– Dersom desse partia seier ja og står saman etter valet, så kjem ingen av dei store partia utanom å ta miljøomsyn i neste periode.
SV har sendt invitasjon til å vera med i ein miljøallianse, Venstre, KrF, Sp og Dei Grøne.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKDet seier førstekandidat for SV i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen.
Han tenkjer då spesielt på politiske avgjerder som har med klimautslepp og transport å gjera.
Dei Grøne er med
– Dette er me positive til og me seier ja til invitasjonen, seier Torfinn Ingeborgrud, som nå er gruppeleiar for partiet Dei Grøne i Stavanger bystyre.
Partiet Dei Grøne støttar ein miljøallianse i Stavanger. Det seier Torfinn Ingeborgrud, leiar i bystyregruppa.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKHan fryktar ikkje at SV får ekstra gratispoeng, gjennom at Dei Grøne seier ja til å bli med i miljøalliansen. Derimot stiller han seg tvilande til om dei andre partia kjem til å velja eit miljøsamarbeid framfor å få vera med i eit fleirtal, som skal styre byen.
– Men partiet Dei Grøne kjem til å jobbe for miljøsakene uansett kva dei andre inviterte partia landar på, seier Ingeborgrud.