Hopp til innhold

Vil vekk frå oljealderen så fort som muleg

Førstekandidaten for Miljøpartiet Dei Grøne i Randaberg i Rogaland meiner ingeniørane i oljeindustrien kan brukast til mykje anna spennande.

 Førstekandidat for MDG i Randaberg, Alexander Rügert-Raustein

Førstekandidat for MDG i Randaberg, Alexander Rügert-Raustein, utfordrar oljefylket.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Vallogo

– Nedturen for oljealderen kjem, og me ser alt byrjinga på det med nedgang i oljeprisen, seier Alexander Rügert-Raustein, førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Randaberg.

Men han er ikkje så uroa for det som er i ferd med å skje. Med massevis av godt utdanna ingeniørar i området som leitar etter ein ny jobb ligg det tvert om godt an til ei endring, meiner han. Ikkje minst ser han for seg utvikling av andre og meir miljøvenlege energiformer.

– Den kunnskapen som ingeniørane innan olja har, kan brukast til mykje anna også, og den omstillinga vil me styra, seier Rügert-Raustein.

Har ikkje tatt av

Miljøpartiet Dei Grøne er både joker og x-faktor i dette valet. Dei har vind i segla for si hjartesak og dei utfordrar andre parti, som har miljø som viktige punkt i sine valbrosjyrar.

Men oppslutnaden i Rogaland er ikkje veldig høg. 3.9 prosent av stemmene var det høgaste meiningsmålingsresultatet som er målt denne sommaren i fylket.

Det var i Stavanger. I Sandnes nådde dei berre 1.9 prosent, og det same i fylkestingsvalet.

Kjem til å møte motstand

– Partiet har potensial, også i Rogaland, men det er ein del som tyder på at dei vil få det vanskelegare i Stavanger enn i andre storbyar, seier politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Magnus Takvam

Magnus Takvam er politisk kommentator i NRK.

Foto: NRK

Han peikar på at eit parti som går på tvers av den økonomiske politikken som fleirtalet i eit samfunn meiner er ein god idé, normalt vil slite med å få særleg stor oppslutnad.

– Det er nok eit problem for Miljøpartiet i Rogaland, at dette området i ekstra stor grad er avhengig av oljeindustrien, seier Takvam.

Skal ta opp vanskelege tema

Førstekandidaten for MDG i Randaberg, forstår at det ikkje kjem til å bli lett å få mange stemmer i valet til hausten.

Førstekandidat for MDG i Randaberg Alexander Rugert-Raustein, saman med sonen Jonas

Førstekandidat for MDG i Randaberg Alexander Rugert-Raustein, saman med sonen Jonas.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Sjølvsagt er det vanskeleg for folk å koma seg ut av oljeavhengigheten, som har fungert så utmerka som her, seier han.

– Men det er trass i alt berre 15–20 prosent av innbyggjarane som er direkte avhengig av olja. Og det er 80 prosent som ikkje er det, og som kanskje har den avstanden som trengst til å sjå på Miljøpartiet Dei Grøne som eit alternativ, seier Rügert-Raustein.

Dusavikbasen, Stavanger

Dusavikbasen i Stavanger sysselset mange menneske i oljeindustrien.

Foto: Gunnar Morsund / NRK