Hopp til innhold

Verda treng mat. Så bonden Jon Lea satsar på å dyrka korn i risikoområde

Åkrar med kveite som skal bli til brød er svært sjeldan kost på Jæren i Rogaland. Men bonde Jon Lea kjenner på eit moralsk ansvar når verda manglar mat.

Jon Lea og Arne Vagle

ØNSKER Å SATSE: Bonde Jon Lea har tru på dyrking av matkorn på Jæren. Arne Vagle i Norsk landbruksrådgivning hjelper til med gode råd på vegen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er nesten litt romantisk dette her, ler bonde Jon Lea medan han går gjennom åkeren sin.

Kveiteaksa som nærast dansar i sommarbris, skal etter planen bli til tusenvis av brød.

Om det slår til.

For dette er risikosport når ein bur i Rogaland.

– Korn på Jæren er jo litt risiko, men det verste som kan skje er at det blir fôrkorn til kyr. Det blir jo mat av det òg, for du får mjølk og kjøt, seier Lea.

Kveiteaks - nedanfrå

UVANLEG SYN: I denne delen av landet er det ikkje mange som dyrkar matkorn.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Krig og tørke i Europa

Somrane i denne delen av landet byr gjerne på mykje nedbør og låge temperaturar. Ikkje like gode vilkår som på Austlandet.

Bonden på Varhaug i Hå kommune har likevel tru på kveite.

Jon Lea i kornåkeren

HAR TRUA: Jon Lea har tru på matkorn i Rogaland. Uansett blir det mat.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er ikkje tilfeldig at han har valt å satse akkurat i år. Konsekvensane av krigen i Ukraina og tørke sør i Europa gjer at han kjenner på eit moralsk ansvar.

– Verda treng mat, og det er kornmangel. Dette arealet har potensial til å gi 80 tonn matkorn, og det blir det ganske mykje brød av. Då slepp vi å kjøpe det framføre nasen på nokon som treng det brødet ein annan stad i verda, seier han.

Les også Hva skal vi spise hvis grensene stenges?

Kathrine Bergstaa i kassa i butikken.

Regjeringa ønsker at fleire dyrkar matkorn

Det er allereie mange kornåkrar i matfylket Rogaland, men dette er for det meste bygg som blir brukt til kraftfôr. Nå vil regjeringa at fleire skal dyrke matkorn.

Difor gav dei meir pengar til produsentane i årets landbruksoppgjer då målprisen auka frå 380 til 480 kroner per hundre kilo.

Les også Bonden satsa alt på matkveite – usikker på framtida

001ABE15-0EBD-438E-910C-A6EAE9721ECF

– Viss du lukkast, er det meir pengar i kveite enn bygg. Pengar er jo ein motivator, og det etiske med å produsere matkorn på Jæren trur eg mange tenner på, seier Arne Vagle i Norsk Landbruksrådgivning.

Arne Vagle i kornåkeren

FLEIRE VIL: Arne Vagle i Norsk Landbruksrådgivning blir kontakta av fleire som vil prøve å dyrke matkorn.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Regjeringa vil at 90 prosent av matkornet skal vere norsk innan 2030.

– Viss vi går 50 år tilbake i tid, blei så godt som all matkveiten som blei brukt i Noreg importert. Fram til dagens situasjon, der brorparten er norskprodusert, har det gått føre seg ein stille revolusjon som norsk kornbransje har all grunn til å vere stolte av, skriv landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) i ein e-post til NRK.

Sandra Borch

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Foto: Torbjørn Tandberg

Lea har trua

Ho meiner det er positivt at Lea på Varhaug vil dyrke matkveite, men seier norsk landbruk stort sett er basert på at ein produserer det som passar best i dei ulike landsdelane.

– Det vil seie korn på Austlandet og i Trøndelag, og gras og husdyr på Vestlandet, dalane på Austlandet og i Nord-Norge. I sum gir dette best utnytting av de moglegheitene vi har for matproduksjon i Noreg, og dermed også sjølvforsyningsgraden, skriv Borch.

Vagle i Norsk Landbruksrådgivning har gitt bonde Lea råd undervegs.

– Om dette lukkast er det fleire som vil vere med. Eg fekk ein telefon seinast i dag frå ein som lurte på om han skulle dyrke meir korn, seier Vagle.

Bonde Jon Lea har i alle fall trua.

– Jærsk matkorn. Det hadde vore tøft, seier han.

Les også Dyrker frem korn som skal tåle fremtidas klima

Polutunell ved Vollebekk forsøksgård.