Hopp til innhold

Meiner politiet oftare bør be om innlegging av alvorleg sjuke

Ein statleg kommisjon vil at politiet og helsevesenet skal bli vesentleg betre på å snakke saman om alvorleg psykisk sjuke personar – før dei vert valdelege.

Pål Iden

Pål Iden leiar kommisjonen som i dag la fram ein rapport om alvorlege valdshendingar gjort i offentlegheit av personar med alvorlege psykiske lidingar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Pål Iden leiar kommisjonen som i dag la fram ein rapport om alvorlege valdshendingar gjort i offentlegheit av personar med alvorlege psykiske lidingar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Økseangrep
Ein tysdag ettermiddag i februar 2019 vert ei kvinne angripe på ein gravlund.
Bjørg Marie Skeisvoll Hereid
67 år gamle Bjørg Marie Skeisvoll Hereid døydde av skadane ho fekk.
Åstedsundersøkelse
Drapsmannen var kronisk psykotisk, synte ein rapport skrive for retten.
Åstedsundersøkelse
Mannen hadde ei lang historie med vald og psykisk sjukdom.
Tinghuset i Haugesund
Han vart dømt til tvunge psykisk helsevern for øksedrapet.
Pål Iden
Ein ny rapport syner at tragedier som dette kan bli unngått om politiet og helsevesenet snakkar betre saman.

Fem personar døydde etter angrepet i Kongsberg. Ei kvinne vart i 2019 drepen i ei leilegheit i Trondheim. Ein 18-åring drap to unge menn og forsøkte drepe ein tredje.

Felles for alle sakene er at gjerningspersonane vart dømt til tvunge psykisk helsevern.

Ein ny rapport syner at ein kan senke risikoen for slike hendingar i framtida – om ein tek tak i det no. Men er det nok?

– Der er det mange ubesvarte spørsmål, seier sonen til drepne Bjørg Marie Skeisvoll Hereid.

Manglar heilskapen

– Grunna manglande heilskapsvurdering går ein glipp av å behandle pasientar når ein har ei gyllen moglegheit til det – før det går for langt og før det går gale, seier Pål Iden.

Han er direktør i Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstenesta, eller Ukom. Dei skal undersøke alvorlege hendingar i helsesektoren, analysere desse og kome med råd.

I dag kom dei med ein rapport om kva ein kan lære etter eit drap gjort i psykotisk tilstand.

Rapporten baserer seg på fleire hendingar der pasientar med alvorlege psykiske lidingar har drive alvorleg vald eller drap på offentleg stad. Dei har sett på fleire fellestrekk mellom hendingane.

Øksedrapet i Haugesund i 2019 vart vald som ei historie for å illustrere fleire ulike forhold i dagens system som kan bli betre.

– Hadde ein sett saman brikker kunne ein i alle fall ha arbeidd meir systematisk for å førebygge det som skjedde, seier Iden.

Meiner politiet bør bruke verktøya sine

Mannen som drap Bjørg Marie Skeisvoll Hereid på gravlunden i Haugesund var litt over eitt år tidlegare sikta for valdtekt og ran.

Mannen vart oppfatta som for sjuk til å sitje varetektsfengsla, so han vart lagt inn på sjukehuset i varetektssurrogat.

Grunna manglande bevis i straffesaka, vart personen slept ut att. Utan grunnlag i ei sikting frå politiet kunne ein ikkje halde mannen i varetektssurrogat.

– So personen slapp ut for det ikkje vart gjort noko skikkeleg vurdering av den psykiske helsa hans og faren for gjentekne valdshandlingar?

– Det vart ikkje gjort i det tilfellet, nei, svarar Iden.

Og det er her Ukom meiner både politiet og helsevesenet har eit ubrukt verktøy i verktøykassa si.

Dei meiner helsevesenet burde gjere vurderingar av risikoen for at pasientar kan utøve vald mot andre, særleg om dei har psykose og sit i varetektssurrogat.

Politiet har lov til å be om ei vurdering av ein person si psykiske helse sjølv om dei ikkje har rettsleg grunn til å halde dei i varetekt, men gjer det svært lite i dag, meiner Ukom.

– Det er for lite og for dårleg samarbeid mellom politiet og helsetenesta, seier Iden.

– Kommunen må involverast

– Dei bør inkludere kommunane, det bør ikkje berre vere politi og spesialisthelsetenesta, seier Lars Johan Skeisvoll Hereid.

Han mista mor si den februardagen i 2019 på gravlunden i Haugesund.

Han er svært oppteken av at kommunalhelsetenesta også må spele ei rolle, og saknar det i Ukom sin rapport.

– Ja, det kan godt hende at politiet kunne ha ynskja mannen innlagt, men kva skjer etterpå?, spør han.

Hereid meiner helsetenestene i kommunen gjerne kan vere med på å fylle ut biletet der korkje politiet eller spesialisthelsetenesta ved sjukehusa er til stades.

Han er glad for at det vert teke tak i problemet, men meiner det framleis står att ein del arbeid.

Lars Johan Skeisvoll Hereid

Lars Johan Skeisvoll Hereid mista mor si etter angrepet på gravlunden i Haugesund.

Foto: Louise Scharff Thommessen / NRK

Helsedirektoratet har onsdag ikkje høve til å svare NRK på kva dei vil gjere med råda gjevne av Ukom i rapporten.