Hopp til innhold

Kviger forsvann og éi døde etter dronetesting

Kvigene til Bengt Stangeland vart så skremde av dronane at dei la på sprang. Nå har droneselskapet bestemt seg for å finna eit nytt testområde langt unna beitedyr.

Kvige døde og fire er framleis ikkje funne etter dronetesting

Ei av kvigene til Bernt Stangeland drukna i ein dreneringskum etter at ho vart skremd av dronane på nabotomta.

Foto: Privat

– Eg har aldri sett dronane før, men visste at nabotomta var leigd ut til eit droneselskap. Denne gongen var operatørane heilt oppe ved meg, og det kom ein kraftig lyd frå dei store dronane.

Bonden Bengt Stangeland ser utover det høge graset på marka hans på Voll i Klepp kommune. Fritida har gått til å køyra rundt på jakt etter kvigene som forsvann måndag førre veke.

Bengt Stangeland

Bengt Stangeland.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

Den ettermiddagen tok han opp kikkerten for å sjå etter kvigene som han nett hadde sloppe ut på beitet.

– Då såg eg ein drone som eg trudde var ganske nær på grunn av storleiken, men då han landa bak nokre grantre ein kilometer borte, skjønte eg at han var langt borte.

Stangeland vart forviten og byrja å gå mot dronen. Kvigene vart forvitne dei også, og byrja å følgja etter matfar.

– Kyrne oppdaga dronen, vart livredde og sprang over steingarden mellom beitemarka og nabotomta. Dei er spreke når dei ikkje har hovudet med seg.

Steingard

Nå er steingarden rydda etter at kvigene sprang over og reiv ned både gjerdet og steinar.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

Både gutungen, kameratar, naboar og droneoperatørar har vore med på å leita etter kyrne. Éi vart funnen drukna i ein dreneringskum med omtrent 20 centimeter vatn i, fortel Stangeland.

Fire er framleis sakna. Nationen har også omtalt denne saka.

Les også Slik fant Olav kua si på beite

Død ku i fjæra

Vil unna allfarveg

På grunn av hendinga på Klepp har droneselskapet bak, KVS Technologies, bestemt seg for å avslutta testflyging på tomta.

– Det var eit trist og uheldig utfall, og me ynsker ikkje å hamna i ein sånn situasjon igjen, seier operasjonssjef i KVS, Jimmy Boström.

Dei har leigd tomta i fem år for å testflyga dronane deira. Her har dei flydd kvar veke.

Selskapet har aldri opplevd at kyrne har vorte skremde før.

– Men me har andre testområde, og tenker at me skal finna andre testområde langt unna landbruk og allfarveg.

KVS Technologies lagar og bruker dronar til blant anna inspeksjon av straumnettet.

Boström fortel at spesialbygde dronar til nettinspeksjon veg omtrent 25 kg og lagar meir lyd enn dei mindre dronane. Ifølgje han er støynivået merkbart, men betydeleg lågare enn lyden til eit helikopter. Helikopter vert også brukt til å inspisera straumnett.

For tida er KVS i samtale med bonden Stangeland. Stangeland bekreftar at han er nøgd med korleis KVS handterer saka.

Me har ansvarsforsikring og er absolutt innstilt på å hjelpa Stangeland, seier Boström.

– Me kan aldri ta lett på dyrevelferd

Anders Martinsen, direktør i interesseorganisasjonen for profesjonelle droneoperatørar UAS Norway, meiner hendinga viser at dronebransjen bør samarbeida med bønder om flyging i nærleiken av beiteområde.

Kvigene til Bengt Stangeland

Kvigene til Bengt Stangeland. KVS Technologies har testfloge i fem år, men aldri før har dyra vorte så skremde som dei blei denne gongen.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

– Saka er eit døme på at me aldri kan ta lett på dyrevelferd og alltid må vera nøye med å sørga for at me har merksemda retta mot folk og dyr som kan verta råka av droneflyging.

Situasjonen er likevel uvanleg, påpeiker han.

– Utfallet er tragisk. Me skal likevel hugsa på at dyr som hestar, havørn, elg og beitedyr har etter vår erfaring ikkje vorte særleg råka av eller redde på grunn av dronar.

Martinsen understrekar at KVS Technologies må ha løyve frå grunneigar for avgang og landing, men ikkje er plikta til å gje nabovarsel.

– Men det betyr ikkje at det ikkje er fornuftig. Det kjem heilt an på situasjonen og må vurderast i kvart enkelt tilfelle, seier Martinsen.

Les også Torsteins 23 kviger stakk av – nå tar bonden i bruk drone med varmesøkende kamera

Kviger på rømmen