Hopp til innhold

«Julie» ønskjer at mora blir lagt inn med tvang

Etter at terskelen for tvangsbruk vart heva, må politiet rykke ut på stadig fleire psykiatri-oppdrag.

"Julie"

ØNSKJER MEIR BEHANDLING: «Julie» ønskjer at mora skal få hjelp til å bli rusfri og få oppfølging i etterkant.

Foto: Line Hårklau

– No sist var ho inn og ut av psykiatrien sikkert fem gonger.

«Julie» er 20 år gammal og bur i ei bygd i Vestland. Mor hennar har vore rusmisbrukar og har hatt psykiske plager i årevis.

Etter å ha vore rusfri ein lenger periode, sprakk mora att tidlegare i år.

Ved fleire høve har ho blitt lagt inn på psykiatrisk avdeling – både frivillig og ved bruk av tvang.

Fleire gonger har ho sjølv skrive seg ut att.

– Eg ville helst at ho skulle bli låst inn. For hennar del, for familien sin del og for dei andre som bur her, seier dottera.

Truande oppførsel

No sit mora varetektsfengsla etter fleire episodar med truande oppførsel i nærmiljøet.

Dottera hadde helst sett at mora blei teken vare på av helsevesenet.

– Det er veldig frustrerande når eg ser at ho er sjuk og ho skulle vore innlagt. Ho er ikkje sjuk nok til å vere tvangsinnlagt, og ikkje frisk nok til å vere i fengsel. Ho passar ikkje inn nokon plass.

NRK har vore i kontakt med forsvararen til mora. Han forklarar på hennar vegner at ho ikkje ønskjer å uttale seg.

– Tvang nødvendig i somme tilfelle

I 2017 blei lova om psykisk helsevern endra slik at pasientar med såkalla samtykkekompetanse skal få større moglegheit til å seie nei til behandling.

Målet var å få ned tvangsbruken, men justeringa har vore omstridd og fylkeslege Helga Arianson i Vestland har åtvara om at lovendringa «kan koste liv».

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen, meiner lova bør vurderast på ny fordi «bruk av tvang i ein del saker er heilt nødvendig».

– Vi har ei rekke saker der vi kjem bort i personar som er for sjuke til å vere politiet sitt ansvar og for friske for psykiatrien. Det har ført til alvorlege hendingar, seier han.

Statistikk frå Politidirektoratet viser at talet på avslutta politioppdrag merka med «psykiatri» var 18.144 i 2016. Tre år seinare var talet oppdrag oppe i 22.091 (2019).

Dobling i Vest politidistrikt

Helge Stave er leiar for Felles eining for etterforsking og etterretning i Vest politidistrikt. Han seier dei ser ei dobling i talet psykiatrioppdrag frå 2017 og fram til i år.

Dei ser også ein auke i det som blir kalla «gjengangarproblematikk».

– Vi har personar vi gjerne handterer hundre gongar i løpet av eit kalenderår, fortel han.

Stave seier dei ser auken i samanheng med lovendringa i 2017.

– Bør ein sjå på lova på ny?

– Vi må i alle fall starte med å sjå veldig grundig på endringane og på praktiseringa rundt regelverket. Det er vår rolle å ta opp debatten når vi ser desse endringane, seier Stave.

Lensmann Helge Stave

DOBLING: Vest politidistrikt har hatt ei dobling i talet psykiatrioppdrag sidan 2017, fortel einingsleiar Helge Stave.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Vil evaluere

Senterpartiet la i tidlegare i haust fram eit representantforslag for Stortinget der dei ber om at lovendringa blir evaluert.

Helse- og omsorgsdepartementet har forsvart endringa.

– Lovendringa i 2017 var eit viktig verkemiddel for riktigare bruk av tvang og betre rettstryggleik for den enkelte pasient, har statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) tidlegare uttalt til NRK.

Får dårlegare hjelp

Helseføretaket der mor til «Julie» har fått behandling, viser til at det «rett som det er» skjer at pasientar trekkjer seg frå behandlinga, sjølv om helsepersonell meiner vidare behandling ville vere føremålstenleg.

Rettspsykiater Randi Rosenqvist meiner dei sjukaste pasientane har fått eit dårlegare tilbod.

Ho viser til at talet sjukehussenger i psykiatrien vorte redusert til om lag ein tredel i løpet av dei siste 30 åra.

– Det må vere aldeles fortvilande å vere ansvarleg i kommunen og ha ansvar for folk som ikkje kan ta vare på seg sjølve. Dette er folk som ofte er delvis rusa, aggressive og negative, seier ho.

Randi Rosenqvist

HAR FÅTT DÅRLEGARE HJELP: Dei dårlegaste pasientane har fått dårlegare hjelp dei siste tiåra, seier psykiater Randi Rosenqvist.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Mykje ansvar

20-åringen jobbar, er glad i å trene og har lyst til å studere.

– Eg har fått mykje ansvar, og det er ikkje som det skal vere. Det er ikkje rett at barna skal ta ansvar for foreldra sine, seier ho

No bur ho hos eit familiemedlem. Håpet hennar er at mora skal få hjelp til å bli rusfri og få oppfølging slik at ho kan halde seg vekke frå rusen.

– Alt blir lettare for meg og familien når ho får den hjelpa ho treng.

"Julie"

IKKJE RETT: – Eg har fått mykje ansvar, og det er ikkje som det skal vere. Det er ikkje rett at barna skal ta ansvar for foreldra sine, seier ho.

Foto: Line Hårklau