Hopp til innhold

Nå er krabben skikkeleg god

... men det er mykje du skal vera klar over før du dreg den i land.

Krabbefiskar Kristian Olsen

Kristian Olsen frå Kvitsøy har vore fiskar i 23 år. Saman med sonen Sindre trekk dei opp fleire hundre krabbeteiner i sommar. På ein god dag får dei om lag tusen krabbar.

Foto: Ingvild Bjorland / NRK

Ein kald sommar har gjort at krabbefiskar Kristian Olsen frå Kvitsøy ikkje har vore nøgd med kvaliteten på krabben. Men i dei siste teinene han har trekt, stemmer både storleiken og innmaten.

– Det må vera sommar på land for at krabben skal vera god, men krabbane eg har fått i dag ser fantastisk flotte ut, seier han medan han dregg opp teine etter teine full av krabbar.

Sjølv er han fiskar med dispensasjonar frå reglane, som den vanlege fritidsfiskaren må forholda seg til. Men for vanlege fiskarar er det mange ting ein må vera klar over. Her er dei viktigaste:

Minstemål

Dersom krabben er 11 centimeter eller mindre ved skallet sin største bredde, får du ikkje ta den opp. Dersom du fiskar nord for Rogaland må den vera litt større. Der er grensa 13 centimeter.

Teiner

Du kan maks nytta deg av 20 krabbeteiner, og kvar teine skal vera tydeleg merka med namn og adresse.

Det skal minst vera ein sirkelforma fluktopning på kvar side av teina. Denne skal ha opning på minst 80 millimeter. Opningane skal vera plassert langt nede på teina, slik at det skal vera lett for hummar å koma seg ut.

Regelen om fluktopning gjeld heile norskekysten så langt nord som til Tysfjord kommune i Nordland.

Djupn

Frå svenskegrensa til Varnes fyr på Lista er minimumsdjupna for å setja krabbeteiner 25 meter. I resten av landet er det ikkje sett minimumsdjupn.

Heilagdagsfreding

I perioden hummarfisket går føre seg, frå 1. oktober til 31. desember, er det forbode å setja eller trekka teiner på kyststrekket frå og med Vest-Agder til grensa mot Sverige frå og med laurdag klokka 24.00 til og med sundag klokka 24.00.

Utlendingar

Utlendingar har ikkje lov å trekka krabbe i teiner. Berre med laust utstyr.

Klørne

Det er forbode å brekka klørne av levande krabbar.

Flere nyheter fra Rogaland