel. Derfor har han heller ikkje fått tilbod om kompensasjon for støyen.

Han er tydeleg på at han ikkje hadde tatt imot pengane dersom han fekk tilbodet.

– Eg ser ikkje noko gevinst i det. Ein pengesum nå hjelper ikkje dei som i framtida skal leva i same støyen.

Magnus Søyland, Måkaknuten vindkraftverk

STØY: Det nye vindkraftverket Måkaknuten skapar bråk for naboane.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Søyland håper kommunen stiller opp for innbyggjarane ved å setta inn tiltak for å dempa støyen. Å tillate vindkraftselskapet å betale erstatning for støyen synst han er uforståeleg.

– Eg vil kalla det på grensa til kriminalitet. Dei vil betala naboar 90.000 for å skifte vindauge og støyisolere huset. Det hjelper ikkje. Er det sånn at dei skal sitte inne i huset heile tida?

Det er heller ikkje eit alternativ for han å flytta då heile garden med kyr og sauer er på eigedommen.

Han meiner dessutan at verdien på garden hans har gått betrakteleg ned etter at vindmøllene kom opp.

– Vil gå ut over helsa

Nyleg gjekk Gjesdal kommunestyre samrøystes imot at Norsk Vind skal få bruke økonomisk kompensasjon i staden for fysisk støydemping.

Dei har nå klaga inn vedtaket som NVE har gjort. I klagen skriv kommunen at vedtaket «ikkje er i tråd med norsk regelverk for støy».

Dei meiner også at fleire bustad-eigarar i nærleiken burde blitt høyrt, og at Norsk Vind «i praksis har kjøpt seg ut av støyproblematikken».

– Vi synest det blir feil at Norsk Vind kan gå til den enkelte grunneigar, gi dei eit beløp, så skal alt vere greitt. Ansvaret for å gjere utbetringar bør ligga hos tiltakshavar, seier Gudrun Kristensen, som er fagansvarleg for landbruk, natur og miljø i Gjesdal kommune.

Kommunen stiller også spørsmål ved utrekninga av støyen, kor det er brukt 15 grader som temperatur i berekningane. Temperaturen kan påverke lydnivået.

«Det må utarbeidast ny støyberekning som er basert på ein temperatur som er reell for området», heiter det i klagen.

Kommunen reagerer også på at det i prosessen med vindkraftverket ikkje har vore ei utgreiing av helsekonsekvensar, og hevdar dette ikkje er i tråd med folkehelselova.

– Vi ser at dette vil gå ut over helsa til dei som bur i nærleiken, og det er derfor vi har klaga inn vedtaket, utdjupar Kristensen.

NRK er også kjend med at enkeltpersonar har send inn klage mot vindkraftverket.

Kjetil Slettebø

Kjetil Slettebø er ordførar i Bjerkreim kommune.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I nabokommunen Bjerkreim er situasjonen annleis.

Her har det kome inn klagar frå totalt 18 personar, men først etter at saka hadde vore på høyring og klagefristen var ute, fortel ordførar Kjetil Slettebø.

– Kommunen har etterspurd Norsk Vind om planar for støymåling. Etter dette vil vi svare tilbake til dei som har klaga på støyen, seier han.

Saka er i prosess i kommunen, og når dei får svar frå Norsk Vind vil dei vurdera om den skal behandlast politisk.

Regelverket opnar for dette

Øyvind Leirset i NVE fortel at dei følgjer den norske retningslinja for støy, som er fastsett av Klima- og miljødepartementet og rettleiaren til Miljødirektoratet, i konsesjonsbehandling av vindkraft.

– Utgangspunktet er at dei anbefalte grenseverdiane skal overhaldast og at vindkraftverk skal planleggjast og byggjast slik at naboar ikkje får eit støynivå som er over den anbefalte grenseverdien, skriv Leirset, som er seksjonssjef for miljøtilsyn av energianlegg, i ein e-post til NRK.

Øyvind Leirset, leder for miljøtilsyn i NVE

Øyvind Leirset er seksjonssjef for miljøtilsyn av energianlegg i NVE.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Han legg til:

– Men i enkelte tilfelle kan det vera vanskeleg å unngå støy over grenseverdiane for dei mest rørte av naboane. Miljødirektoratets rettleiing opnar då for at kompensasjon kan brukast i tillegg til avbøtande tiltak som utskifting av vindauge, etterisolering og skjerming av uteplass.

Leirset er gjort kjent med kommunens påstand om brot på folkehelselova, og svarar slik:

– I konsesjonsbehandling av vindkraft skal det takast omsyn til allmenne og private interesser som blir rørt ved, dette omfattar blant anna helseverknader. Det er gjort ein brei og inngåande vurdering av fordelar og ulemper når det blei vedtatt at det skulle vore gitt konsesjon til Måkaknuten vindkraftverk.

– Det er gjennom vilkår i konsesjonen sett krav til fleire avbøtande tiltak, som til dømes støy. Etter NVEs vurdering tar denne behandlinga i tilstrekkeleg grad vare på krava etter folkehelselova. Men den føregrip klagebehandlinga, og er derfor ikkje tatt med.

Leirset uttalar at NVE i klagebehandlinga vil vurdera om det er grunnlag for å gjere om på vedtaket.

– Vi følgjer regelverket

Norsk Vind seier dei er godt kjende med Gjesdal kommune sin klage, men meiner at dei har regelverket på si side.

– Vi konstaterer at vi har følgt opp og gjennomført tiltak i tråd med dei føringar og den praksis som ligg til grunn for tilsvarande saker. Vi meiner difor at vi følgjer det regelverket vi er forplikta å følgja, seier Per Ove Skorpen, dagleg leiar i Norsk Vind.

Klimaklokka

Per Ove Skorpen er dagleg leiar i Norsk Vind.

Foto: Anders Haualand / NRK

Han fortel at dei «har tillit til at NVE som konsesjonsmyndigheit forvaltar regelverket på ein tilfredsstillande måte».

– Vi er glad for at Bjerkreim kommune, som er vertskommune for 13 av dei 22 turbinane i Måkaknuten vindkraftverk er av same oppfatning. Om regelverket bør endrast, er noko politikarane må ta stilling til. Vi vil sjølvsagt følgje det regelverk som blir gjort gjeldande for våre prosjekt, seier Skorpen.