Hopp til innhold

Mange seier nei til flyktningar

Om lag 5000 flyktningar bur ennå på asylmottak i Norge fordi kommunane seier nei til å ta imot dei. 20 av 26 kommunar i Rogaland tok i mot færre flyktningar i år, enn det staten bad om.

Flyktninger illustrasjon

Circa 5000 flyktningar bur på asylmottak i Norge, fordi dei ikkje har fått nokon kommune å bu i.

Foto: Arkiv / NRK

Tal frå Integrerings og mangfoldsdirektoratet viser at kommunane i Rogaland blei bedne om å ta imot 822 flyktningar i 2014. Hittil har berre kommunane akseptert 582. Det betyr at nærmare ein tredel av flyktningane til Rogaland, ikkje har fått plass dette året.

Vanskeleg å finne arbeidstrening

Hjelmeland blei bedne om å ta i mot 25 flyktningar, men har berre tatt i mot 9.

– Grunnen er at me tok i mot fleire flyktningar tidlegare år. Og me ser at dersom me skal gi dei skikkeleg arbeidstrening, så er Hjelmeland ein så liten kommune, at me ikkje kan gi dei eit fullverdig tilbod dersom me skulle tatt imot 25 stykk, seier Sigrund Kleppa, kommunalsjef for oppvekst i Hjelmeland.

Hjelmeland

Hjelmeland ligg i Ryfylke i Rogaland og har litt over 3000 innbyggjarar.

Foto: Trine L. Danielsen

Ho forklarar at kommunen ikkje har ressursar til å ta i mot fleire flyktningar.

– Eg synest jo absolutt at me skal ta imot så mange me kan, men det er jo også viktig at me gir dei ein skikkeleg plass å bu og at me kan ta vare på dei me får, seier ho.

Dei yngste har det verst

Røde kors ungdom har sendt ut ei nyttårsoppfordring til kommunane for å få dei til å busette fleire flyktningar i året som kjem.

– Det som uroar mest er at 920 av flyktningane som ventar er barn og at 120 er einslege mindreårige.

Det seier leiar av Røde Kors ungdom, Espen Breivik.

Espen Breivik

Espen Breivik, leiar for Røde Kors ungdom.

Foto: Røde Kors Ungdom

– Derfor er det så utruleg viktig at kommunane tar imot flyktningar, slik at dei som skal vera her i landet, kan koma i gang med livet her så fort som mogeleg, seier Breivik.

Stavanger tar ansvar

Med 120 busette flyktningar i 2014, er Stavanger ein av tre kommunar i Rogaland som faktisk tok i mot alle flyktningane dei blei bedne om. I tillegg var 18 av dei einslege mindreårige.

Anne Synnøve Børtveit er virksomhetsleiar i flyktningseksjonen i Stavanger kommune, og synest nyttårsoppfordringen til Røde Kors er positiv.

Ho er likevel klar over at det finst utfordringar på grunn av blant anna bustadmangel og kapasitet på introduksjonsprogrammet for flyktningane.

– Det er desse utfordringane alle kommunar, store og små, står overfor. Det er klart me burde tatt imot fleire, men så må me også vurdera kor godt tilbod me kan gi den enkelte flyktning.

Eit nyttårsønske

Leiar av Røde Kors ungdom, Espen Breivik håpar at nyttårsoppfordringa frå Røde Kors skal gi kommunane eit spark bak, slik at dei vurderer mottaket av flyktningar ein gong til.

– Det eg håpar på er at kommunane tenkjer seg om ein ekstra gong og vurderer om dei har kapasitet til å ta imot fleire flyktningar, seier han.