Hopp til innhold

Mat for millionar rett i søpla i påska

Matbutikkane kastar kvart år tonnevis med mat som har gått ut på dato. – Påska er verst, seier butikksjef.

Kaster mat

Karsten Rikste

Karsten Rikste er butikksjef ved Coop Obs Hypermarked i Stavanger.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Kresne kundar og strenge krav i matvarebransjen gjer at matbutikkane her i landet årleg kastar 330.000 tonn med mat som har gått ut på dato, ifølgje tal frå Østfoldforskning.

Og verst er det rundt påske, med mange heilagdagar og stengde butikkar.

– Dersom eg som kunde ikkje vil kjøpe vara, skal vi heller ikkje selja den, seier Karsten Rikste, butikksjef ved Coop Obs Hypermarked i Stavanger.

Sjekkar datoen nøye

Merete Karlsen

Butikksjef Merete Karlsen, Spar i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen

– Folk flest vil ikkje ha frukt som ser litt gammal ut. Folk vil ha det nyaste, seier butikksjef på Spar i Egersund, Merete Karlsen.

Både kjøttvarer, frukt og grønt og brødbakst har kort haldbarheit. Det gjer at kundane er nøye på kva dei tar med seg i handlekorga.

– Spesielt nå i påska er eg nøye på datostemplinga. Det er fleire butikkstengde dagar og då må varene halda seg til godt over påska, seier kunde Arild Meland.

Han meiner ein del varer har for kort haldbarheit, og at dei derfor kunne vore datostempla annleis.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kjøpmann Rema 1000

Kjøpmann Arild Sestad på Rema 1000 i Egersund kastar mat for fleire hundre tusen kroner kvart år.

Foto: Øystein Ellingsen

Ville gitt bort maten

Ved dei største matbutikkane i blir det kasta konteinarar med mat kvar veke. Kjøpmann Arild Sestad på Rema 1000 meiner matregelverket er for strengt.

Han ville gjerne gitt bort maten som er i grenseland for å gå i søpla.

– På brød har me returordningar, det har me ikkje på andre ferskvarer. Denne maten går rett på dynga, seier han.

Mat i søpla

Kvart år kastar butikkane her i landet fleire hundre tusen tonn med mat.

Foto: Øystein Ellingsen