Hopp til innhold

– Å jobba på krisesenter er svært krevjande

Langt fleire dagbrukarar på krisesentera i Stavanger og Haugesund fører til større press på dei tilsette.

Krisesenteret i Stavanger

DAGTILBOD: Dette er eitt av fleire rom der personar som har blitt utsett for vald kan ha samtalar med dei tilsette på krisesenteret i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Frå 2015 til 2016 har krisesentera i Rogaland opplevd ein svært stor auke i valdsutsette personar som søker hjelp hos dei.

Det er spesielt talet på dagbrukarar som går opp, og auken er unik samanlikna med andre store krisesenter i landet. Den kan mellom anna forklarast med vellukka kampanjearbeid for å få ned terskelen for å ta kontakt, opprettinga av desentraliserte kontor og høg arbeidsløyse.

– Auken gir ei større belastning for personalgruppa, som må bruka meir tid på møte med dagbrukarar. Sakene deira er ofte krevjande og samansette og ofte er dette personar som treng hjelp frå det andre hjelpeapparatet, seier Britt Helen Aasbø, som er dagleg leiar ved Krisesenter Vest IKS, som har krisesenter i Haugesund og Stord.

Berre hos dei har talet på dagbrukarbesøk gått opp frå om lag 100 i 2015 til om lag 300 i 2016. Som ein konsekvens av dette har dei lyst ut ei ny 50-prosentstilling.

Monica Velde Viste

Monica Velde Viste er dagleg leiar ved krisesenteret i Stavanger, som dekker 18 kommunar i Sør-Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Vande med uvisse

Terskelen for å ta i bruk dagbrukartilbodet til krisesenteret har tydelegvis gått ned i Rogaland. For også i Stavanger har dei opplevd ein enorm auke. Her var det 70 prosent fleire som brukte dagtilbodet i 2016 enn i 2015. Ifølgje dagleg leiar på senteret, Monica Velde Viste, så er det spesielt «resurssterke» personar som tek i bruk dette tilbodet.

Men her har dei førebels ikkje gjort noko med talet på tilsette. Sjølv om ho i møte med kommunane som betalar for senteret har gitt uttrykk for at auken har vore ei påkjenning for dei tilsette.

– Me er eit akutt lågterskeltilbod og me veit aldri kor mange som kjem. Men det seier seg sjølv at ein ikkje kan ha ein stadig auke i talet på besøkande, utan at me må ha fleire ressursar til å løysa utfordringane vår.

– Korleis går det ut over dei tilsette her?

– Dei merker det jo, men førebels held me stand. Så langt har me blide og nøgde tilsette med lågt sjukefråvær, så førebels går det bra.

Daglig leder for Krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl

Tove Smaadahl er dagleg leiar ved Krisesentersekretariatet.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Ho seier likevel at også dei må vurdera å auka bemanninga dersom det stadig er fleire som tek i bruk tilbodet deira. Noko som vil føra til ei høgare krisesenter-rekning for dei 18 kommunane som betalar for det lovpålagde tilbodet.

Åtvarar mot auka arbeidsmengd

Tove Smaadahl er dagleg leiar ved Krisesentersekretariatet og meiner det er svært viktig at politikarane er klar over at det er stor slitasje på tilsette ved krisesenter i landet. Ho åtvarar mot å auka arbeidsmengda til dei tilsette, og seier at det kan få alvorlege konsekvensar.

– Det å jobba på eit krisesenter er ein svært krevjande jobb. Du skal hjelpa menneske som har vore utsett for vald og krenkingar, og som ofte har store traume. Derfor er det utruleg viktig at dei har nok ressursar til å gi folka som kjem god nok hjelp, seier Smaadahl.

Flere nyheter fra Rogaland