Hopp til innhold

Kongeparet etter hektisk fylkesturné: – Helsa? Den har eg ikkje tenkt på

Etter fem kommunar på fem dagar har kongen ikkje tenkt på helsa si.

Kongen i Vindafjord

Kongeparet på plass i Vindafjord.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

– Helsa? Den har eg ikkje tenkt på, da må eg kjenna etter. Nei da, det har gått fint, seier kongen til NTB under pressekonferanse i Vindafjord.

– Det gir energi å sjå at vi har det norske folket i ryggen.

– Så nedtrappinga til kongen blir det ikkje noko av?

– I alle fall ikkje i dag, seier kongen på spørsmålet frå NRK, og ler.

Kongeparet er på fylkestur i Agder og Rogaland, og har dei siste dagane besøkt Randaberg, Lund, Åseral og Froland.

Slik samanfattar kongen turneen:

– Eg imponert over det vi har fått høyre og sjå av framføringar, men eg set også pris på det store frammøtet. Det har vore fullt av folk alle stader.

Også dronninga har late seg begeistre.

– Det er 17. mai på 17. mai. Verkeleg. Det er heilt imponerande. Eg blir veldig rørt, faktisk.

  • I Lund fekk kongen seg ei hyggeleg overrasking. Bilen han fekk i 21-årsgåve hadde blitt restaurert av ein veteranbilklubb. Etterpå samanlikna han bilen med eiga helse. Les kva han sa her.

Torsdag har turen kome til siste stoppestad på denne fylkesturen. Besøket går til Ølen i Vindafjord kommune nord i Rogaland.

Ifølgje ordførar Ole Johan Vierdal er det venta mellom tre til fem tusen personar som skal koma for å mellom anna høyre kongen tala.

Her kan du sjå heile kongebesøket i Vindafjord:

Med dette besøket har kongen nå besøkt alle kommuner i Rogaland.

Med dette besøket har kongen nå besøkt alle kommunar i Rogaland. Videoproduksjonen er produsert av Grex for Vindafjord kommune.

Har besøkt 97 prosent av alle kommunane

Etter besøket i Vindafjord har kongeparet besøkt 346 av 357 kommunar i Noreg. Dermed står berre elleve att (sjå kart). Målet er å koma seg rundt til alle.

Her kan du sjå nokre bilde frå fylkesturen i Agder og Rogaland.

Kong Harald og Dronning Sonja i Randaberg

Kong Harald og Dronning Sonja på fylkestur i Agder og Rogaland.

Kongeparet kjøres i sjalupp fra kongeskipet til Arendal

Kongeparet kjøres i sjalupp fra kongeskipet til Arendal

Foto: Espen Bierud / NRK
Kong Harald og dronning Sonja tas imot av blomsterbarn når de ankommer Froland kommune

Kong Harald og dronning Sonja tas imot av blomsterbarn når de ankommer Froland kommune.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK
Kongeparet på besøk i Agder

Kongeparet på besøk i Agder.

Foto: Espen Bierud / NRK
Kongen og Dronningen besøker Åseral i Agder fylke 27. mai 2024. Foto: ESKIL WIE FURUNES / NRK

Kongen og Dronningen besøker Åseral i Agder fylke 27. mai 2024.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK
Kongeparet besøker Lund

Kongeparet ankommer Lund.

Fra kongeparets besøk i Lund.

Fra kongeparets besøk i Lund.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK
Kongeparets besøk i Lund

Kongeparet ble varmt mottatt.

Foto: Truls Antonsen / NRK
Kongeparets besøk i Lund

Fra arrangementet på Lund.

Foto: Truls Antonsen / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg