Hopp til innhold

Lærdal: – Naudrespiratorane blir kritiserte på feil grunnlag

STAVANGER (NRK): Dei 1000 naudrespiratorane regjeringa har bestilt kan redde liv om ein ikkje har nok respiratorar, meiner helsestyresmaktene.

Nødrespirator fra Lærdal Medical. Tore Lærdal.

Tore Lærdal i Lærdal Medical i Stavanger illustrerer korleis naudrespiratoren blir brukt. Regjeringa har bestilt 1000 av dei, og dei skal produserast i Kristiansand dei neste månadene.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Erna Solberg sin gladnyheit om at regjeringa bestiller 1000 respiratorar vart raskt plukka frå kvarandre i går. No svarer Lærdal og Stavanger universitetssjukehus (SUS) på kritikken.

Naudrespiratorane er tenkte som eit beredskapstiltak for ein verst tenkeleg situasjon, og det er Forsvarets forskingsinstitutt som har tatt initiativ til dette.

– Naudrespiratorane blir kritiserte på feil grunnlag. Forhåpentleg blir det ikkje bruk for naud-respiratorane, seier Tore Lærdal i Lærdal Medical.

Nødrespiratorer fra Lærdal Medical

Ein av dei nye naudrespiratoren som vart vist fram hos Lærdal Medical i Stavanger tysdag.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Men i verste fall førebur samfunnet seg no på ein situasjon der det innan få veker kan bli eit stort gap mellom tilgjengelege respiratorar og behovet for dei, understrekar Lærdal.

Viss samfunnet må gripe etter naudløysingar, meiner han det òg er tenkeleg at det trengst assistanse frå andre typar helsepersonell enn dei som til dagleg jobbar med denne forma for utstyr.

– Då blir det desto viktigare at naudutstyret som blir nytta, er enklast mogleg å få opplæring i og sikrast mogleg å bruke. Det er desse behova naudrespiratoren er utvikla for å imøtekomme, seier Lærdal.

Sterkt kritisert

Landsgruppa til norsk sjukepleiarforbund av Intensivsykepleiere (NSFLIS) og Norsk anestesiologisk foreining (NAF) går sterkt ut mot regjeringa si bestilling i ei pressemelding:

NSFLIS og NAF ser dessverre på produktet som blir her presentert som inadekvat som behandlingstilbod til intensivpasientar generelt og til COVID-19 pasientar med akutt lungesviktsyndrom (ARDS) spesielt.

Fagmiljøet på Haukeland stiller seg bak fråsegnene frå NSFLIS og NAF.

– Vi blei overraska då vi høyrde om innkjøpet av respiratorane. Prototypen har ikkje blitt testa skikkeleg enno, og det verker som dette har blitt rusha fram. Det har skjedd veldig fort, seier Stig Gjerde, seksjonsoverlege på Intensivmedisinsk seksjon.

Stig Gjerde

Seksjonsoverlege Stig Gjerde og fagmiljøet på Haukeland stiller seg bak kritikken.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Gjerde meiner respiratorane berre kan vere tiltenkt ein ekstrem naudssituasjon.

– Erfaringa vår med korona-pasientar er at dei er så dårlege at vi ikkje ser føre oss at denne maskina kan nyttast på dei. Vi har alternative respiratorar som er betre, og vi skal kome langt ut i pandemien før vi tyr til desse. Dette må vere til naud-bruk med to strekar under naud.

Fagdirektør i Helse Vest, Eldar Søreide, meiner at mykje av kritikken som har kome er heilt rett, og at utstyret er tenkt for nettopp naudssituasjonar.

Eldar Søreide, fagdirektør i Helse Vest

Eldar Søreide, fagdirektør i Helse Vest.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det er ikkje slik at vi planlegg for bruk av denne typen naudrespirator. All planlegging går mot korleis vi skal dekke dette med vanleg type intensivrespirator, seier Søreide.

Skulle situasjonen endre seg, vil det vere eit alternativ å bruke ei handhaldt pustebag på pasientane. Slik fagdirektøren oppfattar naudrespiratorane, er dei ein mekanisert metode som gjer akkurat det.

Respiratorane er ikkje ferdige

Dei 1000 naudrespiratorane som regjeringa har bestilt er ikkje ferdig utvikla, understrekar Søreide.

Stavanger universitetssjukehus (SUS) meiner framleis respiratorane kan ha potensial til å redde liv.

– Vi kan gå god for dei på den måten at vi har vore involverte i den første evalueringa, men det er ein prototype som krev vidare utvikling, seier Søreide, som meiner respiratorane kan vere aktuelle for naud-situasjonar.

Han får støtte frå Espen Nakstad, fungerande assisterande helsedirektør.

Fungerende assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Espen Nakstad, fungerande assisterande helsedirektør. Han har også tatt ein doktorgrad i respiratorbehandling.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen

– Skulle ein koma i ein situasjon utan nok respiratorar, kan ein naudrespirator vere til hjelp for ein del pasientar.

Har involvert fagmiljøet

Statsminister Erna Solberg seier at regjeringa har hatt ein gjennomgang med det intensivfaglege miljøet i forkant av bestillinga.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg.

Foto: Lise Åserud

– Me har trass alt betydeleg bestillingar ute, som er gjort før sjølve koronakrisen. Me jobbar nå for eit «worst case»-scenario, seier ho.

Respiratorane er gjennomgått for å kunne fungere til dette formålet, meiner statsministeren.

– Det er ein respirator til når ein er i naud, når du ikkje har andre respiratorar.