NRK Meny
Normal

Kornberedskap blir truleg boligbygging

Fleire fryktar for matforsyninga når landets største kornlager skal seljast og truleg rivast. Siloane i Stavanger rommer heile det norske importbehovet for matkorn i eit år.

Stavanger havnesilo

Dei store siloane i Stavanger har ein samla kapasitet på om lag 200.000 tonn korn og er vurdert som beredskapslager.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Stavanger havnesilo, landets største kornlager skal seljast og truleg rivast, skriv Nationen. Det vil gjere matforsyninga meir sårbar, meiner fagfolk og nærings­aktørar.

Selskapet Cermaq ASA, der staten har om lag 60 prosent av aksjane, har lagt Stavanger Havnesilo ut for sal. Anlegget har ein samla kapasitet på omtrent 200.000 tonn korn. Det er nok til å dekkje det norske importbehovet for matkorn i eit normalår.

– Vårt inntrykk er at det ikkje er særleg interesse for å ha eit beredskapslager for korn. Om samfunnet ikkje vil betale for det, så får heller ikkje siloane leve vidare. Dei er derfor lagt ut for sal. Det vil overraske meg om dei ikkje blir rivne, seier prosjektdirektør Geir Sjaastad i Cermaq til avisa.

Vurdert som beredskapslager

Siloane er vurdert brukt som beredskapslager for korn, og i forslaget til statsbudsjettet frå den raudgrøne regjeringa låg det inne fem millionar kroner til utgreiing av det. Posten vart stroken etter regjeringsskiftet.

– Vi har orientert både eigarane, deriblant Nærings- og fiskeridepartementet, og Landbruks- og matdepartementet om at anlegget vil bli lagt ut for sal om planane for beredskapslager ikkje blir realisert, seier Sjaastad.

No må kornsiloane truleg vike plass for bustadbygging, som det er opna for i reguleringsplanane. Ifølgje Sjaastad planlegg å stenge ned anlegget i juni neste år.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) vil ikkje kommentere salsprosessen overfor Nationen.