Hopp til innhold

Menn kjøper syklar dei ikkje brukar

Middelaldrande menn, med betre råd enn treningsiver, toppar bruktmarknaden på dyre og nærmast ubrukte syklar.

Syklar på Finn

På Finn.no kan ein finna fleire rådyre syklar som nesten ikkje er brukt. Det er som regel middelaldrande menn som legg dei ut for sal.

Foto: Finn.no

Dei kjøper syklar som kostar opp mot 100.000 kroner, men bruker dei knapt. Dermed hamnar dei rådyre syklane på bruktmarknaden.

– Kjøper sykkel til ritt

Tidlegare syklist og dagleg leiar av Sandnes sykkelfabrikk, Sondro Norland, er ikkje overraska over at det er middelaldrande menn, med god råd, som toppar marknaden.

Han meiner for mange kjøper syklar som ikkje er tilpassa eiga vekt, kropp og ikkje minst tid.

– Mange planlegg å vera med på eit ritt. Så kjøper dei ein sykkel to veker før rittet. Når rittet er over har dei kanskje brukt sykkelen fire gonger totalt. Når ein då kjem tilbake til kvardagen etterpå har ein ikkje tid til å bruka sykkelen som blir ståande i garasjen, seier Norland.

Mellom 20 og 40.000

«Svært lite brukt», «syklet maks 28 mil», «nesten ikkje brukt», «minimalt brukt», «brukt få gonger». Dette er alle utdrag frå Finn-annonsar til syklar som er svært dyre nye, og som nå skal bli selde.

Dei femten dyraste bruktsyklane som ligg ute for sal på Finn i Rogaland, har to ting til felles. Dei har alle mannlege eigarar og har knapt vore i bruk.

Prisen er mellom 20 og 40 000, nyprisen minst det doble.

– Nordmenn er veldig spesielle når det kjem til trening og sportsutstyr. Når me skal ha produkt til helse og trening kjøper me det me har lyst til eigentleg, seier Norland.

Skilnad på menn og kvinner

Han har 25 års erfaring frå landevegsritt, banesykling og BMX. På sykkelfabrikken designer og bygger han og kollegaene syklar tilpassa den enkelte sitt behov.

– Det er ikkje berre å kjøpa ein sykkel som er to nummer for stor, og tru det skal vera bra. Ein bør ha ein sykkel som er tilpassa seg sjølv, seier han.

– Er kvinner og menn ulike når dei skal kjøpa sykkel?

– Ja, veldig. Mennene har sitje på kontoret og lese seg opp på ulike forum om kva materialval, kva type karbon og kva type lager som er best. Det er på eit gadget-nivå. Utsjåande er sekundært.

– Hos kvinner er det motsett. Dei høyrer på det me tilrår av sykkel, så er dei meir opptekne av farge og design. Dei er mykje kjekkare å jobba med, seier han.