Kom med tog og vil farge oljebyen grøn

Det er langt frå tilfeldig at Miljøpartiet Dei Grøne vel å halde landsmøte i Stavanger. Dei vil formidle til oljefolket at tida er moden for eit grønt skifte.

I helga er det landsmøte i Miljøpartiet dei Grøne, om lag 80 av delegatane kom til byen med toget.

I ettermiddag kom fleire av delegatane med toget til Stavanger.

I helga held Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sitt landsmøte i Stavanger. Valet av stad meiner dei sjølv passer med bodskapen dei vil formidle.

Rasmus Hansson, Miljøpartiet De Grønne

Rasmus Hansson.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK
Miljøpartiet De Grønne på vei til landsmøte i Stavanger

Landsmøtedeltakarane som kom med toget blei møtt på stasjonen av lokale MDG-politikarar.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Me veit at me må vidare frå oljefasen, og Stavanger er jo staden som merker aller best at dette må skje. Det forsvinn jobbar og skatteinntekter, og det må erstattast, seier nasjonal talsperson i MDG, Rasmus Hansson.

Tok tog til landsmøtet

Fredag ettermiddag kom han med toget til oljebyen saman med 80 andre delegatar frå MDG. Her vil dei snakke høgt om det grøne skiftet dei meiner må setjast i gong no.

I Stavanger-regionen skjer mykje av verdiskapinga i oljerelatert verksemd. Difor har folk i området merka fallande oljepris betre enn dei har andre stader i landet.

– Me er opptekne av at dei som har jobba i olja, og som no trenger nye jobbar, skal ha noko å gå til, seier Hansson.

For å skape arbeidsplassar i grøne næringar, vil dei ha store statlege investeringar og ein aktiv næringspolitikk.

Samanliknar med 70-talet

Han samanliknar satsinga MDG meiner må til, med satsinga som blei gjort i Norge på 1970-talet. I 1971 vedtok Stortinget dei ti oljebud, ti hovudprinsipp som skulle gjelde for norsk oljeverksemd.

I landsmøtetalen presenterte Rasmus Hansson ti hovudprinsipp som MDG meiner må gjelde for å få til eit grønt skifte i norsk næringsliv.

Eitt av dei ti punkta er at oljeindustrien planmessig skal fasast ut over ein 20-årsperiode. Eit anna er at det må etablerast eit statleg selskap for storskala utvikling av ny fornybar energi.

– Det grøne skiftet kjem ikkje av seg sjølv. Det er noko me må villa, og noko me må investera i. Viss me skal få det til, må me satse like mykje på eit grønt skifte som me i si tid satsa på å få i gong oljenæringa, seier Hansson.