Hopp til innhold

Fleire ressurssterke personar søker hjelp hos krisesenter

Rekordmange valdsutsette får hjelp hos krisesenteret i Stavanger, og ei ny gruppe peiker seg ut. – Det er folk med høg utdanning, som er i jobb og som har eit godt nettverk, seier dagleg leiar ved krisesenteret i Stavanger, Monica Velde Viste.

Krisesenteret i Stavanger

DAGTILBOD: Det er eitt av fleire rom der personar som har blitt utsett for vald kan ha samtalar med dei tilsette på krisesenteret.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Ingenting tyder på at det er meir vald i samfunnet, så me må berre gå ut frå at det er fleire som får hjelp nå enn tidlegare. Det seier dagleg leiar ved krisesenteret i Stavanger, Monica Velde Viste.

Derfor kan det seiast å vera positivt når årstala deira for 2016 syner ein markant oppgang på personar som er innom krisesenteret. Aller størst er auken i kategorien dagbrukarar, altså dei som ikkje overnattar. Her er auken frå 2015 til 2016 heile 70 prosent.

Tal frå krisesenteret i Stavanger

2015

2016

Endring i prosent

Besøk av kvinner

161

207

29 prosent opp

Besøk av menn

28

26

7 prosent ned

Besøk av barn

122

140

15 prosent opp

Dagbrukarbesøk

488

816

67 prosent opp

Desentraliserte kontor

Monica Velde Viste

Monica Velde Viste er leiar for krisesenteret i Stavanger. Dei skal gi eit tilbod for valdsutsette i 18 kommunar i Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Velde Viste peiker på to hovudgrunnar til at dette talet har gått så kraftig opp. Ho meiner at målretta kampanjearbeid frå styresmaktene om vald i nære relasjonar har vore vellukka.

I tillegg oppretta krisesenteret to desantraliserte kontor i 2015, eitt sør i Eigersund og eitt i Ryfylke i Strand. Dette er kontor utan sengeplasser.

– Tidlegare år har nesten alle dagbrukarane kome frå Stavanger og dei nærmaste nabokommunane. Derfor ville me gjera noko med dette. Me visste at ferja var ein barriere for dei i Ryfylke, og me veit at det er langt frå Egersund, seier ho.

Eitt resultat av dette var 60 dagbrukarbesøk frå Dalane i fjor.

– Desverre er det mange som blir utsett for vald, også i distrikta, då er det bra at terskelen for å få hjelp blir lågare. Eg er veldig glad for at me har fått på plass dei desentraliserte kontora, seier leiar for levekårsutvalet i Eigersund, Bente Gravdal frå Arbeidarpartiet.

Ho viser til Bufdir sin statistikk som seier at omlag kvar femte kvinne og mann i Norge opplyser om at dei har blitt utsett for vald eller seksuelle overgrep frå partneren sin.

Meir ressurssterke personar

2016 var eit spesielt år med tanke på flyktningstraumen. Dette er ein faktor som påverka statistikken for overnattingsbesøk i januar og februar, men det skal ifølgje Velde Viste ikkje ha påverka statistikken for dagbrukarar.

Ho seier at dei som tek i bruk dagtilbodet, er ei gruppe dei lenge har ønska å nå betre ut til.

– Me ser at fleire av dei er i jobb, dei har gjerne høg utdanning, dei har nettverk, moglegheit til å skaffa eigen bustad dersom dei treng det og ein del har blitt utsett for mindre alvorleg vald.

Dermed meiner ho at krisesenteret nå har moglegheit til å koma inn på eit tidlegare tidspunkt.

– Me kan fanga opp folk før dei blir skadde av å leva med vald. Har du eit drop-in-tilbod der du ikkje treng henvising, så kan du få hjelp så tidleg at du ikkje blir skadd.