– Eg trur dette er bra både for folk og for verksemdene. Det vert meir miljøvenlege reiser og mindre forureining der folk er, seier Fredrik Fjellså.
Måndag morgon trilla sju kvite elbilar med Kolumbus-logo rundt i Stavanger. Dei er ein del av kollektivselskapet si siste satsing – bildeling.
Snart skal bilparken romme 100 elektriske køyretøy Fjellså og selskapet hans kan dra nytte av.
- Les også:
– Valfridom er viktig
– Vi har jo både sykkel og tog og båt og buss, men vi treng bildeling so folk kan velje produkta dei vil ha, seier Odd Aksland.
Han er direktør i Kolumbus, og ser med glede på at dei første bilane no er tilgjengelege gjennom deira app.
– Alle våre produkt er der for å halde nede den private bruken av bil, seier Aksland.
For bildelinga skal vere ein stor del av nullvisjonen for norske byar – at ein ikkje skal ha vekst i biltrafikken, men heller få denne i kollektivtransport, gonge og sykkel.
Samarbeidsprosjekt for Ruter
Kolumbus er ein mobilitetsleverandør, heileigd av Rogaland fylkeskommune.
Dei har om lag dei same oppgåvene som Ruter i Oslo og Viken. Ruter er òg
– Ruter er med i eit samarbeidsprosjekt kor bildeling er ein av mobilitetstenestene. Men det er ikkje vi som eig bilane, seier pressevakt i Ruter, Knut Martin Løken.
Dei tilbyr i sjølv ingen bildelingsordning, men peikar likevel på at dei følger med på marknaden.
– Kolumbus er framoverlente, og vi gler oss til å følge resultata frå Stavanger, seier han.
- Les også:
Raude tal i Oslo
Å samanlikne Kolumbus og Vy, blir ikkje heilt rett.
Men Vy, eller eigentleg NSB, lanserte Din Bybil i 2019. 250 elbilar selskapet leasa vart tilgjengelege over heile byen for ein rimeleg penge sett opp mot vanlege leigebilar.
I dag heiter tenesta Vybil.
Trass i at løysinga har hatt effekten Vy ynskja – det har blitt 500 færre personbilar i byen – har det ikkje gått so bra økonomisk.
I løpet av 2019 og 2020 gjekk Vybil 55 millionar kroner i raudt.
– Ei slik teneste treng tid for å feste seg som organisasjon og teneste. Vi var tidlege i Noreg. I tillegg fekk me ein pandemi, som endra mykje av reisemønsteret til folk. Eg har stor tru på at dette vil løyse seg, meiner dagleg leiar i Vybil As, Kai Roger Kristoffersen.
Ingen utgift for Kolumbus
Men den smellen skal ikkje Kolumbus gå på, seier selskapet. Dei satsar for det første på at det ikkje kjem ein ny pandemi, men dei har og spart ein stor utgiftspost:
– Vi eig jo ikkje bilane sjølv, seier Aksland.
For Kolumbus si løysing er at ein gjennom deira app kan sjå kvar der er ledige bilar. So sender dei brukaren vidare til dei som faktisk leier ut bilane: Move About.
– Vi har jo ikkje noko utgifter med det. Dei som leiger ut kan dette og har synt seg å tene pengar. Dette skal vere berekraftig, også økonomisk, seier Aksland.
Fredrik Fjellså er dagleg leiar i Capix AS, eit lite firma som driv med filmproduksjon. Med Kolumbus sitt nye tilbod, kan firmaet bruke pengane dei ville ha brukt på bil, på å vekse i staden.
– For oss som er eit relativt ungt selskap er det ein stor fordel å kunne leige bilar nett når vi treng dei i staden for å måtte kjøpe bilar sjølv, seier han.