– Hallooooo Ove!
Sju stemmer helsar velkommen når Ove Stumo kjem inn gjennom garasjedøra si. Styremedlemmene i Motvind Tysvær sit rundt eit svært bord inne i garasjen.
Eller, det er ikkje berre ein garasje.
– Det er ein verkstad. Ein verkstad for maskinar og for folk som bryr seg, understrekar Stumo.
Styremedlemmer i Motvind Tysvær rundt bordet inne i verkstaden til Ove Stumo.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKHer har styremedlemmene hatt mange søndagsmøte dei siste åra. Møter for å tenkje ut korleis dei skal hindre meir vindkraft i Tysvær og bli kvitt vindmøllene som alt er sette opp.
Nå satsar dei politisk
Aksjonistane har vist godt igjen. Dei har stengt anleggsvegen inn til vindturbinane på Hervik-fjellet.
Aksjonistane i Motvind Tysvær stansar trafikken inn i vindkraftområdet på Hervik-fjellet
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKDei har protestert på gata, gjennom folkemøte og ikkje minst i innlegg i aviser og sosiale media.
Dei har fått kommunestyret til å seie nei til nye vindkraftutbyggingar i kommunen. Men dei klarte ikkje å stansa dei to prosjekta som i dag står på Hervikfjellet og i Gismarvik.
Nå har dei kome fram til at det ikkje er nok å vera aktive aksjonistar.
– Me kjem for seint inn i prosessen. Me må tidlegare inn for å påverke, og då er løysinga lokalpolitikken, seier Hildegunn Hervik Flengstad.
Ove Stumo sit til høgre. Her er han saman med Trond Hovda i Motvind Tysvær.
Foto: Gisle Jørgensen / NRKHo stiller som ordførarkandidat for Sosialistisk Venstreparti i Tysvær.
I tillegg har fem andre i den inste kjernen i Motvind Tysvær har gått inn i SV, Raudt og Industri- og næringspartiet.
Mange politikarar i Motvind
Motvind består av mange lokallag rundt om i landet, og dei har ikkje noko oversikt over kor mange av medlemmene som har engasjert seg politisk.
Men NRK har snakka med Motvind-medlemmar i Bergen og Høyanger som har gått inn i lokalpolitikken.
Seks av styremedlemmene i Motvind Tysvær står på vallister denne hausten.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK– Men me ser positivt på alle vindkraftmotstandarar som vel å gjera det, opplyser administrativ leiar, Jørund Nygård.
Dei tar ein sjanse
Professor og valforskar Eli Skogerbø ved Universitetet i Oslo (UiO) seier at det å ha eit stort engasjement for ei sak er ein vanleg grunn til å engasjere seg politisk.
Eli Skogerbø, valforskar UiO
Foto: Universitetet i Oslo– Dette er sjølvsagt heilt i orden og ein demokratisk rett som innbyggjarar har, seier ho.
Det einaste problemet måtte vera at kommunestyret i Tysvær kan bli dominert av vindkraftmotstandarar. Då kan temaet bli så sentralt at det tar interessa vekk frå andre tema som barnehage og sjukeheim, vurderer Skogerbø, før ho legg til:
– Men me veit jo alle at det ikkje vil skje. Og i tillegg er Motvind-folka fordelt på i alle fall tre parti.
– Men dei tar jo ein sjanse. Dei kan bli stemt ned i eige parti og må stemme slik partiet bestemmer. I for eksempel Industri- og næringspartiet kan det vera forskjellige oppfatningar av vindkraft, seier Skogerbø.
Toler godt aksjonistar i politikken
– Det er flott at så mange vindkraftfolk vil inn i politikken, seier ordførar Sigmund Lier (Ap) i Tysvær.
Sigmund Lier, ordførar i Tysvær (Ap) har fått merka motstanden mot vindkraft i kommunen sin.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKLier reknar med at vindmøller kjem til å bli ein viktig del av valkampen i Tysvær.
Han trur lokalpolitikken i Tysvær vil klare seg godt sjølv om det skulle koma mange vindkraftmotstandarar inn i kommunestyret.
Skal endre frå innsida
– For eitt år sidan sa eg at eg aldri skulle inn i politikken, seier Hildegunn Hervig Flengstad.
Nå er ho på førsteplass på SV si liste. Og mannen John E. Flengstad stiller på 2.-plass for Industri- og næringspartiet.
Begge ektefellane tar sikte på å koma inn i lokalpolitikken i Tysvær
Foto: Ingvald Nordmark / NRKHo endra meining etter å ha oppdaga kor sentralt lokalpolitikarane står i det meste som skjer i Tysvær kommune.
– For å kunne endre noko, må du vera med der, seier Hervik Flengstad.
Ho vil blant anna kjempa for at dei som opplever mykje støy frå vindmøllene skal få hjelp frå kommunen. Det kan vera å pålegge vindkraftselskapa å redusere støyen eller å sørge støydemping.
Opplevde å bli bagatellisert
Ann Jorun Hillersøy frå Bergen engasjerte seg i kampen mot vindkraft i 2019. Året etter var ho på Haramsøy i Møre og Romsdal og opplevde kampen mot vindmøllene der.
Men ho opplevde også at lokalsamfunnet si meining blei overkøyrt.
Sjansen for at kommunen tar feil vedtak i saker om vindkraft minkar når kommunestyremedlemmene kjenner dette området, meiner Ann Jorun Hillersøy.
Foto: PrivatSeinare tykte ho ofte at både politikarar og media prøvde å bagatellisera Motvind sin kamp mot vindkraft. Då bestemte ho seg for å gå inn i politikken for å vinna fram.
Og då Industri- og næringspartiet (INP) sitt program viste at dei var mot vindkraft både på havet og på land, enda ho der. I haust er ho toppkandidat for INP i Bergen.
Har eigentleg ikkje tid
Ove Stumo står på jumboplass på Raudt si liste i Tysvær.
– Og du satsar på å koma inn i kommunestyret?
– Nei, for det har eg ikkje tid til, slår han fast, og peikar på alle maskinar og bilar som står på gardsplassen.
Ove Stumo er på lista til Raudt i Tysvær.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKMen skulle han likevel bli vald inn, så er han ikkje redd for at byråkratane i kommunen skal gjera aksjonistane meir redde for å seie ifrå.
– Nei, så lenge me held oss på verkstad-nivå, så går det bra. Men me må ikkje slutta med møta våre her, seier Stumo.