På ein leikeplass, ved sida av eit kjøpesenter, i Hillevåg bydel, omtrent 4,5 kilometer frå Stavanger sentrum.
Her møter NRK Per A. Thorbjørnsen, tidlegare sentral Venstre-politikar i Stavanger.
Han er på leiting etter det einaste minnesmerket som er oppført for å heidre vennen og komikaren Per Inge Torkelsen, som døydde 22. juni 2021.
Minnesmerket er plassert på ein vegg inne i eit leiketårn nokre meter over bakken.
Per A. Thorbjørnsen kom seg opp i leiketårnet til slutt. Her ser han minnesmerket for første gong.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK– Er det mogleg?
Etter å ha klatra opp leiketårnet, blir Thorbjørnsen lettare oppgitt over plasseringa.
– Er det mogleg å plassere det meir anonymt enn her? Dette legg nesten ingen merke til. Det tok meg over fem minutt å finne det.
Godt gøymd inne i leiketårnet står følgande sitat frå komikaren:
«Me må ikkje glømma kor me komme frå. Me har ingenting å skjemmast av.»
Dette er det einaste som markerer Stavanger-legenda etter hans død.
Heller ikkje Per Inge Torkelsen sin familie kjende til det.
– Per Inge sitt liv var ikkje akkurat prega av anonymitet. Det kan umogleg vere Stavanger kommune sitt minnesmerke for han. Her må det ha skjedd ei gedigen misforståing, seier Thorbjørnsen.
NRK møter Per A. Thorbjørnsen i Hillevåg bydel i Stavanger. Her leita han i over fem minutt etter den skjulte plaketten.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKHadde større planar
Etter at Per Inge Torkelsens døydde, skulle politikarane i Stavanger kommune sørge for at minnet etter løgnasen og skodespelaren skulle leve vidare.
Det vart bestemt å opprette ein aktivitetspark dedikert til Torkelsen.
– Parken skulle inkludere eit minnesmerke og noko som skulle vere i ånda hans, seier Bjarne Kvadsheim (Sp), som var leiar i utvalet for kultur, idrett og samfunnsdialog i 2021.
Resultatet så langt, derimot, er noko bleikare enn dei opphavlege planane.
Krev endring raskt
Også Kvadsheim reagerer på minnesmerket.
Tidlegare leiar for utval for kultur, idrett og samfunnsdialog, Bjarne Kvadsheim.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK– Dette er ikkje det politikarane sa i 2021. Ein plakett i Hillevåg er ikkje i tråd med det vi har bestemt, seier han.
Thorbjørnsen meiner at det må skje noko raskt.
– Viss dette har bidrege til at ingenting anna skjer, er det ikkje langt unna ein skandale, seier han.
Etter leiteaksjonen på leikeplassen konkluderer Thorbjørnsen med følgjande:
– Dette er litt søtt. Det er litt uskuldig. men det er ikkje svaret på den store minnemarkeringa som har vorte lova. Her trengst det politisk grep, slik at ein får ei stor og flott markering som er Per Inge verdig.
Vil ta grep
Men per no er det ikkje vedteke nokon nye heidringar eller minnesmerke av komikaren.
Etter valet i haust, er det nye politikarar som styrer i Stavanger. Dei vil ikkje sleppe saka, ifølgje noverande leiar i utvalet for kultur, idrett og samfunnsdialog, Cille Ihle (H).
– Eg håpar at eg, saman med utvalet og administrasjonen, får til å lage eit minne om Per Inge Torkelsen som er meir enn det på Hillevåg torg akkurat no.
Cille Ihle (H) vil markere komikaren på ein betre måte.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKHo skildrar Torkelsen som ein stor mann i Stavanger.
– Alle har eit forhold til han. Han må hyllast på ein mykje betre måte enn dette.
Ho har planar om å ta opp saka i det første møtet i utvalet den 13. desember.
Komikar, tryllekunstnar og politikar Per Inge Torkelsen valde seg yrkestittelen «klovn». Her er eit utval perlar frå hans livlege liv som «løgnas».
Leikeplassen vart sett opp etter eit vedtak i ei anna kommunal avdeling, nemleg miljø og utbygging. Rune Askeland (MDG) var leiar i utvalet for miljø og utbygging i 2021.
Han seier til NRK at han er samd med Kvadsheim i at det ikkje var dette dei forventa når Stavanger skal heidre Torkelsen.
Rune Askeland (MDG) var leiar for miljø og utbygging i 2021.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK– Per Inge fortener sjølvsagt meir, seier Askeland.
Han meiner dette må prioriterast.
– Eg skulle gjerne sett at vi fekk ei betre og større markering av Per Inge snarleg, men det viktigaste er at familien blir involvert. Dei kan, saman med kommunen, føreslå ei markering som er verdig.