Hopp til innhold

Bergen meir enn dobbelt så ambisiøs som Stavanger på klima

Bergen har bestemt at byen skal fossilfri innan 2030. I Oslo skal dei kutta 95 prosent av klimagassane. Oljebyen Stavanger nøyer seg med klimakutt på 40 prosent.

Kø Stavanger E39 motorveien

Det er biltransporten som slepp ut klart mest klimagassar i norske byar. Her frå E39 i Stavanger.

Foto: Anders Fehn / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Stavanger, leia av Stavanger Høgre, seier at me ikkje skal gjera meir enn det me må. Me skal ikkje lengre gå i front, fastslår Torfinn Ingeborgrud, gruppeleiar for Miljøpartiet dei grøne (MDG) i byen.

Torfinn Ingeborgrud

Torfinn Ingeborgrud, gruppeleiar for MDG i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han minnes at Stavanger, som ein av dei første norske byane, vedtok ein klimaplan i 2010. Nå er arbeidet med ein ny plan godt i gang, men fleirtalet satsar ikkje mot større reduksjon i klimagassane enn 40 prosent fram til 2030.

Bergen skal til samanlikning kvitte seg med 100 prosent av sine utslepp frå kol, olje og gass innan den tid. Oslo skal redusere med 95 prosent og Trondheim med 80 prosent, ifølge nyleg vedtatte kommunale klimaplanar.

– 40 prosent er nok

Det politiske fleirtalet i Kommunalstyret for miljø og utvikling i Stavanger, viser til at Stavanger ligg godt an når det gjeld klimautslepp.

Kannik-krysset i Stavanger med stor biltrafikk

Biltrafikken og klimagassutsleppet er høgt i Kannik-krysset i Stavanger sentrum.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Målt opp mot folketalet er utsleppet i Stavanger på nivå med Oslo, og det er om lag halvparten av utsleppa i Bergen og Trondheim, opplyser Ingebjørg Folgerø, (H), som er ein del av fleirtalet i Stavanger i denne saka.

Ingebjørg S. Folgerø, Stavanger Høyre

Ingebjørg S. Folgerø, (H), medlem av Kommunalstyret for miljø og utbygging i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dersom me legg måla så høgt at me ikkje på nokon måte kan gjennomføre dei, så blir dei ikkje gjennomførte. Og 40 prosent reduksjon innan 2030 er det same som nasjonale styresmakter legg opp til for heile Norge, seier Folgerø.

Dårlegare enn som så

Torfinn Ingeborgrud (MDG) godtar ikkje utan vidare at Stavanger legg seg på eit nasjonalt mål for klimagasskutt.

– For det første er utsleppet større i dei største byane enn elles i landet, seier han.

I tillegg minner han om at det nasjonale målet skal vurderast både i 2020 og i 2025, medan Stavanger berre skal vurdere utsleppsmålet i 2030.

Stavanger var den første norske byen som melde seg inn i ordføraravtalen, ein samanslutning av byar i Europa som ønskjer å vera betre enn nasjonane når det gjeld klima, fortel Ingeborgrud.

– Men i 2018 så har me altså eit politisk fleirtal som seier at me skal leggja lista så lågt som råd er, vesentleg lågare enn andre norske byar, og lågare enn dei nasjonale måla, seier han.

Mange parkerte bilar og ein bil som kjem i mot i Pedersgata i Stavanger

Pedersgata i Stavanger er prega av biltrafikk, men skal kanskje bli meir sykkelvenleg i løpet av året.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ennå ikkje vedtatt

Klima og miljøplanen i Stavanger kommune har vore behandla ein gong. Nå skal administrasjonen tilpassa saka til dei politiske føringane. Deretter skal planen på høyring før bystyret vedtar den.