Hopp til innhold

Vann i retten – får parodiere «nazifrisør»

Merete Hodne fekk ikkje medhald i Stavanger tingrett. Revygruppa Løgnaslaget kan halda fram med å bruka omgrepet «nazifrisør» i sin revy.

Per Inge Torkelsen i retten

Løgnaslaget møtte opp i tingretten med fangeluer på. I dag fekk dei medhald.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Yes, me fekk medhald. Dette er veldig viktig for humoren og for ytringsfridomen. Me kan spela revy og treng ikkje å bli sensurerte av ein hårsår frisør frå Bryne, seier Per Inge Torkelsen i Løgnaslaget.

Det var Merete Hodne som gjekk til sak mot revygruppa Løgnaslaget. I revyen deira «Løgnasevangeliet», syng dei om «nazifrisøren» frå Bryne, og det var dette omgrepet Merete Hodne gjekk til retten for å få fjerna. Men ho vann ikkje fram.

Merete Hodne fekk ikkje medhald i Stavanger tingrett. Revygruppa Løgnaslaget kan halda fram med å bruka omgrepet «nazifrisør» i sin revy.

Tingretten ville ikkje sensurera

Til no har Løgnaslaget spelt «Løgnasevangeliet» nesten 60 gonger, og 25.000 har sett førestillinga. Då Merete Hodne forklarte seg i retten på onsdag, sa ho at ho har hatt det fælt sidan ho blei omtala som «nazifrisør».

– Det går ut over foreldra mine, ungane syntest det røyner på, kundar skjemst. Eg vurderer å stengje salongen for å bli kvitt nazifrisør-stempelet, fortalde Hodne.

Men medhald for sitt krav fekk ho ikkje, det kjem fram av rettsavgjerda frå Stavanger tingrett som kom i dag.

I rettsavgjerda står det at retten har forståing for at det kan opplevast sårande og krenkande å bli omtala som nazi. Men retten meiner likevel at det ikkje er grunnlag nok for gi Hodne mehald i å pålegga Løgnaslaget å slutta å bruka ordet "nazifrisør" i framtidige framføringar.

Løgnaslaget må likevel betala sine sakskostnadar.

– Det er greitt nok. Det er ikkje det viktigaste, og me skal stå i og betala, men eg trur Brynjar Meling kjem til å anka det. Eg føler ikkje at det er riktig at me skal måtte betala når det er ho som har sett i gong dette, seier Torkelsen.

Har varsla erstatningskrav

Merete Hodne møter Løgnaslaget i retten

Merete Hodne vann ikkje fram med kravet om å få fjerna bruken av omgrepet «nazifrisør».

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Merete Hodne seier til NRK at ho føler seg mobba, og at ho ikkje vil uttala seg meir om saka.

Men Hodne sin advokat, Linda Ellefsen Eide, seier at dei no vil gå til erstatningssøksmål mot Løgnaslaget. Kor mykje dei vil krevja i erstatning er ikkje klart.

– Vi meiner det er ein god kjennelse. Retten har tatt tid til å vurdere kravet til Hodne på ein god måte. Det er god å sjå at retten langt på veg gjer henne medhald i at å bruka ordet «nazi» ikkje er ok, seier Hodnes advokat Linde Ellefsen Eide til NRK.

Frisøren Merete Hodne frå Bryne blei kjend då ho blei dømd for å ha nekta ei muslimsk kvinne med hijab tilgang til frisørsalongen sin. Den saka har ho anka til høgsterett.

Løgnaslaget

Revygruppa Løgnaslaget syng om ein hårsår «nazifrisør» frå Bryne i revyen «Løgnasevangeliet».

Foto: Anders Fehn / NRK