Hopp til innhold

Leitar etter tjuvegods på Haugalandet

Politiet ber folk på Haugalandet om hjelp til å finne tjuvegods. Ein 28 år gamal marokkanar er sikta for fleire innbrot i området, men fleire av tinga han har stole er sporlaust vekke.

Innbrot Haugalandet

Den 28 år gamle marokkanaren er sikta for å ha brote seg inn i fleire bustadar på Haugalandet i haust. No leitar politiet etter tjuvegodset.

Foto: Politiet

– Me er av den oppfatning at me ikkje har funne alt som han har stole ifrå eigedommane i Tysvær og Haugesund. Og me reknar med at han har eitt eller to depot som me ikkje har funne, seier lensmannsbetjent i Tysvær, Atle Thorbjørnsen.

Det var Tysvær bygdeblad som først skreiv at politiet vil ha hjelp frå folk på Haugalandet til å finne tjuvegodset.

Vil ikkje samarbeide med politiet

Ein 28 år gamal marokkanar er sikta etter fleire innbrot på Haugalandet i haust. Mannen, som fleire gonger greidde å rømme frå politiet, sitt no i varetekt, men mykje av tjuvegodset har aldri blitt funne, og den sikta vil ikkje fortelje politiet kvar det er.

– Det er ikkje godt å seia kor mykje me manglar, men det kan vera snakk om ein stor bag eller ein koffert, som er fullstappa med tjuvegods, seier Thorbjørnsen.

Har stor affeksjonsverdi

Og innhaldet kan vera så mangt.

– Det kan vera smykke, små radioar, eller verdifulle gjenstandar som er pakka inn i klede.

Atle Torbjørnsen

Lensmannsbetjent i Tysvær, Atle Torbjørnsen, vil ha hjelp frå publikum.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Tjuvegodset kan ha blitt gøymd i ein garasje, eller i hytter. Og politiet ber difor folk å sjå ekstra nøye etter. Og dersom nokon finn noko, skal dei kontakte politiet.

Å finne tinga igjen er både viktig for politiet som skal etterforske saka, men også for dei som blei råka av innbrotsbølga.

– Det er veldig mange som manglar tinga sine. Og det er ein del av desse tinga som har ein affeksjonsverdi. Det er til dømes ting som dei har arva. Difor hadde det vore kjekt for dei å finne desse tinga igjen, seier Thorbjørnsen.