Hopp til innhold

Irene får ukjende meldingar som kan vere video av drapet på dottera

Terroristane filma då dei drap Maren og Louise for over tre år sidan. Ei av mødrene får framleis videoen tilsendt, men håpar at strengare lover for sosiale medium-gigantar som Facebook kan hjelpe.

Irene Ueland

Irene Ueland får månadleg tilsendt meldingar frå ukjende. Meldingar som kan vere videoen terroristane filma den dagen. Ho håpar vi i Noreg kan få strengare reglar slik dei no snakkar om i Danmark. Biletet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Irene Ueland får månadleg tilsendt meldingar frå ukjende. Meldingar som kan vere videoen terroristane filma den dagen. Ho håpar vi i Noreg kan få strengare reglar slik dei no snakkar om i Danmark. Biletet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Basecamp Club Alpin Français ved foten av Toubkal i Marokko
2018: To kvinner vert funne døde ved foten av Toubkal-fjellet i Marokko.
Louisa Vesterager Jespersen
Danske Louisa Vesterager Jespersen vart 24 år gamal.
Maren Ueland
Maren Ueland frå Bryne i Rogaland vart 28.
Bilder av studentene Maren Ueland (28) fra Bryne og danske Louisa Vesterager Jespersen (24)
Dei vart drepne medan dei var på tur i fjellet saman.
Rettssak mot tiltalte i Marokko
Til no har fire menn vorte dømde til døden for terrorangrepet.
20 andre er tiltalt i saka.
Foto: Torbjørn Brandseggen / Privat / Anne Lognvik

Den fælslege handlinga vart også filma av dei terrordømde mennene sjølv og delt på Facebook.

I staden for å forsvinne i sensuren til sosiale medium vart den delt vidare og spreidde seg heilt til dei etterlatne familiane i Danmark og Noreg.

Irene Ueland, mor til Maren, får ukjende meldingar i innboksen sin kvar månad – meldingar ho aldri opnar.

Frykta er at ei av meldingane skal innehalde videoen.

Det same får danske Louisa sin familie. Både mora og søstera hennar opplever at utanlandske profilar gjentekne gongar sender dei videoen av at Louisa vert drepen.

Det vil danske politikarar få bukt med med lova i hand, skriv Danmarks radio (DR).

Irene, med norske politikarar i ryggen, meiner Facebook bør stå til ansvar for å ikkje stoppe videoane.

Prøvar å beskytte seg

Kort tid etter drapet på dotter hennar i 2018 vart Irene ringd opp. Ho vart åtvara mot å bruke sosiale medium og oppfordra til å åtvare resten av familien også – ein fælsleg video var byrja sirkulere på nettet og fleire retta seg bevisst mot dei døde kvinnene sine næraste.

Ho beskytta seg sjølv i månadsvis ved å ikkje bruke sosiale medium i det heile teke.

Men no, meir enn tre år etter terroren, er det framleis eit problem.

– Månadleg kjem det meldingar inn til meg, seier ho.

Irene Ueland

– Eg har aldri sett den filmen. Aldri. Og eg kjem aldri til å sjå den, seier Irene Ueland. Biletet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Marte Skodje / NRK

Ho har sletta kontoane sine på fleire sosiale medium, men har beheldt Facebook og Messenger for å kunne ha eit normalt liv.

Men trass i at ho trør forsiktig på nett og prøvar beskytte seg, kjem framleis ukjende meldingar i innboksen hennar.

– Der kjem det inn. Eg har slik ei sperre på, men dei klarar jo kome gjennom ganske mykje. Men eg opnar aldri nokon ting fordi eg er redd for kva som kjem, seier Irene.

Ho tek forholdsreglar på nettet og opnar aldri meldingar som kjem frå kontoar ho ikkje kjenner.

Sjølv med dei strenge reglane ho har sett for seg sjølv, er det nokon som prøvar å ta kontakt og sende lenkjer og filer.

– Eg lagde ei hundegruppe på Facebook, og der og prøvar dei med jamne mellomrom.

Diverre trur Irene at ho aldri kan verte heilt sikker på nettet.

– Vi har blitt fortald av politiet og Kripos at den filmen vil vere på nettet for evig og alltid, at det ikkje går an å fjerne den. Det er vi nøydde til å leve med, seier ho.

Strammar inn lovene i Danmark

Helle Vesterager Jespersen er mor til Louisa. Til DR fortel ho at ho dei tre åra sidan terrorangrepet stadig har blitt tilsendt videoen av at dotter hennar vert drepen.

Gong på gong har ho rapportert videoane, men teknologigiganten Facebook har ikkje greidd å halde dei ute av innboksen til familien.

Louisa Vesterager Jespersen

Familien til Louisa Jespersen har også saksøkt Facebook for å ikkje gjere meir for å stoppe drapsvideoen.

Foto: Privat

No har ho også saksøkt selskapet.

I februar skal den danske regjeringa leggje fram eit lovforslag som vil pålegge selskap som Facebook å fjerne ulovleg innhald innan 24 timar etter at det vert meld til politiet, skriv DR.

– All ære til Helle som har greidd å stå i det og jobba med det, for det har jo vore fælsleg, seier Irene og seier Jespersen har gjort ein fantastisk jobb.

Opposisjonen i landet vil ta lova endå lenger og pålegge selskap som Facebook å sørge for at ulovleg innhald ikkje kan lastast opp på nytt, slik at det kan dukke opp igjen og igjen, trass i at det vert rapportert og fjerna.

Men nett det trur ikkje Meta, selskapet bak Facebook, er praktisk mogleg å gjennomføre.

Sjølv om vi absolutt ikkje ynskjer å ha dette innhaldet liggande på vår plattform, finnast det ikkje ein magisk knapp som kan fjerne alt. Det er ingen teknologi som heilt kan forhindre at materialet knytt til terrorhandlinga dukkar opp igjen, skriv Martin Ruby, direktør for offentleg politikk for Meta i Norden, til NRK i ein e-post.

– Det burde vore eit lovverk

– Det burde vore eit lovverk på at dei må stå ansvarlege for kva som kjem ut. Facebook bør stå til ansvar, sjølvsagt, seier Irene.

Og ho får støtte frå fleire norske politikarar.

– Det er jo opp til brukarane kva dei legg ut der, men når dei er so store at nesten 4 millionar nordmenn er kopla på, må vi sjølvsagt stille strenge krav til dei, seier Sveinung Stensland (H), andre nestleiar i Justiskomiteen på Stortinget.

Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H)

Sveinung Stensland (H) meiner Facebook har «gigantiske inntekter» og at dei bør bruke ressursar på å hindre spreiinga ulovleg innhald.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Også Andreas Unneland, justispolitisk talsperson i SV, støttar å sjå på strengare lover i Noreg.

– Aktørar som Facebook har eit stort ansvar for å hindre spreiing av ulovleg materiale på deira plattform, og det er nok behov for å sjå på om lovverket i tilstrekkeleg grad held aktørane ansvarleg, skriv han i ein e-post til NRK.

Leiaren av Justiskomiteen og tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen seier ein må sikre at eventuelle reglar føl rettsprinsippet og går via domstolane, ikkje berre politiet.

Per-Willy Amundsen, justispolitisk talsmann, Frp.

Per-Willy Amundsen (FRP) er oppteken av at ein har to tankar i hovudet samstundes: ein kan stramme grepet om ulovleg innhald, men må halde innhald på sosiale medium frå å verte sensurert.

Foto: Bjørn Inge Bergestuen / Fremskrittspartiet

Han er likevel klår på at selskap som Facebook ikkje kan skulde på tekniske utfordringar og la problemet vere.

– Det er ikkje godt nok. Dei må vere med på å finne ei løysing på eit problem dei har skapt, seier Amundsen.

Maria Aasen-Svendsrud (Ap) er første nestleiar i justiskomiteen, like under Amundsen. Ho seier regjeringa skal setje ned ein ekstremismekommisjon, og at slikt som drapsvideoen kan verte aktuelt å arbeide vidare med.

Marens idear lever vidare

Maren hadde ein økosofisk visjon om eit samfunn der naturen og friluftslivet kunne fremje kunnskap, verdiar og forståing for kvarandre.

Dette lev no vidare i Marengardens Peacebuilding Foundation Mother to Mother, ei stifting danna av Irene.

Stiftinga skal arbeide for å fremje kunnskap og førebygge ekstremisme og hatefulle haldningar.

Sjølv har eg vald å bruke mine krefter og overskott til stiftinga kor vi har rekruttert mellom anna erfarne og dyktige fagekspertar som saman sit på ein sterk tverrfagleg spisskompetanse på radikalisering og valdeleg ekstremisme – i tillegg til å ha ein sterk interkulturell og internasjonal kompetanse, seier Irene.

I løpet av neste månad vil vi introdusere våre ressurspersonar, prosjekt og fokusområde på vår Facebookside, seier ho.

Maren Ueland

Familien til Maren Ueland skildrar ho som ei friluftsglad og livleg jente som meinte naturen kunne vere med på å knyte menneske saman.

Foto: Privat