Hopp til innhold

– Skulle vi bli dømt, hamner vi i historiebøkene

Merete Hodne vil at ordet «nazifrisør» skal fjernast frå ein revy i Stavanger. I dag møter ho Løgnaslaget i retten.

Dag Schreiner og Per Inge Torkelsen og dei andre frå revygruppa Løgnaslaget møtte i Stavanger tingrett ikledd stripete luer. Frisør Merete Hodne har gått rettens veg for å få ordet «nazifrisør» fjerna frå eit revynummer om henne.

VIDEO: Dag Schreiner og Per Inge Torkelsen og dei andre frå revygruppa Løgnaslaget møtte i Stavanger tingrett ikledd stripete luer. Frisør Merete Hodne har gått rettens veg for å få ordet «nazifrisør» fjerna frå eit revynummer om henne. FOTO: OLE ANDREAS BØ

Per Inge Torkelsen i retten

Per Inge Torkelsen før han gjekk inn i rettslokala.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Skulle vi bli dømt, hamnar vi vel i historiebøkene. Det har vel ikkje skjedd på 140 år at nokon blir dømt for noko sånt, sa revyartist Per Inge Torkelsen på veg inn i Stavanger tingrett onsdag.

Han er ein av medlemmane i revygruppa Løgnaslaget, som onsdag møter i retten fordi dei brukar ordet «nazifrisør» i eit revynummer.

Frisøren Merete Hodne frå Bryne blei kjend då ho blei dømd for å ha nekta ei muslimsk kvinne med hijab tilgang til frisørsalongen sin.

Meiner humoristar må ha spelerom

Nå skal Stavanger tingrett vurdera om ordbruken er ulovleg, og om det bør fjernast frå revyen «Løgnasevangeliet». Viss ordet ikkje blir fjerna, vil Hodne krevja erstatning, og kravet vil auke for kvar gang Løgnaslaget bruker omgrepet «nazifrisør».

Fleire ekspertar NRK har snakka med trur ikkje Hodne kjem til å få medhald.

Advokaten til Løgnaslaget, Brynjar Meling, avviser kravet om å fjerne ordet «nazifrisør», og la ned påstand om at Løgnaslaget skal få dekt sakskostnadar på 75.000 kroner. Meling trekte fram viktigheita av at humoristar har spelerom.

– Både kristne, homofobe, rasistar og muslimar er blitt utsett for humor frå Løgnaslaget. Dei har ei lang historie med å sparke mot intoleranse og tabu. Vi står i ei brytningstid kor det fell harde ord i innvandrings- og integreringsdebatten, sa Meling i retten.

Revy sett av meir enn 25.000

Det var Hodne sjølv som valde å ta saka til retten. Merksemda har berre vore positiv for Løgnaslaget, ifølgje Meling.

Merete Hodne møter Løgnaslaget i retten

Merete Hodne i Stavanger tingrett før rettssaka starta.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Hodne har hausa dette opp, og gjort at Løgnaslaget har fått meir publisitet enn på mange år. Dei har måtta setja opp ekstraførestillingar, seier han.

Då Merete Hodne forklarte seg, sa ho at ho har hatt det fælt sidan ho blei omtalt som «nazifrisør». Til no har Løgnaslaget spelt «Løgnasevangeliet» nesten 60 gonger, og 25.000 har sett førestillinga.

Hodne sa også at det var barnsleg då komikaren Niklas Rønning framførte songen om henne på NRKs Nytt på nytt, men meiner ordet nazi er over streken.

Vurderer å stengje frisørsalongen

– Det går ut over foreldra mine, ungane syntest det røyner på, kundar skjemst. Eg vurderer å stengje salongen for å bli kvitt nazifrisør-stempelet, seier Hodne.

Då advokat Meling spurte etter kva for kundar som skjemst, ville Hodne ikkje opplyse namna.

Per Inge Torkelsen i retten på grunn av revynummer

Per Inge Torkelsen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Per Inge Torkelsen forklarte seg også i rettssaka. Frå vitneboksen sa han at revygruppa Løgnaslaget fleire gonger har prøvd å flytte grenser med humoren sin. Men ikkje utan grundige diskusjonar. Og «nazifrisør»-nummeret er mellom dei dei har snakka mest om, sa han, og kom med eksempel på korleis ordet brukast i daglegtale.

– Ein gymlærar eg hadde på Kongsgård blei kalla nazi, og far sa at kona Judith var nazi når det kom til støv, sa Torkelsen.

Det er regissør i Løgnaslaget Pål Magnor Kvammen som har skrive den kontroversielle «Nazifrisør»-sangen. Dersom revynummeret deira blir sensurert samanliknar Kvammen det med sensuren av «Life of Brian» til «Monty Python» i 1980.

Det er regissør i Løgnaslaget Pål Magnor Kvammen som har skrive den kontroversielle «Nazifrisør»-songen. Dersom revynummeret deira blir sensurert samanliknar Kvammen det med sensuren av «Life of Brian» til «Monty Python» i 1980.

Rettsmøtet blei avslutta klokka 12.45 onsdag. Stavanger tingrett skal ha ei avgjersle klar innan fredag klokka 12.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg