– Den første gongen eg høyrde om det var det litt overraskande, seier Stavanger sin miljøvernsjef, Jane Nilsen Aalhus.
Avdelinga hennar er nå i full gang med å gjera ferdig ein klimaplan for Stavanger med mål om 50 prosent reduksjon i klimagassutslepp fram til 2030.
- Les også:
Der kjem det fram at samanslåinga med nabokommunane Finnøy og Rennesøy i 2020, kjem til å auke utsleppet av CO₂ i «Nye» Stavanger med 34 prosent.
Tomatane har skulda
Stavanger er den storbyen i Norge med lågast utslepp av klimagassar, 244.000 tonn CO₂-ekvivalentar ifølge Statistisk sentralbyrå sine tal frå 2015.
- Les også:
Men når byen slår seg saman med den største tomatkommunen i landet, Finnøy, og Rennesøy, så går utsleppet i taket. Gartneria dekker tusenvis av kvadratmeter i øykommunane, og dei blir varma opp av naturgass.
– Me bur jo i nord, og då må me bruka litt varme for å få ein god kvalitet og ein god produksjon, seier Håvard Skavland, som har 8000 kvadratmeter med veksthus på garden sin på Talgje i Finnøy.
Han har klare planar om å byggje nytt og tredoble kvadratmetermengda under tak.
– For 20 år sidan brukte me olje, og 20 år før det igjen brukte me kol, så det går jo rette vegen dette her. Og me kan vera viljuge til å prøva nye ting, men nå er det gass som gjeld, seier Skavland.
Harde krav til tomatdyrkarane
Miljøvernsjefen i Stavanger seier at nå skal dei først bli ferdig med eit utkast til sin klimaplan, som også Finnøy og Rennesøy skal få uttale seg om. Når det gjeld landbruksdelen av planen, så skal ein koma tilbake til den, etter kommunesamanslåinga i 2020.
Denne framgangsmåten er Frp-politikar i Stavanger, Leif Arne Moi Nilsen, skeptisk til.
Han vil nå stoppa heile klimaplanen og ta med innbyggjarane i Finnøy og Rennesøy på råd, før Stavanger bestemmer seg for eit nytt klimamål.
– Viss ikkje så er jo det første tomatbøndene i Rennesøy og Finnøy må gjera, etter at dei har gått i saman med Stavanger, å skru igjen gasskranane i veksthusa sine, seier Moi Nilsen.
Meiner det kan løysast
Jane Nilsen Aalhus vonar derimot at det skal bli råd å finne ei løysing med dei to landbrukskommunane som skal slåast saman med Stavanger.
– Eg kan ikkje gå inn på ei løysing for Finnøy og Rennesøy nå, men generelt er det lurt å ta i bruk fornybare energiløysingar når ein skal redusera klimagassutslepp, seier ho.