– Det hopar seg opp, seier Kåre Wiig.
I sommar fekk vi eit rekordhøgt prishopp på mat. Nordmenn har endra sine kjøpevanar, og det vert avslørt av at vi vel billigare tomatar til fredagstacoen.
I Noregs største gartneri står Wiig og slit med å få seld dei prisvinnande tomatane sine.
Fordi nordmenn vel billigare grønsaker i butikkhylla, kan dette vere dei siste piccolotomatane som vert produsert her i år.
– Vi er nøydde til å tenkje annleis, seier Wiig.
Kåre Wiig er glad i dei små, delikate tomatane Miljøgartneriet er kjende for. Men å selje med tap går ikkje i lengda, sjølv for entusiastar. Neste runde med plantar kan måtte bli større, billegare frukter.
Foto: Øystein Otterdal / NRKMed dei store tomatane kan gartneriet få meir mat per kvadratmeter dei dyrkar på. Likevel er Wiig mest glad i den vesle piccolotomaten. Han meiner den smakar langt betre og har fleire viktige næringsstoff enn den store.
Foto: Øystein Otterdal / NRKSel med tap
Fleire store gartneri NRK har prata med fortel det same: Matvarekjedene har måtta presse prisane, og bøndene har måtta vere med på billigkampanjar. Sjølv med premiumprodukt som smakstomatar.
– Det er kampanjar som vi tapar store pengar på, seier Wiig.
– Men er ikkje slike småtomatar eigentleg ei luksusvare?
– Du kan sei kva du vil, men eigentleg har småtomatane fått eit godt ry på seg for fantastisk smak. Du får ei smaksoppleving, svarar den røynde gartnaren.
Dei store tomatane får gartneria no seld i butikkane. Verre er det med dei små, meir delikate. Piccolotomatane frå Wiig vann i 2015 pris som årets grønsak frå Det norske måltid.
Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal– Ein kostnadstsunami
Landbruks- og matminister frå Senterpartiet, Sandra Borch, seier ho føler med bønder som vert nøydde til å legge frå seg suksessoppskrifta si og tenkje på nytt.
– Vi ser jo ein kostnadstsunami på ei rekke innsatsfaktorar for alle saman. Eg skjønar jo at ein må vurdere drifta si etter korleis verda og marknaden endrar seg. Situasjonen endrar seg jo frå veke til veke, nærast, seier ho.
– Tenkjer du det er lurt at bønder går litt vekk frå «dyrvarer», eller kva ein skal kalle slike tomatar?
Borch trur nordmenn vil halde fram med å velje norsk mat og at situasjonen stabiliserer seg når krig og straumkrise roar seg.
Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK– Er det noko vi opplevde i Noreg under pandemien, er det jo at nordmenn er blitt veldig opptekne av å velje norsk. Vi er blitt veldig opptekne av lokalmat. Eg trur jo det er framtida. Eg trur at nordmenn også kjem til å velje lokalmat framover, svarar ministeren.
– Avslører dette noko om norsk matpolitikk? Kan og bør vi halde fram med satsing på varer som smakstomatar og brokkolini når situasjonen er som den er?
– Det må jo den einskilde bonden finne ut av, kva ein skal produsere, men samstundes meiner jo eg at vi har potensial for å auke frukt og grønt-produksjonen i Noreg.
Ikkje det siste vi ser
– Det er inga tvil om at mange nordmenn er uroa for eigen økonomi i desse tider og at mange er blitt betydeleg meir prisbevisste no enn tidlegare, seier Thea Olsen.
Ho er forbrukarøkonom hjå Danske Bank.
Olsen trur at det at dei dyrare lokale tomatane må vike for langreiste, større tomatar er eit resultat av økonomisk usikre tider.
Thea Olsen trur ikkje endringa i tomatkjøp er det siste vi har sett av at nordmenn strammar inn på luksusvanar.
Foto: Danske Bank / Sturlason– Det er fort gjort å bli skremd av prisane vi ser på matbutikken, seier ho.
Likevel er ho viss på at det ikkje er dei dyre tomatane, men auka rentekostnadar og inflasjon som vil bite mest i lommeboka – og at det vil vare ei stund:
– Sjølv om dei aller fleste vil klare å handtere dette, er det mange som vil verte pressa til å justere ned forbruket sitt, stramme inn på «luksusvanar», eller til dømes kutte i matbudsjettet.
På gartneriet til Wiig står der framleis kassar med dei delikate piccolotomatane. Snart må han så vintertomatane og må bestemme seg for om han tør å halde fram med å satse på smakstomatane.
Foto: Øystein Otterdal / NRK