Hopp til innhold

Første dramatisering av Kielland-ulykka: – Vondt, godt og sterkt

Det var dramatiske scener som fann stad i dei to siste episodane av Lykkeland denne helga. 42 år seinare vekker ulykka ennå eit spenn med kjensler hos dei involverte.

Karakterene Jonathan og Christian i Lykkeland, fra Kielland-episoden.

DRAMATISERING: I dei to siste episodane av dramaserien Lykkeland, som blei sleppte i helga, blir Kiellandulykka dramatisert for første gang.

Foto: NRK / Maipo Film

– Det aller sterkaste var kanskje å følga reaksjonane til dei på land som ikkje visste korleis det hadde gått. Det var godt dramatisert og eg kjende meg sjølv igjen, seier Odd Kristian Reme.

Dei to sesongavsluttande episodane av dramaserien Lykkeland, som blei sleppte på sundag, gjorde stort inntrykk på leiaren i Kielland-nettverket.

Hans bror var ein av dei 123 personane som gjekk bort i den verste arbeidsulukka i norsk historie.

– Me har blitt lytta til

42 år seinare har ulykka blitt dramatisert for første gang, men Reme var budd på det som kom.

Odd Kristian Reme

PÅRØRANDE: Odd Kristian Reme i Kielland-nettverket seier det for dei etterlatne har vore både godt og vondt å sjå dramatiseringa av ulukka.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg var ein av dei Maipo film inviterte for å sjå dei to siste episodane i forkant. Eg opplever at dei har lytta til oss, fortel han.

– Så eg var ikkje overraska over det som kom, legg han til.

Men responsen har vore blanda. Dei dramatiske scenene har gjort inntrykk, og tilbakemeldingane han har fått har eit veldig stort spenn.

– Nokon etterlatne har uttrykka at det var vondt, men også godt og sterkt å sjå dramatiseringa, seier Reme.

– Det er klart at nokon vil reagera negativt på dei sterke bilda. Frå overlevande har eg høyrd reaksjonar på det dei opplever som feil og unødvendige detaljar i skildringa av ulykka, legg han til.

Stort sett gode tilbakemeldingar

Ein av dei er Anders Helliksen frå Kragerø. Han er ein av dei 89 som berga livet den skjebnesvangre dagen for 42 år sidan.

Anders Helliksen

OVERLEVANDE: Anders Helliksen var 20 år gamal då ulykka inntrefte. Han overlevde med eit nødskrik.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

– Eg synest detaljane om korleis det var om bord kom godt fram. For min del gjekk tankane tilbake til 1980, og fleire eg har snakka med synest det var tøft å sjå sjølv mange år etter, seier han.

Men han reagerer blant anna på at ein viste overlevande som kjempa seg opp i livbåtar etter å ha lege lenge i det kalde vatnet.

– Folk hadde jo ikkje krefter til det, så nedfrosne som dei var, seier Helliksen.

Også produksjonsselskapet har fått høyra det, seier produsent og dagleg leiar i Maipo film, Synnøve Hørsdal. Responsen gjennom sundagen og måndag morgon har vore overveldande, kan ho fortelja.

– Den unisone tilbakemeldinga har vore at episodane var sterke og rørande, seier Hørsdal.

– Dei som hugsar den dramatiske tida fortel oss at det var slik dei hugsar det, legg ho til.

Alexander L. Kielland-ulykken -1980

ULYKKESPLATTFORMA: Bustadplattforma «Alexander L. Kielland» kantra den 27. mars 1980 då eit av plattforma sine fem bein blei reve av i høg sjø.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Hørsdal seier at dei gjekk til prosjektet med stor ærefrykt og at dei har brukt mykje tid på korleis dei skulle skildra hendinga.

– Me blir glade viss folk opplever at me har klart dette på ein ordentleg måte, men det er klart at nokon framleis vil oppleva dette som eit sår som blir rippa opp i igjen, seier ho.

Hjelpetelefon: Tar gjerne tid før folk ringer

I rulleteksten til den nest siste episoden valde NRK å legga ved nummeret til Mental Helse sin hjelpetelefon.

Aslaug Timland Dale, daglig leder i Mental Helse Norge, utenfor kontoret i Skien. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

KAN TA TID: Aslaug Dale i Mental Helse fortel at dei trur det kan ta litt tid før folk tar kontakt med dei om dei sterke skildringane i Lykkeland.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Leiar for hjelpetelefonen, Aslaug Timland Dale, fortel at dei ikkje har merka noko spesiell pågang i samband med sesongavslutninga av Lykkeland, men ho legg til at det typisk kan ta litt tid før folk tar kontakt.

– Me høyrer gjerne frå folk etter at dei først har grubla ei stund, seier Dale.

Trass i dei sterke bilda, trur ikkje Reme dei kan venta seg ein telefonstorm.

– Dei aller, aller fleste kjem verken Kielland-nettverket eller nokon andre til å høyra noko frå.

Alexander Kielland-plattformen velter med over 200 mennesker om bord.

Alexander Kielland-plattforma velter med over 200 menneske om bord.

Redningsaksjonen etter tragedien pågår. Ingrid får en mulighet til å bidra.

Redningsaksjonen etter tragedien går føre seg. Ingrid får ei moglegheit til å bidra.