Hopp til innhold

Krasja i ku som fall ned frå fjellskrent

Då bilføraren ringde politiet trudde dei han ikkje.

Kua falt frå fjellet til høgre i bilde.
Foto: Privat

Bilførar Aleksandar Glisic var på veg mellom Vikedal og Sandeid i Ryfylke, då han i sidesynet såg noko som likna ein murstein som kom ned frå fjellsida.

Vegen på denne staden går heilt ned ved fjorden, og fjellsida heng litt ut over vegbanen.

Han rakk å tenkje at dette truleg var eit steinras, og han fekk også tid til å bli redd.

– I neste augneblink var det som at heile vegen løfta seg, og eg kjende eit kraftig slag mot bilen, fortel han.

Glisic tenkte først at det må ha vore ein stor stein han hadde treft.

Det kom røyk ut frå panseret, men det var ikkje så lett å sjå kva som låg i vegen.

– Airbagen hadde løyst seg ut, og brillene mine var forsvunne, seier han.

Aleksandar Glisic

Aleksandar Glisic er i god form, etter å ha vore natta over på sjukehuset i Haugesund.

Foto: Skakke

Uansett forstod han at dette var ei så alvorleg ulukke at han måtte ringa til politiet.

Til politiet i Haugesund fortalde han at det var ein stein som hadde falle ned, og at han måtte ha hjelp til å fjerna bilen som stod midt i vegbanen.

– Medan eg prata med politiet kom det ein annan bilist til. Det var han som sa at eg hadde kollidert med ei ku, fortel Aleksandar, som fortalde dette vidare til politikvinna han snakka med.

– Då var det tydleg at ho ikkje trudde på meg, for ho bad om å få snakka med han andre, fortel Glisic, som reknar med at han bar preg av å vera i sjokk då han snakka med politiet.

Politiet blei i tvil

Vaktsjef Dan Magne Gaard i politiet i Haugesund stadfestar det som skjedde. Han fortel også at politiet var litt i tvil om kva som eigentleg hadde skjedd den første tida etter at meldinga kom.

Etter at Glisic hadde leverte frå seg mobilen, byrja han å leita inne i bilen etter brillene sine.

Då han fann dei såg han sjølv for første gong kva han hadde kollidert med. At det faktisk var ei daud ku som låg i vegen.

Tenkte på Monty Pyhton

Like etter kom komikar og musikar Torolf Nordbø, kjent som «Han innante» forbi. Han såg ikkje at dyret datt ned frå fjellet, men fekk med seg at det låg ei daud ku på høgre sida av vegen.

Torolf Nordbø

Komikar Torolf Nordbø var på veg i bil til ein jobb i nærleiken

Foto: Eirik Gjesdal/NRK

– Den kua hadde altså kome frå oven, slik som i Monty Pyhton-fillmen Ridderne av det runde bord, seier Nordbø.

Opplevde du det som dramatisk?

– Nei kanskje heller som absurd. Ei flygande ku. Det er ikkje ofte det skjer, slår han fast.

Kom uskadd frå det

Glisic blei henta av ambulanse og køyrd til Haugesund sjukehus. Der blei han møtt av eit kriseteam på ti personar, og blei undersøkt og tatt godt vare på.

Dagen etter, på søndag, fekk han dra heim til Etne igjen, og kjente seg då i ganske god form.

Då har han også fått tid til å tenkje nøyare over det som skjedde.

– Det var ein skjebneaugneblink, vedgår han.

Hadde kua falt eitt sekund seinare, eller hadde eg køyrt lite grann raskare, så hadde truleg resultatet vore katastrofalt for meg.

Nå landa den i vegbanen før eg trefte ho, og då slapp eg unna med ein litt ramponert bil og to øydelagde framhjul.

– Eg var heldig med marginane denne gongen, seier Aleksandar Glisic.