Hopp til innhold

Kommunen slit med høgt sjukefråvær – politikarar og 14-åringar stiller som vikarar

Sjukefråværet blant pedagogar i Vindafjord kommune er så høgt at ein barnehage har brukt 14-åringar som vikarar. Utdanningsforbundet kallar situasjonen uforsvarleg og peikar på stor pedagogmangel i heile Noreg.

Wenche Sandbekken Lilleland i klasserommet

Ap-politikaren Wenche Sandbekken Lilleland sit i kommunestyret til Vindafjord kommune. Ho er også ringjevikar på Ølen barneskule.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Ho er grei, snill og hjelpsam. Og kanskje litt streng viss me gjer noko gale.

Ine Berge (9) er fornøgd med vikaren.

Ap-politikar Wenche Sandbekken Lilleland er ringevikar på Ølen skule i Vindafjord og stadig innom 4. klasse.

Ho ser med eigne auge at bemanningskrisa har inntatt kommunen.

Sist veke ropte ho varsku om krisa i kommunestyret.

– Jenter i 14-årsalderen og yngre har vorte tekne inn som vikarar ved sjukefråvær i kommunale einingar, sa ho då, ifølgje Haugesunds Avis som omtalte saka først.

Ho viste til Skjold barnehage i nabobygda.

Smørjar mat og ryddar bord

Anne Grethe Gravdal er avdelingsleiar i Skjold barnehage der dei har sett seg nøydde til å leiga inn 14 år gamle jenter for å hjelpa til når sjukefråveret har vore høgt og bemanninga skral.

Anne Grethe Gravdal er avdelingsleder

Anne Grethe Gravdal, avdelingsleiar i Skjold barnehage i Vindafjord skjønner at tiltaka skaper reaksjonar.

Foto: Privat

Som ei avlasting til vaksne som allereie er på jobb. Dei kan smørja mat, rydde bord og leike med barna. Dei har ikkje hatt noko ansvar. Berre eit supplement til dei vaksne som er på jobb, forsikrar ho.

Gravdal påpeikar at dei to jentene som har vore innleigde tidlegare har vore utplassert i barnehagen gjennom arbeidsliv-fag dei har hatt på skulen.

Men dei har også måtte bede foreldre halde ungane heime.

Skapar reaksjonar

Barnehagen har ein handlingsplan ved høgt fråvær. Her er eit tiltak å spørja om foreldre har høve til å ha barnet heime på dagar med låg bemanning.

Det har ikkje skjedd mange gonger, ofte legger foreldre inn fri og får betalingsfritak. Det er to gonger eg har måtte stengja for nokon, seier ho.

Gravdal meiner det er bra at tiltaka i barnehagen skaper reaksjonar.

Og påpeikar at bemanningsbehovet er stort over heile landet.

Det er slik over alt, eg føler at eg les om det frå alle kantar i landet. Me har vorte frontfigurar i Vindafjord, men det er viktig at det blir løfta fram at det er så store problem og mangel på vikarar, seier ho.

Nektar for krisesituasjon

Kommunedirektør i Vindafjord Yngve Folven Bergesen kallar det ei vanskeleg sak.

Eg forstår frustrasjonen godt. Samtidig håpar eg det er forståing for at me ikkje kan ha ope utan vaksne. Men det er på ingen måte ein lett situasjon og det er ikkje med lett hjarte at me sender ut den typen meldingar, seier han.

Yngve Folven Bergesen

Kommunedirektør i Vindafjord, Yngve Folven Bergesen ønskjer ikkje å kalla dette som ei krise.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Bergesen vil ikkje gå så langt som å kalla det ei krise, men innrømmer at det har vore utfordringar med å skaffa vikarar.

Han trur dette berre er starten på problematikken.

– Å skaffa kompetent arbeidskraft til dei fleste yrka i kommunal sektor kan bli vanskeleg.

Det blir som å velja mellom pest og kolera. Me veit kor sårbart det er når me må stengja eller redusera opningstid, så me prøver det me kan for å sleppa det, seier han.

Eit problem i heile landet

Leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland, Elin Djuve, seier det er veldig stor mangel på pedagogar over heile landet.

– Situasjonen er uforsvarleg.

Elin Djuve

Elin Djuve frå Utdanningsforbundet Rogaland er skeptisk til ordninga som Skjold barnehage har sett inn.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Sjukdom og rekrutteringsvanskar er to av grunnane, meiner ho.

Djuve meiner at tiltaket i Skjold barnehage, der dei hentar inn 14 år gamle tenåringar, ikke er akseptabelt.

– Det er vaksne som skal jobba i barnehage i utgangspunktet. Å smørje brødskiver og kostar golv, slik vikarane gjer i dette tilfellet, er noko andre personar kan gjera enn dei som er pedagogar. Men arbeidet må vera under ordna forhold, seier ho.

– Vil du tilrå andre som er i lik situasjon å gjere det same?

– Nei, eg vil ikkje gå ut og tilrå det, seier Djuve.

I Vindafjord jobbar dei nå med å finne ei god løysing på bemanningskrisa, seier Wenche Sandbekken Lilleland.

– Eg trur kommunedirektør og kommunalsjef tek tak i det og prøver å få det betre for det er bemanningskrise, seier ho.