Hopp til innhold

Oljenæringa går imot nye livbåtreglar

Dei nye livbåtreglane som Petroleumstilsynet føreslår er ikkje nødvendige, og vil ikkje auke tryggleiken, meiner Norsk olje og gass.

Livbåtar på Gjøa

Petroleumstilsynet vil innføre eit nytt regelverk, for å sikre at alle livbåtane på plattformer i Nordsjøen held same standarden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Maiken Ree

Maiken Ree, informasjonssjef i Norsk olje og gass.

Foto: Norsk olje og gass
Øyvind Midttun, pressekontakt i Petroleumstilsynet

Øyvind Midttun, pressekontakt i Petroleumstilsynet.

Foto: Petroleumstilsynet

– Det vil kunne påføre næringa store og unødvendige kostnadar, som me meiner ikkje står i samsvar med den marginale tryggleiksgevinsten som desse endringsforslaga kan gi, seier Maiken Ree, informasjonssjef i Norsk olje og gass.

Høyringsfristen for Petroleumstilsynet sitt forslag til eit nytt livbåtregelverk gjekk ut 1. oktober. I sitt høyringssvar er Norsk olje og gass kritiske til forslaget, og tilrår at dei nye regelendringane ikkje blir innførte.

Forslaget inneber at det blir nye krav til livbåtane på norsk sokkel. Årsaka er at det sidan 2005 har blitt avdekka svakheiter og manglar på fleire av livbåtane på plattformene i Nordsjøen.

Men at tryggleiken ikkje er god nok, er ho ikkje einig i.

– Næringa har gjennomført eit omfattande arbeid med livbåtane dei seinaste åra. Og me meiner at dei evakueringsløysingane som er på norsk sokkel i dag er ivaretekne av næringa på ein god og trygg måte. Eventuelle feil og manglar som blir avdekka, blir også handtert på ein god måte av næringa, seier Ree.

Då forslaget vart lagt fram i fjor, meinte Norsk olje og gass at prislappen på regelendringane i verste fall kunne bli 60 milliardar kroner. Petroleumstilsynet har estimert at det vil koste mellom 13 og 26 milliardar.

Uansett vil det vera ei investering som ein får lite igjen for, meiner Norsk olje og gass.

– Me meiner at dagens regelverk varetar ein forsvarleg evakueringsløysing, og at det difor bør vidareførast, seier Ree.

Visste ikkje om feil og manglar

– Forslaget om endringar i regelverket dreier seg om å koma tilbake til det tryggleiksnivået me trudde me hadde før 2005, då svakheitene ved livbåtane vart oppdaga, seier pressekontakt i Petroleumstilsynet, Øyvind Midttun.

I juni 2005 vart det gjort eit teststup med ein livbåt frå ein plattform på Veslefrikk-feltet. Båten fekk store sprekkar, omfattande skadar, og taket vart trykt inn.

Hendinga førte til omfattande vidare testing av livbåtane på norsk sokkel.

– Når ein har kunnskap om manglar som kan sette folk sine liv og helse i fare, så må ein iverksetta forbetringstiltak. Forslaget om endringar er altså mynta på at ein må ha god tryggleik for alle som jobbar på norsk sokkel, seier Midttun.
Petroleumstilsynet anerkjenner at oljenæringa sjølv har gjort mykje for å betre tryggleiken sidan 2005, men at det likevel er behov for regelendringar.

Livbåt på oljeplattform i Nordsjøen

I 2005 vart det avdekka fleire feil og manglar ved livbåtane ute i Nordsjøen.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Det har teke lang tid å kome der som me er i dag. Det har blitt gjort mykje med livbåtparken på norsk sokkel, men det er framleis ein del som står att. Me ser på endringane i livbåtregelverket som eit viktig skritt for å oppnå forbetring, seier Midttun.

Fagrøyrsla støttar forslaget

– Me er opptatt av dette regelverket som er på høyring blir vedteke. Det er mykje som står att, og det vil dette regelverket bidra til, seier nestleiar i SAFE, Roy Erling Furre.

Roy Erling Furre

Roy Erling Furre, 2. nestleiar i SAFE.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

SAFE har også sendt inn eit høyringssvar, der er dei svært positive til forslaget, og meiner det kan ha mykje å seia for tryggleiken til arbeidarane i Nordsjøen.

– Det er i aller største grad behov for dei nye reglane. Det er framleis livbåtar som ein ikkje kan stola på, som er direkte livsfarlege. Industrien har ikkje begynt på utskiftinga av desse ennå, og eg trur ikkje det blir gjort før desse regelendringane er på plass, seier Furre.